Du er her: Hovedsiden > Historielag
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

LOCAL HISTORY
WORLD WIDE

Dekorbilde

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Historielag

Det er i dag ca. 600 lokale historielag i Noreg. I alt organiserer dei over 100.000 medlemmer. Talet på lag har auka eksplosivt dei siste tiåra. Nytt er at rørsla har blomstra særleg sterkt i byane, medan det tidlegare var eit nokså typisk bygde- og distriktsfenomen. I dag er det til dømes over 20 lokale historielag (bydelslag) berre i Oslo.

Historielaga driv eit mangfald av aktivitetar innan lokalhistorie og kulturvern: årbøker, bygnings-, fartøys- og anna kulturminnevern, museumsarbeid, slektsgransking, kjelderegistrering, innsamling av tradisjonsmateriale, lokalhistoriske vandringar og andre arrangement for lokalbefolkninga - for berre å nemne noko av det vanlegaste.

Landslaget for lokalhistorie

Vel 400 av dei lokale historielaga er medlemmer i Landslaget for lokalhistorie. Til saman omfattar desse 80.000 enkeltpersonar. LLH vart stifta i 1920, og heitte fram til 1982 Landslaget for by- og bygdehistorie. Nesten frå starten av og framleis i dag gjev LLH ut tidsskriftet Heimen som er eit lokalhistorisk fagtidsskrift. NLI og LLH er gjensidig representerte i kvarandre sine styre, og har ein samarbeidsavtale. Lokalhistorisk magasin er LLHs medlemsblad og felles meldingsblad for NLI og LLH.

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Relatert litteratur:

> Historielagenes oppgaver. Rolf Fladby. NLI, 1999.
> Historielagene - bærebjelker i levedyktige lokalsamfunn? Anders Kirkhusmo. I: Framtid for den lokale fortida. NLI, 2001.

Relaterte lenker:

> Landslaget for lokalhistorie (LLH)
> Oversyn over historielag finn du på LLHs nettsider
> Lokalhistorisk magasin er medlemsblad for LLH og felles meldingsblad for NL og LLH.
> Nytt om historielag

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no