|
|
|
|
| Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektshistorie Kulturvern
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt |
Kva er ei bygdebok?Nemninga bygdebok blir i dag mest brukt om dei to sjangrane gards- og slektshistorie og generell bygdehistorie. I visse samanhengar inkluderer omgrepet i tillegg også byhistorie og jamvel distrikts-/regionshistorie, når ein treng ei fellesnemning for historiebøker som er skrivne om og for bestemte lokalsamfunn eller distrikt. I vår sjangerinndeling utgjer ikkje "bygdebok" nokon eigen kategori. I staden finn vi grunn til å skilje ut gards- og slektshistorie som ein eigen sjanger, og så samle "allmennsogene" i ein sjanger for seg med underkategoriar for høvesvis bygdehistorie, byhistorie og regionshistorie.
HeimstadlæreTradisjonelt har "bygdebok" tydd bokverk - gjerne i mange band - som i tillegg til gards-, slekts- og allmennhistorisk stoff også inneheld utgreiingar om til dømes geologien i området, flora og fauna, målføre, stadnamn, folkeminne og andre emne knytte til bygda. Ambisjonen har vore å samle heimstadlæra i mest mogleg uttømande og helst litt monumental form.
HistorikkDenne typen historieskriving vart for alvor etablert frå byrjinga av 1900-talet, i eit nært samarbeid mellom faghistorikarar som Oscar Albert Johnsen, Yngvar Nielsen og Edv. Bull d.e. på den eine sida, og dyktige amatørar som Lorens Berg, Ivar Kleiven og Jacob Aaland på den andre. I 1906 vart det på initiativ av Den norske historiske forening utarbeidd ein storstila plan for bygdebokarbeid, som la mønster for ei systematisk utarbeiding av både gards- og slektshistorie, by-, bygde- og regionshistorie. I dei følgjande åra vart det arrangert ei rekkje kurs, og rettleiingslitteratur vart utgjeve. Viktige døme er Lorens Bergs "Arbeidsveiledning i lokalhistoriske undersøkelser" (1914) og Edv. Bull d.e. sitt foredrag "Bygdehistoriens oppgaver". Det siste vart framført på bygdehistoriske kurs i Bergen 1918, Hamar og Kristiansand 1919, og seinare trykt fleire stader. Frå 1922 fekk lokalhistoria eit fagleg forum i tidsskriftet Heimen, som vart utgjeve av Landslaget for bygde- og byhistorie, skipa to år tidlegare. Ei av hovudoppgåvene for både organisasjonen og tidsskriftet var nettopp å fremje arbeidet med gode bygdebøker. Organisasjonen endra i 1982 namn til Landslaget for lokalhistorie. På Landslagets initiativ oppretta Stortinget i 1955 Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), eit statleg organ som på permanent basis kunne halde fram det faglege rettleiingsarbeidet innan den bygde-, by- og regionshistoriske verksemda.
"Bybøker"?Omgrepet bybok vart tidleg forsøkt innført som ein parallell til bygdeboka. I Lorens Bergs "Arbeidsveiledning..." frå 1914 er det eigne avsnitt som omhandlar "bybøker". Og første band av Tønsbergs historie var t.d. utgjeve av "Tønsberg bybokkomité" (1928). Trass dette synest "bybok" ikkje å ha slått gjennom som eiga sjangernemning, men ein ser stundom omgrepet innbaka i samlenemninga "by- og bygdebøker". |
|
Relaterte databaser:> Pågående
bygdebokarbeid Relaterte oppslag:Litteratur:>
historiografi |
|
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no |