TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

|
 |
Bokprosjektering
NB! Ein del av spørsmåla nedanfor får du ikkje svar
på her enno. Når vi har late dei stå, er det for å
vise kva vi så langt har planar om å la rettleiinga gå
ut på.
Du vil lett sjå kva du ikkje kan klikke deg til svar på. Under
nokre få spørsmål som du kan klikke på, vil du
dessutan førebels finne lite anna enn lenker til andre nettstader.
KVA SLAGS BOK VIL VI HA?
Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko
anna?
Kor mange band gards- og slektshistorie?
Gard og slekt fram til dags dato?
Generell historie - kva omfang skal den ha og
kva tidsrom skal dekkjast?
ORGANISERING OG ØKONOMI
Kven skal stå for utgjevinga?
Korleis kjem ein i gang?
Kva skal eit forprosjekt innehalde?
Kven skal sitje i boknemnda og kva oppgåver har ho?
Kor lang tid tek det å skrive bygdebok?
Korleis ser eit bygdebokbudsjett ut?
Skal det svarast moms av bygdebøker?
OPPHAVSRETT OG UTGJEVARANSVAR
Kven har opphavsretten til bygdeboka?
Kva reglar gjeld for gjengiving av illustrasjonar, sitat osv.?
Kva ligg i avleveringsplikta?
Kva er ISBN-nummer, og kva skal elles stå på
tittel- og kolofonside?
FORFATTAR(AR) OG MEDHJELPARAR
Kven skal vere forfattar, og kva er rimeleg løn?
Kva skal kontrakten innehalde? [lenker til
kontraktforslag]
Kva er god arbeidsfordeling mellom boknemnd,
forfattar, redaktør og biletredaktør?
Kan noko gjerast på dugnadsbasis?
PRODUKSJON OG MARKNADSFØRING
Korleis skal boka illustrerast? (Kart, fotos, grafiske framstillingar...)
Kva trykkeri/bokprodusent skal vi velje, og kva kostar dette?
Bok, CD, Internett?
Kor stort opplag skal ein satse på?
Korleis skal ein få selt boka?
KVA SLAGS BOK VIL VI HA?
Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller
noko anna? [ opp ]
Kva finst frå før?
Eit naturleg utgangspunkt er å føreta ei kritisk vurdering
av den lokalhistoriske litteraturen som allereie finst om staden, både
kva gjeld omfang og kvalitet. Er det t.d. tidlegare utgjeve gards- og
slektshistorie og/eller allmennsoge for kommunen?
Om det allereie er ei gards- og slektshistorie, bør ein spørje
seg: Er heile bygda dekt? Er det grupper av folk og heimar som ikkje er
komne med? Kor nær opp mot vår tid går boka? Kor nøyaktige
og pålitelege er opplysningane om heimar og personar der?
Om det finst ei eldre generell historie, bør ein sjå nøyare
etter både kva som er med og kva som er utelate, både med
omsyn til historiske epokar og emneval innanfor dei tidsromma som er behandla.
Er tematikk og synsvinklar kanskje sterkt prega av si tid? Er det openberre
sosiale skeivleikar? Er framstillinga sterkt mannsdominert? Kanskje dreiar
historia seg mest berre om kyrkje, skule og kommunestyre?
Kva sjanger skal ein prioritere?
Spesielt når bygde- by- eller regionshistoria skal utgjevast i offentleg
regi, vil det vere viktig med eit gjennomdrøfta og medvite val
av sjanger og innhald. Kva type lokalhistorie som blir prioritert, kan
nemleg gje viktige kulturpolitiske signal til lokalbefolkninga og omverda.
Anten det er tilsikta eller ikkje frå forfattars og utgjevars side,
vil den lokalhistoriske litteraturen gjere sitt til å gje bygda,
byen eller regionen profil og identitet. Og kva slags "image"
ein stad bør ha, kan det som kjent rå ulike meiningar om.
Viktige typar av spørsmål som kan reisast i denne samanhengen,
er til dømes:
- Skal ein storkommune som inkluderer ein by, finansiere ei historie
om sjølve byen, om heile kommunen eller kanskje separate bygdehistorier
frå dei tidlegare sjølvstendige landkommunane?
- Vil val av gards- og slektshistorie gje ein slags forrang til bondekulturen?
- Vil på den andre sida sektorhistorier om industrialisering
eller sjøfart og fiske i ei bygd gje signal om at bondekulturen
blir sett som relativt mindre viktig?
- Vil sterk vekt på etnisk historie bere bod om at minoritetskulturar
har vore neglisjert og undertrykt, og at dei nå bør få
sin rettmessige plass?
- osv., osv....
For bygdene har valet som oftast stått mellom
gards- og slektshistorie og generell
bygdehistorie. Den førstnemnde sjangeren er så vidt særmerkt,
og har vore så omdiskutert, at den synest å krevje ei særskild grunngjeving
utover det generelt positive i å tilby folk auka kunnskap om fortida.
Derfor har vi nedanfor samla nokre vanlege argument for og mot å
velje gards- og slektshistorie.
For:
Gards- og slektshistorie er ein etterspurd sjanger, og er ofte lettare
å selje enn allmennsoge.
Særleg slektsgranskarar har stor hjelp i gode gards- og slektshistoriebøker.
Slike bøker utgjer store samlingar av fakta av ymse slag, til stor
nytte for oppslag også for mange andre formål enn slektsgransking, t.d.
innan demografisk og sosialhistorisk forsking.
Arbeidet med gards- og slektshistorie er eit stort, viktig og mobiliserande
kulturverntiltak.
Konkret kunnskap om garden, heimen, slekta gjev heimstadkjensle og identitet.
Det stimulerer til vidare historisk interesse å lese om bustader og
menneske som ein føler personleg tilknyting til.
Mot:
Trass nyare forsøk på å få med alle typar heimar og sosiale grupper,
favoriserer sjangeren dei familiane som påviseleg har hatt tilknyting
til vedkomande lokalsamfunn gjennom fleire generasjonar, og særleg
dei som høyrer til på gardane i bygda.
Utover innsamlinga av einskildfakta har sjangeren mindre faghistorisk
verdi, fordi den ikkje inviterer til årsaksforklaringar og forståing av
større samanhengar.
Samling og publisering av opplysningar om einskildpersonar, særleg frå
nyaste tid, kan krenke privatlivets fred.
Det har ofte vist seg vanskeleg å halde slike verk innan rimelege rammer
for omfang, kostnader og tidsbruk.
Kor mange band gards- og slektshistorie? [ opp
]
Dette spørsmålet kan gjerast meir handterleg ved å
spørje seg kor mange sider som skal avsetjast pr. gardsnummer.
