Ansvarlig for nettsidene: Norsk lokalhistorisk institutt
     Du er her: Hovedsiden > Andre land > Danmark
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

LOCAL HISTORY
WORLD WIDE

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Danmark

Som sitt søsterinstitutt i Danmark har NLI rekna Lokalhistorisk Afdeling, inntil år 2000, da avdelinga vart nedlagt. Avdelinga var ein del av Institut for Historie ved Universitetet i København, men med kontorplass ved Landsarkivet for Sjælland. Frå ho var oppretta i 1970 til nedlegginga var Lokalhistorisk Afdeling leia av Knud Prange. Sjå meir om avdelinga i Kringsjå 36.

Historielag og andre lokalhistorisk interesserte er organiserte i Dansk Lokalhistorisk Forening (DLF). Saman med Sammenslutningen af Lokalarkiver (SLA) gjev DLF ut Journalen. Lokal- og kulturhistorisk tidsskrift, som kjem ut fire gonger i året.
Dansk Historisk Fællesråd (DHF), som består av ei rekkje organisasjonar og institusjonar innan historie og kulturvern, gjev ut tidsskriftet Fortid og Nutid. Tidsskrift for kulturhistorie og lokalhistorie. Det har kome ut sidan 1914, og blir utgjeve kvartalsvis.

Litteratur

Pedersen, Erik Helmer: "Den lokale danmarkshistorie - en arkivsag?" i Fortid og Nutid, september 2001, side 207-226.

Prange, Knud: Rapport frå Danmark under emnet Lokalhistorien i Norden - organisasjon og aktuelle oppgaver, i Nordens nære fortid. Lokalsamfundene i de seneste 100 år, utg. Lokalhistorisk afdeling, Kbh. 1979. (Nordisk seminar i lokalhistorie, rapport nr. 1)

Lenker

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

 

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no