Du er her: Hovedsiden > Bygdebøker > Sektorhistorie
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Sektorhistorie

Når ein granskar og framstiller historia til ein utvald del eller eit enkeltaspekt av lokalsamfunnet, kan vi kalle det sektorhistorie. Det kan vere ei bestemt næring, ei sosialt eller kulturelt distinkt gruppe, eit kulturfenomen eller noko anna.

Nokre døme på utgjevne bøker i sjangeren lokal sektorhistorie kan vise spennvidda:

  • Balvoll, Gudmund: Jordbruket i Vik fram til 1950. Utg. av Vik lokalhistoriske arkiv, 2001.
  • Fossen, Asbjørn: Småkårsfolk i ei Romeriksbygd [Aurskog] (eget forlag 1991.)
  • Hove, Peter: Haram kyrkjesoge. Haram skulesoge. (Haram bygdebok, 1975.)
  • Lund, Bernt H.: Beretning om Oslo kommune for årene 1948-1986. (Oslo kommune, bystyret 2000.)
  • Moen, Eli: Modum - ei bygd, tre elver. Industrialiseringen av ei østlandsbygd 1870-1940. (Modum kommune 1993).
  • Walberg, Øystein: Skogbruk og sagbruk i Verdal. (Verdalsboka band 6, 1982-83.)
  • Ystad, Andreas: Soga om husmenn, plassar og strandbuarar. (Inderøy bygdebok band 3, 1964.)

Grensene frå sektorhistorie til andre sjangrar er på mange vis flytande: Den emnedelte, generelle bygdeboka kan seiast å vere samansett av fleire sektorhistorier. Lokal institusjons-, bedrifts- og organisasjonshistorie er også spesialvariantar av sektorhistorie. T.d. inneheld mange jubileumsberetningar for lokale sparebankar så mykje bygdehistorie at ein kan vere i tvil om dei skal sjangerbestemmast som "bedriftshistorie" eller "sektorhistorie". Det same kan seiast om historia om lokale eller regionale elektrisitetsverk.

Mange gards- og slektshistoriebøker er likeins sektorhistorier i den forstand at dei legg einsidig vekt på den reint agrare delen av bygdesamfunnet. Dei aller fleste artiklane i lokalhistoriske årbøker handlar om delemne innan lokalhistoria.

Trass dette har vi likevel funne det føremålstenleg å skilje ut ein "eigentleg sektorhistorie" som eigen sjanger. Den nemninga reserverer vi da for monografiar om lokale "sektorar" som omfattar noko meir enn t.d. ein enkelt skule, bedrift, organisasjon el.l. (Monografi = bok/avhandling om eitt emne, i motsetnad til t.d. artikkelsamlingar.)

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no