Så blir det å gange dette med talet på gardsnummer som
kommunen/området består av, for å finne ut kor mange
band det er naturleg å fordele stoffet på.
I gards- og slektshistoriebøker utgjevne i 1990-åra låg
gjennomsnittet på litt i overkant av 30 sider pr. gardsnummer.
Men talet varierer sterkt frå bygdebok til bygdebok. To ytterdøme,
som båe er fagleg solide og utgjevne i seinare år, kan vise
spennvidda:
- Hyllestad (Sogn og Fjordane): 10 sider pr. gardsnummer. Verket utgjer
to band på til saman 1066 sider, og omhandlar i alt 104 gardsnummer.
- Valle i Setesdal (Aust-Agder): nær 70 sider pr. gardsnummer.
Verket utgjer seks band på til saman 3500 sider, og omfattar 51
gardsnummer.
Ein minimumsfaktor som må takast inn i kalkylen,
er bruksdelingsgraden, eller rettare sagt kor mange heimar som må
omtalast under kvart gardsnummer. I praksis vil det som oftast gje svært
stort utslag kor vidt ein vel å føre fram gards- og slektshistoria
til dags dato, og kor vidt ein bestemmer seg for å omtale alle heimar
og familiar for seg, også på nye tettstader, bustadfelt osv.
Ein mykje meir tøyeleg faktor er kor fyldig omtale
ein skal gje kvar einskild heim, familie og person. Dersom ein nøyer seg
med å presentere i tilnærma telegramstil og i rubrikkform harde
fakta frå dei mest sentrale kjeldene, kan det gjerast på ganske få sider
for kvart gardsnummer/ bruk/ heim. Dersom ein derimot vel å leggje an
ein meir forteljande stil og gje kjøt og blod til historia om dei menneska
og bustadene ein tek føre seg, finst det knapt grenser for kor mykje stofftilfang
ein kan finne.
Gard og slekt fram til dags dato? [ opp
]
Det er fleire ting som talar for at historia om heimane og familiane
bør førast fram til dags dato:
- Oppslagsfunksjonen for slektsgransking og andre føremål
blir vesentleg betre.
- Bygdeboka blir meir relevant også for dei familiane som ikkje
har budd så lenge i bygda, og for dei som bur i heimar av relativt
ny dato.
Men det kan også reisast rimelege innvendingar, først og
fremst følgjande:
- Datamengda blir for stor til å kunne handterast forsvarleg innafor
dei økonomiske rammene ein må operere innanfor.
- Dess nærare vår tid, dess større er sjansane for
at nokon skal føle at publiseringa av personlege data blir for
nærgåande, jamvel krenkande.
Når skal ein så i tilfelle setje alternativ sluttstrek?
- Ein generasjon attende i tid (ca. 30 år)?
Dermed unngår ein t.d. å måtte bale med "uetablerte"
familietilhøve som kan endre seg i løpet av produksjonstida
for bygdeboka.
- Ved grensa for fritt tilgjenge til personalhistoriske kjelder
i arkiva?
Det gjeld mellom anna folketeljingar, kyrkje-og klokkarbøker,
som er sperra for innsyn i høvesvis 100, 80 og 60 år. Valet
av eit slikt slutttidspunkt har arbeidssparande fordelar, og personvernomsyna
blir også mykje lettare å takle.
- Tidspunkt for store endringar i det lokale busetjingsmønsteret?
Det kan vere tettstaddanning, etablering av store bustadfelt
og ekstra stor innflytting. Ei slik grense vil vere svært arbeidssparande.
I alle desse tilfella oppstår spørsmålet om korleis
ein skal behandle data for personar som har levd både før
og etter at sluttstreken er sett i bygdeboka. Eit par rettesnorer kan
vere:
- Ein nemner alle personar som budde i bygda før sluttidspunktet,
og tek med alle relevante opplysningar om dei, også livshendingar
som skjedde etter sluttidspunktet.
- Ein tek med alle barn i parforhold som var etablerte innan sluttidspunktet,
sjølv om eit eller fleire av borna er fødde etter den
tid.
Generell historie - kva omfang skal den ha
og kva tidsrom skal dekkjast? [ opp ]
Like så lite som for historieskriving generelt kan ein for lokalhistoria
gje allmenngyldige reglar for korleis ein best skal dele inn historia
i periodar, eller kor grundig og omfattande framstillinga skal vere. Det
må vere forfattaren (med evt. fagleg støtteapparat) som nærare
bestemmer periodisering og prioritering av stoff og tilnærmingsmåtar
innan dei rammene som oppdragsgjevaren har sett.
Desse rammene gjeld først og fremst
- kva historiske tidsrom ein vil at bygdebokverket skal dekkje.
(NB! Her kan spørsmål om kulturpolitiske signal dukke opp
på tilsvarande vis som ved val av sjanger.
Skal den nære fortid behandlast, t.d. med alle dei konflikter
som framleis levande aktørar har vore involverte i? Kor ømtåleg
er okkupasjonshistoria i bygda?... osv.)
- kor stort omfang verket skal ha (kor mange band? Sidetal? )
- kva økonomiske og arbeidsmessige vilkår ein kan tilby
forfattaren/forfattarane
Nedanfor følgjer nokre døme som kan vise variasjonsbreidda i
periodisering og omfang av allmenne bygde- og byhistorieverk. Alle gjeld
verk som held godt fagleg mål.
- Asker og Bærum (Akershus), 3 band
- 1 fellesband frå dei eldste tider til 1840 (415 sider)
- 1 band for kvar av bygdene 1840-1980 (382 og 403 sider)
- Oslo, 5 band
1) ca 1000-1536 (475 sider)
2) 1536-1814 (492 sider)
3) 1814-1900 (560 sider)
4) 1900-1948 (531 sider)
5) 1948-ca 1990 (512 sider)
- Gausdal (Oppland), 6 band:
1) Istid til år 1000 (135 sider)
2) 1000-1530 (200 sider)
3) 1530-1830 (220 sider)
4) 1830-1914 (234 sider)
5) 1914-1980 (291 sider)
6) Arkeologiske undersøkingar, 191 sider)
- Feda (Vest-Agder), 1 band:
- Frå dei eldste tider til 1963 (534 sider)
- Karlsøy (Troms), 4 band:
1) Steinalder-1700 (562 sider)
2) 1700-1860 (592 sider)
3) 1860-1925 (656 sider)
4) 1925-1985 (330 sider)
- Vardø (Finnmark)
1850-1950 (2 band, 271 + 286 sider)
Du kan sjølv leite opp fleire døme ved å slå opp i våre bibliografiar,
jf. også oversyn over
pågående bygdebokarbeid.
