Forside:Dovre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Dovre kommune
0511 Dovre komm.png
Dovre kommune er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar mot Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel og Vågå i sør og Lesja i vest. Kommunen vart oppretta ved deling av Lesja herad i 1862. Administrasjonssenteret er tettstaden Dovre, og andre befolkningssentra er Dombås og Hjerkinn. Tradisjonelt er det ein landbrukskommune, men i nyare tid har industri og turistnæring også blitt viktige næringsveger.

Dovre er ein fjellkommune, som omfattar Snøhetta og den nordlege delen av Rondane. Dei tre nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane og Dovre omfattar områder i Dovre kommune.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Staben framfor kontoret i 1971, med tre av lensmennene.

Lensmenn i Lesja er ei førebels liste over kven som har hatt lensmannsembetet i Lesja (med nåverande Dovre kommune frå 1500-talet til 1. april 2018, da det vart nedlagt og funksjonen overført til lensmannen i Nord-Gudbrandsdal på Otta.[1]

Referanse til Bygdebok for Lesja: Lesja + bind- og sidenummer.

Referanse til Bygdabok for Dovre: Dovre + bind- og sidenummer.   Les mer …

Fenrik Hofseths skisse over kampavsnittet Lesja - Dombås 1940.
Foto: Arnfinn Kjelland

Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) vart starta i 1995 som stifting «etablert på Dovre krigsminneforenings samlinger»[2].

Ved etableringa hadde foreninga om lag 70 medlemer. Da hadde medlemene i mange år samla gjenstandar og dokumentasjon knytt til andre verdskrigen.   Les mer …

Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.
Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule. Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.   Les mer …

Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.
Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866Nordi LieLesjaskogen, død 10. mai 1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967).   Les mer …

A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotellLillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Dovre kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Vigga 13. mars 2018.
  2. Brosjyre, udatert.