|
|
|
| Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektshistorie Kulturvern
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt |
FinlandDet tidlegare Lokalhistoriska byrån i Finland (Paikallishistoriallinen Toimisto), skipa i 1933, har nyleg skifta namn til Beställningshistoriskcentralen (Tilaushistoriakeskus). Det held som før til i det finske riksarkivet. Som NLI i Noreg har det hatt som ei hovudoppgåve å gje fagleg råd og rettleiing ved utarbeiding av lokalhistoriske bokverk. Institusjonen har eit styre med representantar for organisasjonar og institusjonar innan historie og kulturvern. Beställningshistoriskcentralen er samarbeidspartanar frå Finlands side i det nordiske lokalhistoriske seminarsamarbeidet. Lokalhistorisk aktivitet inngår som del av verksemda til dei to ulike heimbygdssamskipnadene (hembygdsförbund) i Finland. Det største er det finskspråkleg baserte Suomen kotiseutuliitto. Det andre er Finlands svenska hembygdsförbund. LitteraturTommila, Päiviö: Rapport frå Finland under emnet Lokalhistorien i Norden - organisasjon og aktuelle oppgaver, i Nordens nære fortid. Lokalsamfundene i de seneste 100 år, utg. Lokalhistorisk afdeling, Kbh. 1979. (Nordisk seminar i lokalhistorie, rapport nr. 1) Villstrand, Nils Erik: "Lokalhistoria som den är och kunde vara", i Heimen nr. 2, 1992. |
|
|
|
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no |