ORGANISERING OG ØKONOMI
[ opp ]
Kven skal stå for utgjevinga? [ opp
]
Kommunen?
I Noreg er det som oftast kommunane som organiserer og finansierer større
lokalhistoriske bokverk. Initiativet kjem gjerne frå det lokale historielaget
eller andre private entusiastar, kanskje i nær kontakt med den kommunale
kulturetaten som ser dette som eit kulturtiltak som er verd ei politisk
prøving.
Historielaget?
I nokre få tilfelle har historielag mobilisert ressursar nok til å ta
utgjevaransvar for store prosjekt. Aktuelle døme er Ringsaker i Hedmark
og Hurum i Buskerud.
Forlag?
Det har også vore utgjeve slike bokverk på kommersielle forlag, slik som
Asker og Bærum i 1980-åra, dei store byhistoriene (Bergen, Oslo, Trondheim
og Tromsø) i 1980- og -90-åra. Men i desse tilfella har det likevel
vore kommunane som har lønna forfattarane.
Bygdebok som stifting?
Ein aktuell måte å organisere utgjevaransvaret på er å skipe til
ei stifting med eit tilstrekkeleg grunnfond, gjerne med kommunen som ein
tung deltakar. Døme på slike er Inderøy (Nord-Trøndelag), Sula
(Møre og Romsdal) og Strilesoga (deltaking frå involverte kommunar i Nord-
og Midhordland og frå Hordaland fylke). Stiftingar er regulert etter Lov
om stiftelser av 15.06.2001 nr. 59. Nærare opplysningar om stiftingar
som organisasjonsform kan ein få i Samfunnsboka.
Jf. elles Arnfinn Kjellands artikkel Heim
og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie?
Korleis kjem ein i gang? [ opp
]
I dømet nedanfor har vi gått ut frå at det er kommunen
som er utgjevar, men mykje av framgangsmåten blir tilsvarande for
andre utgjevarar. Ein føremålstenleg saksgang kan da vere
om lag slik:
- Initiativtakaren (historielaget? kulturetaten?...) lagar eit grunngjeve
forslag til kommunestyret. Det bør innehalde framlegg til
sjanger, omtrentleg omfang
og periode for bygdeboka.
- Kommunen fattar intensjonsvedtak og oppnemner ei boknemnd.
Det vil vere ein føremon om det blir løyvd midlar til
eit forprosjekt på t.d. 1-2 månadsverk.
- Nærare plan for arbeidet blir utarbeidd, anten av boknemnda,
eller evt. som forprosjekt.
Eit slikt forprosjekt kan gjennomførast av ein kompetent enkeltperson
(historikar/ bygdebokforfattar?) eller ei arbeidsgruppe som inkluderer
ein slik fagperson. Det bør avklarast på førehand
om vedkomande fagperson er interessert i, evt. om han/ho skal ha fortrinnsrett
til å ta på seg sjølve bygdebokarbeidet.
- Kommunen fattar vedtak på grunnlag av framlagd plan eller forprosjektrapport.
Boknemnda held fram som prosjektleiar i samsvar med sitt mandat.
Kva skal eit forprosjekt innehalde? [ opp
]
Ein forprosjektrapport bør innehalde minst følgjande moment:
- Forslag til evt. inndeling i enkeltband.
- For generell historie: kronologisk inndeling, evt. fordeling av
enkeltartiklar.
- For gards- og slektshistorie: geografisk inndeling.
- Disposisjon.
- For generell historie: dersom påtenkt forfattar er med på
forprosjektet, bør ein forvente ein godt gjennomarbeidd disposisjon.
I motsett fall blir dette punktet meir identisk med pkt. 1 ovanfor.
- For gards- og slektshistorie: ei skisse til oppsett for eit gardsnummer.
Kor gjennomarbeidd og fastlåst dette mønsteret skal vere,
må også gjerast avhengig av om påtenkt forfattar
er involvert eller ikkje.
- Litteratur- og kjeldeplan.
- A. Oversyn over:
- Føreliggjande litteratur om området
(derunder aviser og artikkelstoff).
- Arkivmateriale i offentlege institusjonar og
hjå private.
Lokal dekningsgrad i viktige kjeldeseriar bør konstaterast.
Kor mykje er evt. registrert, avskrive, elektronisk behandla?
- Kulturminne (faste kulturminne og gjenstandsmateriale).
Føreliggjande registreringsrapportar/katalogar frå
museum og andre instansar etc. bør innhentast.
- Biletsamlingar.
- Kartmateriale.
- Andre registreringar og samlingar (stadnamn, tradisjonsmateriale
m.m.)
Desse oppslaga på lokalhistorie.no kan vere til nytte i dette
arbeidet:
- Oversyn over kulturvernsektoren
- NLI si rettleiande
kjeldeliste
- NLI
sitt oversyn over institusjonar og nettstader til hjelp for lokalhistorikarar
- B. Innsamlingsstrategi.
Forslag til kopiering, registrering og innsamling, med særleg
vekt på slikt som kan gjerast uavhengig av forfattar. (Jf. punktet
om dugnadsoppgåver.)
- Tekniske hjelpemiddel. IT-verktøy
Behovet for datamaskinelt utstyr (PC, skanner...), leseapparat (for
mikrofilm og -kort), opptaksutstyr til intervjuing m.m. bør vurderast.
Særleg med omsyn til gards- og slektshistorie bør forprosjektet
tilrå val av programvare for elektronisk databehandling.
- lllustrasjonsplan.
- Utgreiing om kva typar kart, skisser, diagram, og andre "tekniske"
illustrasjonar som trengst, og korleis slikt kan skaffast til vegar.
- Vurdering av behovet for illustrasjonsteikningar elles og ny fotografering
(jf. fotosamlingar under kjeldeplanen ovanfor).
NB! Det faktiske utvalet av illustrasjonar må kome undervegs
i sjølve bygdebokarbeidet, evt. under leiing av ein biletredaktør.
- Forfattar og medhjelparar.
Forprosjektet bør uttale seg om ønskelege kvalifikasjonar
hjå forfattar(ar) til dei einskilde delar av verket, og om behovet
for medhjelparar og faglege konsulenttenester.
- Finansieringsplan og budsjett.
Forprosjektet må utarbeide ein mest mogleg realistisk finansieringsplan
(offentlege fullfinansiering? sponsorar?...) og setje opp budsjettforslag.
- Framdriftsplan og prosjektorganisering.
- Stipulere samla tidsbruk for prosjektet
og setje opp ein plan med delmål undervegs.
- Fastsetje arbeidsfordeling og ansvarsforhold
mellom boknemnd, forfattar(ar), redaktør, biletredaktør.
