TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

|
 |
Forfattarrettleiing
NB! Ein del av spørsmåla nedanfor får du ikkje svar
på her enno. Når vi har late dei stå, er det for å
vise kva vi så langt har planar om å la rettleiinga gå
ut på.
Du vil lett sjå kva du ikkje kan klikke deg til svar på. Under
nokre få spørsmål som du kan klikke på, vil du
dessutan førebels finne lite anna enn lenker til andre nettstader.
GENERELT (ALLE SJANGRAR)
Kva er "folkeleg" og kva er "fagleg" i lokalhistoria?
(Nokre minimumskrav.)
Høyrer fotnotar og anna "vitskapleg utstyr" heime i bygdeboka?
Korleis skal namna skrivast?[førebels berre
nyttige lenker]
Kva omsyn må takast til personvernet?
[førebels berre nyttige lenker]
SPESIELT FOR GARDS- OG SLEKTSHISTORIE
Kva type opplysningar skal vere med i ei gards-
og slektshistorie?
Kva kjelder må ein gjennomgå for å få til ei gards-
og slektshistorie?
Kva dataverktøy skal ein velje til gards- og
slektshistoria?
SPESIELT FOR DEN GENERELLE HISTORIA
Kronologisk eller tematisk inndeling?
Korleis skal ein periodisere lokalhistoria?
Kva inneber "den totalhistoriske ambisjon" - og er den ønskjeleg?
Oppslagsverk for lokalhistoriske fakta eller store linjer og syntese?
GENERELT (ALLE SJANGRAR) [
opp ]
Korleis skal namna skrivast? [ opp
]
Sjå førebels artikkelen om språkleg
kulturvern.
Kva omsyn må takast til personvernet? [ opp
]
Sjå førebels desse aktuelle nettstadene:
- Datatilsynet
- NESH
(Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap
og humaniora)
- Personvern på nettet
(Personverntjenesten ved Universitetet i Oslo, som viser til fleire
aktuelle artiklar og nettstader)
Aktuelle lover og lovparagrafer:
... og dessutan:
SPESIELT FOR GARDS-
OG SLEKTSHISTORIE [ opp
]
Kva type opplysningar skal vere med i ei
gards- og slektshistorie? [ opp ]
Dei vanlegaste elementa i ei standard gards- og slektshistorie kan skjematisk
framstillast slik:
1. Innleiing
Forklaring av oppsettet i boka, ordforklaringar, forkortingar, utgreiing
om kjeldebruken m.m., kanskje også noko bakgrunnsstoff om bygda og bygdehistoria.
(Noko av dette kan også lagast som vedlegg til boka.)
2. Gardshistoria (bustadene)
a) Fellesstoff for garden (gardsnummeret, namnegarden)
- Gardsnamnet (tolkingar, skrivemåtar, lokal uttale)
- Lokalisering, topografi og ressurstilgang (jord, skog, fiske, seter
etc.)
- Fornminne (arkeologiske funn)
- Opphavshistorie (rydding, utskiljing...)
- Eigedomshistorie
- Bruksdelingsoversyn
- Storleik og produksjonskapasitet (landskyld/matrikkelskyld, areal,
husdyrhald, utsæd etc,)
- Folketal, bustader og befolkning gjennom tidene (gardar og gardbrukarfamiliar,
tenestefolk, losjerande, plassar og plassfolk, villafelt etc. Garden
som "småsamfunn". Stoffet får oftast form av "situasjonsrapportar" frå
teljingstidspunkta, gjerne i tabellform.)
b) Dei einskilde bruk/bustader/heimar
Meir eller mindre tilsvarande element som under 2a, tilpassa den enkelte
kategori heim. Husmannsplassar, strandsitjarstover, villaer, bustadfelt
osv. høyrer også med her.
3. Slektshistoria (familiane, personopplysningar, befolkningshistorie)
Dette stoffet blir anten ført under 2b ovanfor, eller blir utskild
som eigen slektsdel i bygdeboka. Hovudelementet er oversyn over familiane
i dei enkelte heimane kronologisk oppført med tidspunkt for når familien
kom til staden, vita for mor, far og born, og helst med opplysning om
kvar dei einskilde vart av når dei eventuelt flytta frå heimen.
Vita bør inkludere som eit minstemål tidspunkta for:
- fødsel/dåp
- vigsel
- død eller fråflyttingstidspunkt
I tillegg kan ein ta med:
- yrkesnemningar o. l.