- Fastsetje rapporteringsrutinar.
- Marknadsføring.
Framlegg til distribusjons- og salsstrategi.
Om forprosjekt spesielt for gards- og slektshistorie, viser vi til Arnfinn Kjellands forprosjektrapportar (pdf) for Busetnadssoga for Stryn (2004) og ajourføring av Herøyboka (2006), samt kommentarar til og kalkyler over dei viktigaste arbeidsoperasjonane i samband med Busetnadssoga for Haram (2006) og Busetnadssoga for Stryn (2007). Sjå også Kjellands artikkel
Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie? (2001).
Kven skal sitje i boknemnda og kva oppgåver har
ho? [ opp ]
Boknemnda skal fungere som ei effektiv planleggings- og styringsgruppe
for prosjektet. Da bør ho ikkje vere for stor. Kanskje kan det greie seg
med 4-5 personar.
Dei som sit i bygdeboknemnda bør til saman dekke iallfall følgjande
meir eller mindre obligatoriske kvalifikasjonar og eigenskapar:
- (For kommunale prosjekt:): Politisk/administrativt ansvar, dvs. ein
kommunal representant, t.d. frå kulturetaten.
- Kompetanse på økonomistyring og prosjektleiing.
- Lokalkunnskap og god kontakt med historielag og andre interesserte
lokale miljø.
- (Lokal)historisk fagkunnskap.
- Innsikt i formidling, derunder språk og framstillingsform.
- Innsikt i bokproduksjon
Dei tre første punkta er nærast å sjå som ufråvikelege
krav. Punkt 4-6 er sterkt ønskjelege, men den kompetansen kan ofte
med gode resultat skaffast som konsulenthjelp utanfrå: NLI, norsklærarar,
journalistar, faghistorikarar ved universitet og høgskolar, grafiske verksemder
osv.
To eller fleire av dei seks punkta vil naturleg kunne vere representert
i ein og same person, til dømes nr 1 og 2. Det er nokså vanleg at ein
representant for kulturetaten i kommunen fungerer som sekretær for nemnda.
Somme stader har ein vilja sikre politisk ryggdekning ved å ha med politisk
oppnemnde medlemmer. Faren er da at nemnda kan bli tungrodd. Dei politiske
overvegingane bør kanskje heller overlatast til kulturetaten og i siste
instans kommunestyret.
Kva skal så boknemnda konkret ha til oppgåver? Det vil vere noko avhengig
av kor vidt det føreligg forprosjekt, og kva som er avklara i og
med det. NLI har utforma eit forslag til instruks, som innber at boknemnda
får ansvaret for ein del planleggingsoppgåver som elles kan
inngå i forprosjektet:
Instruks for bygdeboknemnd
- Boknemnda skal utarbeide faglig og økonomisk plan for bokverket, inkludert
framdriftsplan.
- I samarbeid med kulturetaten i kommunen skal nemnda forestå utlysning
av forfatteroppdraget og skal avgi innstilling om søkerne.
- Nemnda skal i samråd med kulturetaten og i dialog med den forfatteren
man vil engasjere utarbeide skriftlig kontrakt for oppdraget.
- Nemnda skal holde kontakt med forfatteren gjennom regelmessige møter,
skal bistå ham/henne i arbeidet på de måter man blir enige om, lese
alle manuskripter som legges fram og avgi uttalelser om dem, eventuelt
utpeke også andre konsulenter.
- Nemnda skal årlig - innen en viss dato, tilpasset budsjettrutinene
i kommunen - legge fram for kommunen regnskap og arbeidsrapport, sammen
med budsjettforslag og arbeidsplan for neste budsjettperiode.
- Nemnda skal administrere kontakten med trykkeri, ha det endelige ansvaret
fra oppdragssiden for bokutforming og trykningsspesifikasjoner, og skal
fastsette opplaget.
- Nemnda skal planlegge og gjennomføre et adekvat markedsførings- og
salgsopplegg for boka eller bokverket.
- Nemnda har ansvaret for at kildemateriale som
er anskaffet for bygdebokprosjektets regning blir tatt vare på og gjort
tilgjengelig for lokale brukere når bygdebokarbeidet er fullført.
Kor lang tid tek det å skrive bygdebok? [ opp
]
Gards- og slektshistorie
For bygdeboknemnder heilt i startfasen har NLI brukt ein tommelfingerregel
på tre år pr. band. Det har da samstundes vore understreka
at ein alltid må rekne med monaleg lengre tidsbruk på det
første (evt. det einaste) bandet. Ein må nemleg gjere mykje
av kjeldearbeidet (t.d. registrering av kyrkjebøkene) på
ein gong for heile bygda. Det gjeld mellom anna for å få med
dei mange nødvendige krysstilvisingane til heimar og personar som
først kjem med i seinare band. Der bygdebokverket består
av fire-fem eller enda fleire band, vil gjennomsnittstida til vanleg liggje
under tre år, så sant arbeidet er profesjonelt og rasjonelt
gjennomført.
NB! Tommelfingerregelen kan sjølvsagt ikkje nyttast i staden for
ein nøye gjennomtenkt framdriftsplan i eit forprosjekt
el.l.
Av faktorar som spelar inn, og som gjer allmenngyldig tidsnormering av
gards- og slektshistorie temmeleg uråd, kan nemnast:
- Ambisjonsnivået hjå forfattar og oppdragsgjevar.
- Det kan lagast korte framstillingar med "tørre" data
for personar og heimar ut frå dei mest sentrale kjeldeseriane,
og det kan lagast breie kulturhistoriske framstillingar av kvar grend,
gard og heim og forteljast om livslaupet for eit stort tal personar
ut frå eit kjeldetilfang som er praktisk tala utømmeleg.
- I praksis vil det ha mykje å seie om ein skal føre data
for heimar og personar fram til dags dato eller om ein vel å setje
stopp ein generasjon eller lengre attende (sjå
drøfting av dette).
- Eit anna avgjerande punkt er kor vidt ein har ambisjonar om å
følgje familiar frå bygda også etter utflytting,
t.d. etter emigrasjon.
- Talet på heimar
som skal omtalast under kvar gard (bruksdelingskvotient) og
dermed kor mange familiar som skal rekonstruerast,
gitt at ambisjonsnivået er fastlagt.
- Kjeldesituasjonen,
derunder:
- Kor fullstendige og lett tilgjengelege er dei vanlegaste kjeldeseriane?
- Kor mykje forarbeid er gjort med innsamling og bearbeiding, og kor
brukbart er det?
- Kva kan ein vente seg av meir eller mindre kvalifisert dugnadsinnsats
undervegs?
- Bruk av elektronisk dataverktøy til kjelderegistrering
og til lenking og kopling av personar og heimar gjer arbeidet meir rasjonelt,
sikrare og snøggare. Men det skruvar samstundes opp forventningane
og utvegane til fullstendig registrering, slik at den faktiske tida
som går med, ikkje alltid treng bli mindre.
- Kvalifikasjonar, dugleik
og arbeidsmåtar hjå forfattar og medarbeidarar.
I tabellen nedanfor viser vi nokre døme på gards- og slektshistoriske
verk der tidsbruk og omfang framgår. Dei er utgjevne i løpet
av dei siste 15-20 åra, og inneheld alle både fagleg god gardshistorie
og tilnærma fullstendig rekonstruksjon av familiane fram til utgjevartidspunktet.
NLI reknar alle dei nemnde verka som svært gode og profesjonelt
utførte. Dei viser likevel monalege variasjonar i tidsbruk rekna
pr. band og pr. gard. For ordens skuld understrekar vi at det ikkje i
noko av desse tilfella er grunn til å tru at tidsbruken er influert
av mangelfulle kvalifikasjonar hjå forfattarane eller av andre "illegitime"
forseinkingsfaktorar.
| Verk |
Band |
Gardar |
Årsverk
i alt |
År pr. band |
Månads-
verk pr. gard |
Sider pr. gard |
| Valle, Aust-Agder |
6 |
51 |
8 |
1,3 |
1,8 |
70 |
| Bjerkreim, Rogaland |
3 |
80 |
9 |
3 |
1,2 |
30 |
| Naustdal, Sogn og Fjordane |
2 |
92 |
6 |
3 |
0,8 |
19 |
| Oppdal, Sør-Trøndelag |
1 |
50 |
5 |
5 |
1,2 |
10 |
Ser ein nærare etter, tener døma i tabellen til å stadfeste
at tommelfingerregelen 3 år pr. band har noko for seg. Det bør
da tilføyast at forfattaren for Valle brukte seks år før
første bandet kom ut. Det låge talet pr. band skuldast dels
"stordriftsfordelar" ved at at stoffet er fordelt på mange
band. Mykje av kjeldearbeidet var allereie gjort da siste bandet vart
skrive. Ei anna forklaring er at talet på gardar og familierekonstruksjonar
er etter måten lågt. Ein ser for seg at talet for årsverk
pr. band i Oppdal, der det er planlagt 10 band gards- og slektshistorie,
vil liggje monaleg lågare enn fem år når arbeidet er
fullført.
Korleis ser eit bygdebokbudsjett ut? [ opp
]
Nedanståande stiliserte budsjettforslag kan tene til å synleggjere
utgiftspostar og moglege (vanlege) inntektskjelder for eit bygdebokprosjekt.
Summane er sjølvsagt omtrentlege, men ikkje vilkårlege.
Eit faktisk bygdebokprosjekt må i motsetnad til vårt stiliserte
m.a. ta omsyn til rentetap som følgje av tidsforskjellen på
investeringar/utbetalingar og (sals)inntekter. (Det må som kjent
utbetalast lønn og andre utgifter i fleire år før
boka kjem i sal, og det kan gå svært mange år før
siste eksemplar av opplaget er selt.) Vi har heller ikkje teke omsyn til
momsføresegnene.
Inntektspostane vil sjølvsagt vere avhengig av måten organiseringa
av prosjektet er gjort på.
Eksempelet gjeld eitt band (uspesifisert sjanger) i eit opplag på
3000 og med forfattarkontrakt på tre år.
| UTGIFTER |
|
| Lønn og honorar |
|
| 3 forfattarårsverk à 350.000
(ekskl. sosiale utg.) |
1.050.000 |
| Biletredaktør, assistenthjelp, fagleg konsulenthjelp (30.000
pr. år) |
90.000 |
| Register, manusvask, kontroll, korrektur (1 månadsverk) |
30.000 |
| Sosiale utgifter (20% av samla lønn og honorar) |
234.000 |
| Utstyr og drift |
|
| PC, programvare, opplæring |
50.000 |
| Leseapparat (mikrofilm) og opptaksutstyr (lyd og bilete) |
30.000 |
| Kontorhald (kontorleige, tlf., porto, forbruksmateriell) 50.000
pr. årsverk |
150.000 |
| Andre adm.utg. (møte og reiser for nemnd, prosjektleiing
etc.) 10.000 pr. årsverk |
30.000 |
| Fagleg oppdatering for forfattar (kurs, seminar, litteratur) kr.
10.000 pr. årsverk |
30.000 |
| Arkiv- og museumsbesøk - reiser og opphald (3 veker pr.
årsverk à 6000 + reise. Behovet og kostnader vil vere
sterkt varierande) |
54.000+ |
| Kjeldekopiering (behovet vil vere sterkt varierande) |
20.000 |
| Innkjøp av fotos, utarbeiding av kart o.a. illustrasjonar
|
50.000 |
| Bokproduksjon og marknadsføring |
|
| Formgjeving, biletbehandling, trykking, innbinding. Opplag 3000. |
375.000 |
| Marknadsføring |
30.000 |
| Sum utgifter |
2.223.000 |
| |
| INNTEKTER |
| Offentlege direkte tilskot |
? |
| Fondsavkastning |
? |
| Sponsorinntekter |
? |
| Salsinntekter, 2000 eks. à kr. 500,- |
1.000.000 |
| Sum |
2.223.000 |
OPPHAVSRETT OG UTGJEVARANSVAR [ opp
]
Kva ligg i avleveringsplikta til Nasjonalbiblioteket?
[ opp ]
Utgjevar skal sende fem eksemplar av boka, og trykkeriet to eksemplar,
til Nasjonalbiblioteket, i medhald av pliktavleveringslova.
På Nasjonalbiblioteket sin nettstad finn du nærare
opplysningar om pliktavleveringa (kvar eksemplara skal sendast osv.)
Kva er ISBN-nummer og kva opplysningar skal elles
med på tittel- og kolofonside? [ opp ]
ISBN (International Standard Book Numbering) er eit system som gjev ein
kort og presis identifikasjon av ei bok og andre enkeltpublikasjonar.
Utgjevaren får tildelt ISBN-nummer ved å vende seg til ISBN-kontoret
i Noreg, ved Nasjonalbiblioteket avd. Oslo. På nettstaden deira
finn du alle nødvendige opplysningar, søknadsskjema m.m.
Eit liknande system finst for identifisering av periodika, derunder årbøker:
ISSN (International Standard Serial Numbering). Også det norske
ISSN-kontoret er tilknytta
Nasjonalbiblioteket.
FORFATTAR(AR) OG MEDHJELPARAR [ opp
]
Kven skal vere forfattar, og kva er rimeleg
løn? [ opp ]
> Amatør eller profesjonell?