- opplysningar elles om enkeltpersonar, så langt det ikkje kjem i
strid med personvernomsyna
4. Registerdel
Register over gardar, bruk, personar, familiar m.m. som kan lette oppslagsfunksjonen
til verket.
NB! Dei omtala elementa i gards- og slektshistoria kan vere ordna på
mange ulike måtar. Det kan til dømes ofte vere mykje stoff om "folka på
garden" under den gardshistoriske delen, samstundes som det finst utskilt
personalstoff i tillegg.
Du finn fleire variantar og meir detaljar her:
Kva kjelder må ein gjennomgå for å få til ei gards-
og slektshistorie? [ opp ]
Gardshistoria
Under føresetnad av at gardshistoria skal ta til med dei eldste tider,
bør nedanståande sjekkliste for kjeldetypar/-seriar og oppslagsverk gjennomgåast
som eit minimum:
- Arkeologiske
funn
- Evt. andre registreringar av kulturminne.
- Namnetolkingar frå Norske
Gaardnavne, Norsk stadnamnleksikon og andre oppslagsverk.
- Diplomatarium
Norvegicum og alle andre mellomalderkjelder der gardar i bygda kan
ventast å vere nemnde. (Det aller meste av mellomalder- og 1500-talsmaterialet
finst i trykt form).
- Manntal frå 1660-åra og 1701 og nokre viktige skattelister (koppskatten
1645, skattematrikkelen 1647 (finst i landsomfattande trykt utgåve),
kvegskatten 1657, ekstraskattar 1711 og 1762).
- Matriklar og matrikkelforarbeid frå ca. 1665, 1723 og frå 1800-talet.
- Folketeljingar og jordbruksteljingar så langt ein får tilgang til
å bruke individuelle data osv.
- Tingbøker før panteboka byrjar, deretter panteregister og pantebøker
(grunnbøkene).
- Evt. fotosamlingar.
- Evt. utskiftingskart.
Slektshistoria
Mykje av det ovanståande er også kjelder til den reine slektshistoria.
I tillegg, og som det aller viktigaste, kjem her kyrkjebøkene
inn. Skifteprotokollar er likeins heilt sentrale.
Dersom ein ønskjer å føre historia fram til i dag, må ein for dei siste
50-100 åra rekne med å måtte innhente opplysningar via intervju og spørjeskjema,
da både kyrkjebøkene og teljingsmateriale fra Statistisk sentralbyrå
vil vere sperra for slik bruk.
Om ein vil ha "kjøt på beina" til både gards- og slektshistoria - stoff
om personar, hendingar, omstende og tradisjonar ut over brukarrekkjer,
eigedomstilhøve, produksjonsdata osv. - er det ei mengd kjeldetypar
som kan utnyttast. For å nemne i fleng: tingbøker og andre rettsprotokollar,
skriftleg og munnleg tradisjonsmateriale, bevart gjenstandsmateriale,
lister over gjenstandsmateriale i dødsbuskifte, teignamn, dagbokoppteikningar,
private brev, osv.
Sjå elles temaside Kilder og
litteratur.
Kva dataverktøy skal ein velje til gards-
og slektshistoria? [ opp ]
Nokre lenker:
|
 |
Gje tilbakemelding!
Lurer du på noko du ikkje får svar på i vår spørsmål/svar-
liste? Er du kanskje usamd i våre løysingar, eller har du
betre svar? Kontakt oss i så fall på nli@lokalhistorie.no,
så hjelper du oss med å gjere rettleiingstenesta
betre.
Relaterte oppslag:
> En del hjelpelitteratur
til lokalhistorie
> En del kilder
til lokalhistorie
Relaterte eksterne lenker:
> Hifo
Den norske historiske forening. Bl.a. oversikt over Hifos publikasjoner,
Hifo-nytt og en nyttig lenkesamling for historikere.
> Famrek
Presentasjon av programmet FAMREK, som er et system for familierekonstitusjon
innenfor et større område, f.eks. en kommune.
> Busetnadssoge
IKT-system for skriving av bygdebøker av gards- og ættesoge-sjangeren.
Notat og rapportar frå systemutviklingsarbeidet.
Diskusjonsfora:
> Lokalhistorisk diskusjonsforum
Her kan du skrive / svare på innlegg om lokalhistoriske spørsmål.
> NLIs e-postliste for bygdebokforfattere
> Internasjonale nettverk
|