> "Innfødd" eller "utanforståande"
forfattar?
> Faglege og formidlingsmessige kvalifikasjonskrav
> Krav til utdanning
> Lønnsnivå
Amatør eller profesjonell?
Dersom gards- og slektshistoria eller den generelle by- eller bygdehistoria
skal skrivast ved hjelp av forfattar(ar) på ordinære løns-
og arbeidsvilkår, er det ikkje tilrådeleg å overlate
arbeidet til nokon som ikkje kan dokumentere kompetanse på historiefagleg
og formidlingsmessig profesjonelt nivå.
Det kan stille seg annleis med bøker (t.d. artikkelsamlingar)
der sjølve føremålet er at forfattaren/forfattarane
skal bidra ut frå sine eigne spesielle (ikkje-historiefaglege) føresetnader.
Det kan vere ein pensjonert skulesjef som skriv om si tid i stillinga,
ein god forteljar som gjengir tradisjonsmateriale frå staden, ein
journalist som lagar intervju med eller reportasjar og artiklar om folk
som har levd og verka i byen eller bygda, eller det kan vere folk som
sjølve skriv ned sine minne og livsskildringar osv. osv. Dette
kan bli særs leseverdig og verdifullt stoff, og vil også kunne
fange stor interesse hjå publikum.
Men skulesjefkompetanse, forteljarevne og store kunnskapar på ulike
spesialfelt gjev ikkje i seg sjølv kompetanse til å skrive
historie, om ein erkjenner at dette stiller visse fagspesifikke
krav til kunnskap, innsikt og ferdigheiter.
"Innfødd" eller "utanforståande"
forfattar?
Førehandskjennskap til byen, bygda og lokalbefolkninga
kan vere arbeidssparande og har mange andre praktiske føremonar.
Det kan også føre med seg særlege innsikter (til dømes
av mentalitetshistorisk art) som ein utanforståande berre vanskeleg
kan få del i.
Slik lokalkunnskap bør likevel neppe rangerast føre dei
faglege og formidlingsmessige kvalifikasjonane. Ein fagleg kvalifisert
forfattar vil etter måten raskt kunne tileigne seg den nødvendige
lokalkunnskapen og for øvrig trekkje vekslar på bygdeboknemnda
og andre lokale krefter i så måte. Eit blikk utanfrå
vil også kunne tenkjast å ha særlege kvalitetar som
kan stillast på linje med, men altså vere kvalitativt annleis
enn den innføddes innsikt innanfrå.
Evna til å tileigne seg den lokalkunnskapen og lokalkjensla ein
ikkje måtte ha på førehand, er i alle høve ein
del av kvalifikasjonskravet til ein god bygdebokforfattar.
Faglege og formidlingsmessige kvalifikasjonskrav
Ulike sjangrar og ulike historiske epokar stiller ulike krav til forfattaren.
Men både gards- og slektshistorie, generell bygde- by- og regionshistorie
og kvalifisert sektorhistorie er i alle tilfelle fagleg og framstillingsmessig
kompliserte føretak som krev svært mangfelte kvalifikasjonar.
Kanskje meir enn innan dei fleste andre historiske spesialdisiplinar krevst
også tverrfaglege tilnærmingar til stoffet (med eit mogleg
atterhald for sektorhistorie). For alle sjangrar gjeld generelt følgjande
krav til utøvarane:
- Historiefagleg kompetanse, som m.a. inneber:
- Historisk realkunnskap innan det saksfeltet eller
den historiske perioden som skal omhandlast, på førehand
og ut over den kunnskapsproduksjonen som skal bli resultat av det
aktuelle lokalhistoriske prosjektet. Dette er ein føresetnad
m.a. for å kunne fokusere på relevante og interessevekkjande
tema og problemstillingar.
- Til det siste, og som nødvendig grunnlag for heile forskingsprosessen,
krevst sakkunne innan historisk teori og metode.
- Ein viktig del av den historiske metodelæra er
kjeldekunnskapen. Det omfattar blant mykje anna finneteknikk
(arkivkunnskap m.m.), kjeldetolking og -kritikk og ulike teknikkar
for behandling av store og ueinsarta datamengder. Kjeldematerialet
til ei god og allsidig lokalhistorie omfattar alt frå trykte
og utrykte skriftstykke til bygningar, kulturlandskap, reiskapar
og anna gjenstandsmateriale, biletlege framstillingar, tradisjonsstoff
og munnlege kjelder. For periodar før 1900-talet krevst spesialkunnskap
i handskrifttyding, for mellomalder norrøn språkkunnskap,
for både mellomalder og førhistorisk tid arkeologisk
kompetanse, osv.
- Formidlingsevne og "lokalkjensle"
Innhaldet i bygdeboka skal ikkje berre halde mål reint historiefagleg.
Det skal også fenge og vere lett tilgjengeleg for eit publikum
utan særskild historiefagleg kompetanse, og som kanskje i
utgangspunktet er meir lokalt enn historiefagleg interessert. Forfattaren
må derfor evne å popularisere stoffet, noko som mellom
anna inneber:
- å vere sjanger- og målgruppeorientert, dvs. makte
å gjere det som er historiefagleg interessant også lokalt
relevant og fengande for det lokale publikum
- å kunne meistre eit lettforståeleg, ikkje reint fagspesifikt
språk.
- å kunne skape spenningsskapande element i komposisjon og
innhaldselement
- å ha sans for forholdet mellom tekst og illustrasjon
- osv.
Krav til utdanning
Den historiefaglege kompetansen er som regel best sikra med relevant fagutdanning,
dvs. historie hovudfag eller tilsvarande. "Tilsvarande"
vil vere same kompetansenivå innan tilgrensande fag som arkeologi,
etnologi, sosialantropologi, sosial-/kulturgeografi m.m. Dei einskilde
faga vil vere meir eller mindre relevante alt etter kva periode eller
saksfelt som skal dekkjast.
Det formelle kravet til utdanning (hovudfaget) er sjølvsagt ikkje
absolutt, dersom det kan dokumenterast at ovannemnde typar realkompetanse
er tileigna på annan måte.
Lønnsnivå
For ein person med hovudfag vil lønsnivået kunne fastsetjast
ut frå lektor-, amanuensis- eller forskarstigane i statens lønsregulativ,
for tida (2003) innan lønstrinna 36-53 (ca. kr. 270-360.000 årsløn).
Med førstekompetanse (doktorgrad eller tilsvarande) går lønstrinna
frå 53 og oppover.
Kva skal kontrakten innehalde? [ opp
]
NLI har laga eit forslag
til standardkontrakt for bygdebokforfattarar, med kommentarar.
Eit annet forslag til standardkontrakt, samt ei rekkje andre avtaler
som vedkjem faglitterært forfattarskap, finst på heimesidene til Norsk
faglitterær forfatterforening (NFF).
Også Den norske historiske forening (HIFO) har utarbeidd eit forslag
til standardkontrakt
for oppdragsforskarar.
Kva er arbeids- og ansvarsfordelinga mellom
boknemnd, forfattar og redaktør? [ opp ]
Boknemnda
Forfattaren
- har det faglege ansvaret for innhaldet i boka, ikkje berre brødteksten,
men bilettekster, rammetekster, margopplysningar osv..
- har også, saman med utgjevaren, det etiske ansvaret for innhaldet,
t.d. med omsyn til personvernet
- har ansvaret for kva kjeldemateriale som blir nytta og måten
det blir nytta på som grunnlag for framstillinga, innan dei praktiske
rammer som prosjektet opererer innanfor. Forfattaransvaret gjeld uavhengig
av om forfattaren har hatt hjelp av andre til innsamling og bearbeiding
av kjeldene
- har ansvaret for den språklege forma hans framstilling får,
innan rammene av dei avtalar som måtte liggje føre om målform,
rettskrivingsnormer o.l.
- bør ha siste ord i utvalet av illustrasjonar til teksten
Redaktøren
- syr saman dei ulike tekstlege elementa i verket og får dei i
ønskeleg grad til å høve i hop språkleg og
med omsyn til andre punkt som nemnest i det følgjande
- gjev råd om
- kapittelinndeling, overskrifter og andre framstillingsmessige
finessar som ingressar, oppsummeringar og overgangar
- vitskapleg utstyr (fotnotar/kjeldetilvisingar, litteratur- og
kjeldelister, register m.m.)
- språkvask og korrektur (utan at det nødvendigvis
ligg til redaktøren å utføre dette arbeidet
eigenhendig)
- syter for at alle element (tittelblad, kolofonside, ISBN-nummer,
innhaldsliste, brødtekst, litteratur- og kjeldeliste, register,
tekst på smussomslag, etc.) er på plass og i rett rekkjefølgje
- følgjer spesielt nøye opp i samarbeidet med grafisk
formgjevar og trykkeri
Biletredaktøren
- foreslår og skaffar fram bilete og andre illustrasjonar (til
endeleg utval ved forfattar)
- avklarar rettar knytta til gjengiving og syter for å skaffe
dei nødvendige løyve
- skaffar dei nødvendige opplysningar om opphavsmann/rettshavar,
og andre data knytta til opphav og innhald av illustrasjonen
- syter for adekvat kjeldetilvising
- foreslår bilettekst (til endeleg godkjenning av forfattar)
- lagar dei nødvendige lister og avmerkingar i manus der illustrasjonane
skal inn
NB!
Langt frå alle bygdebøker held seg med eigne redaktørar
eller biletredaktørar. Ofte kan boknemnda eller forfattaren (ein
av forfattarane) ta seg av dei aktuelle funksjonane. Det er i alle høve
viktig som del av planlegginga og organiseringa at dei ulike funksjonane
er ansvarsplasserte.
Redaktørfunksjonane er aller viktigast i dei tilfelle ein har
å gjere med fleire forfattarar til eitt og same verk.
Når det er ein eigen redaktør i tillegg til forfattaren
(forfattarane), må ein vere ekstra nøye med å avklare
på førehand fordelinga av ansvar og rettar mellom dei, jf.
drøftinga av opphavsrettslege spørsmål.
Særleg i samband med gards- og slektshistorie kan grensene vere
vanskelege å trekkje opp mellom forfattar(ar), redaktør og
eventuelle andre medarbeidarar. Innsamling av stoff, bearbeiding av kjeldematerialet,
redigering og forfattarskap går her nokså mykje over i kvarandre,
og mange operasjonar får eit kollektivt preg.
Kan noko gjerast på dugnadsbasis? [ opp
]
> Liste over arbeidsoppgåver
> Innsamling og registrering av fotografi
> Registrering av kyrkjebøker og anna skriftleg
kjeldemateriale
> Spørjeskjema og spørjelister
> Intervju
> Avisklipp og litteraturindeks
Liste over arbeidsoppgåver
I publikasjonen
Historielagenes oppgaver har Rolf Fladby sett opp ei fyldig liste
over høvelege arbeidsoppgåver for eit lokalt historielag.
Mange av desse tiltaka, særleg under punkt
A
(Vern, innsamling og bevaring) og
D (Registrering av historiske minner), er slikt som
alle bygdebokprosjekt vil kunne ha stor nytte av. Det meste kan gjerast
av folk utan spesialkompetanse, berre med ei viss rettleiing frå
bygdebokforfattaren eller andre sakkunnige. Andre oppgåver krev
noko meir omfattande opplæring i form av kurs og spesialinstruksjon,
men kan likevel godt kan gjerast på frivillig basis av innsatsvillige
amatørar.
Vi viser til Fladbys lister, men vil her spesielt framheve og utdjupe
einskilde punkt, og dessutan omtale eit par ting som ikkje er eksplisitt
nemnde av Fladby:
Innsamling og registrering av fotografi
Det er vel å merke ikkje utvalet av bilete til den endelege bygdeboka
som skal gjerast på dugnadsbasis. Det er heller oppsporing, kopiering,
systematisering og registrering av lokalt relevante fotografi som forfattaren
kan ha nytte av som kjeldemateriale, og som forfattar
og evt. biletredaktør kan hente illustrasjonsmateriale
frå når den tid kjem.
ABM-Utvikling/Fotosekretariatet
er ein sentral faginstans som gjev råd om innsamling, registrering
og oppbevaring av fotografi, og som er med og utviklar nasjonale standardar
for registrerings- og klassifikasjonssystem.
Sjå også oversyn
over digitalt tilgjengelege biletsamlingar.
Registrering av kyrkjebøker og
anna skriftleg kjeldemateriale
Spesielt for gards- og slektshistorieprosjekt vil det svare seg å
digitalisere kyrkjebøkene så fullstendig som råd er.
Dette er tidkrevjande, og bør gjerast etter anerkjente metodar
og standardar. Ein god måte å få dette til på,
er å kontakte DIS-Norge, som
har ei samarbeidsavtale med Riksarkivaren
om nettopp dette tiltaket. Du finn alle nødvendige opplysningar
her: Rettleiing i kjelderegistrering
Også mange andre kjeldeseriar kan det vere aktuelt å registrere
på dugnad. Det gjeld særleg kjelder som innheld store mengder
person- og eigedomsdata. I våre dagar bør ein gjere dette
digitalt. Landslaget for lokalhistorie
er pr. juli 2003 inne i førebuande forhandlingar med Riksarkivaren
om ei avtale om digitalisering av kjeldemateriale etter liknande retningslinjer
som DIS-Norges kyrkjebokprosjekt.
Av uvurderleg verdi i slikt arbeid er Håndbok i registrering
og bruk av historiske persondata, av Gunnar Thorvaldsen (Oslo,
1996). Vi viser elles til nettstaden til Registreringssentralen
for historiske data (RHD) ved Universitetet i Tromsø.
Det vil også vere nyttig å slå opp på følgjande:
Kva dataverktøy skal ein
velje til gards- og slektshistoria?
Spørjeskjema og spørjelister
A) For nyare gards- og slektshistorie
Kyrkjebøker, folketeljingar og mykje anna personal- og eigedomshistorisk
materiale er sperra for vanleg innsyn for dei siste 60-100 åra.
Derfor er ein avhengig av å innhente opplysningar til gards- og
slektshistorie på annan måte. Den beste måten er spørjeskjema
til dei einskilde familiane. Denne måten gjer også at ein
sikrar seg nødvendig samtykke frå dei spurde til å
publisere opplysningane.
Ei vellykka spørjeskjemaundersøkjing er avhengig av tett
oppfølgjing. Det er vanleg å skipe grendekorps av frivillige
som følgjer opp dei einskilde familiane, kanskje ved at ein går
frå dør til dør og hjelper til med utfyllinga, evt.
mottek melding om at vedkomande ikkje ønskjer å vere med.
Døme på spørjelister
til gards- og slektshistorie finn du her:
Spørjeskjema/-lister til gards- og slektshistorie treng ikkje
(og bør ikkje) innehalde spørsmål som gjeld sensitive
personopplysningar. Dermed krevst ikkje konsesjon for å gjennomføre
slike undersøkjingar. Men dersom opplysningane skal behandlast
elektronisk, må ein gje melding
til Datatilsynet.
B) For andre formål
Spørjelister er nyttige også til andre typar lokalhistorie
enn gards- og slektshistorie. Det finst ei mengd variantar av slike. Nokre
finn du inngang til her (jf. også spørjelister
til gards- og slektshistoria) :
Intervju
For nyaste tids lokalhistorie (dei siste 50-100 åra) spelar munnlege
kjelder ei viktig rolle. Å få til gode og veleigna intervju
er ikkje enkelt, og ein bygdebokforfattar bør i størst mogleg
utstrekning sjølv ta hand om dette. Men han/ho kan også ha
stor hjelp av eit frivillig korps av intervjuarar, dersom desse får
god rettleiing og opplæring. Det er lettast å få til
god amatørhjelp til
- temaintervju
der ein stiller spørsmål om eitt bestemt emne. Det dreiar
seg om ting som intervjuobjektet sjølv har opplevd eller vore
nær tilskodar til, eller av andre grunnar har spesialkunnskapar
om. Det kan gjelde hendingar som "da krigen kom til bygda",
"streiken den gongen" eller "vekkelsesbølgja
i bygda", eller slikt som arbeidsteknikkar, foreiningsverksemd,
matskikkar osv. osv. Ved temaintervju kan ein godt nytte standardiserte
spørjelister, og det er ein føremon å intervjue
flest mogleg personar om eitt og same emne.
- Livsløpsintervju
går ut på at ein spør intervjuobjektet ut om
barndom og oppvekst, utdanning, yrkes- og familieliv m.m., helst frå
første barndomsminne fram til dags dato.
Både livsløpsintervjua og enkelte typar temaintervju kan
kome til å innehalde sensitive personopplysningar. Dei viktigaste
forholdsreglane ein bør ta, kan oppsummerast slik:
- Informantane (dei som blir intervjua) må orienterast ordentleg
om føremålet med intervjuet
- Informantane må gje uttrykkeleg samtykke til bruk av intervjuet,
evt. med nærare bestemte atterhald (skriv intervjukontrakt)
- Intervjuarane må underteikne fråsegn om teieplikt
- Det må sytast for forsvarleg arkivering og oppbevaring av intervjua
- Bruken av materialet må vere tilgangsregulert.
Sjå nærare om slike spørsmål under drøftinga
av Kva omsyn må takast til
personvernet?
Litteraturindeks og avisklipp
Eit så fullstendig oversyn som mogleg over smått
og stort som er skrive og trykt om den aktuelle staden er svært
viktig for ein bygdebokforfattar. Også dette kan eigne seg til dugnadsinnsats,
da i nært samarbeid med og under rettleiing av det lokale folkebiblioteket.
Dugnadsinnsatsen vil mest gå ut på å bla gjennom alle
aktuelle årbøker og andre periodika osv. og registrere kvar
enkelt artikkel i eit eigna system.
Særleg nyttig blir dette dersom ein har høve til å
skanne materialet og leggje det i databasar og kanskje gjere det tilgjengeleg
på Internett (med atterhald om dei nødvendige løyve
frå opphavsmenn). I alle høve bør ein gjere registreringa
elektronisk (i eit databaseprogram). Det gjev utveg til å lenke
dei einskilde tekstbitane (og evt. biletmateriale) til personar og stader
som skal figurere i bygdeboka. Vi er da inne på det som Arnfinn
Kjelland omtalar som ein lokalhistorisk litteraturindeks: "ein systematisk
gjennomgang av utgjeve litteratur og oppbygging av indeks knytt til einskildpersonar,
gardar/lokalitetar og evt. tema; ein slik indeks kan òg omfatte
aviser". Sjå artikkelen Heim
og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie.
Via folkebiblioteket kan ein låne inn mikrofilm av dei aktuelle
lokal-/regionalaviser så langt attende som dei finst. Eit leseapparat
med kopieringsinnretning gjer det greit å gjennomgå filmane
og plukke ut stoff som vedkjem den aktuelle byen eller bygda. Kopiane
bør samlast i permer i kronologisk rekkjefølgje. Ein må
vere påpasseleg med å føre på dato og avis på
kvar enkelt kopi.
Det finst fleire lokalhistoriske nettstader som har kome eit godt stykke
på veg i liknande arbeid, sjå oversyn
over lokale bibliografiar, basar og nettstader.
|
 |
Gje tilbakemelding!
Lurer du på noko du ikkje får svar på i vår spørsmål/svar-
liste? Er du kanskje usamd i våre løysingar, eller har du
betre svar? Kontakt oss i så fall på
nli@lokalhistorie.no,
så hjelper du oss med å gjere rettleiingstenesta
betre.
Litteratur:
> En del hjelpelitteratur
til lokalhistorie
|