Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Ungane til Ole Chr. Hvattum og Rønnaug Lo, garden Lo i Nord-Fron.
Foto: Hans H. Lie
(1918)
NEG 164 Leggestunden er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1993 med tittel Leggestunden. Utsendarar var Anne Moestue, Göran Rosander og K. Knudsen.   Les mer …

<onlyinclude>
Brynhild Berge bles på lur, tatt på Klanten på Berge i Høyanger
Foto: Sverre E. Berge
(1938)
NEG 102 Enkle låteredskap er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Enkle låteredskap. Utsendar var Reidar Sevåg. Utsendar var Reidar Sevåg. Denne spørjelista del av ein serie på 3 spørjelister om eldre norsk musikkultur sendt av Sevåg i 1964. Dei to andre er NEG 104 Diverse musikkinstrumenter og NEG 102 Enkle låteredskap.

Denne spørjelista er også sendt ut som ei oppfylgingsliste til NEG 6 Folkelige musikkinstrument og NEG 6t Folkelege musikkinstrument som Leif Løchen og Rigmor Frimannslund sendte ut i 1947.</onlyiclude>

Introduksjonen til spørjelista

De enkle låteredskaper som spørreliste nr. 102 handlet om, hadde liten eller ingen betydning som egentlige musikkinstrumenter. Med denne spørrelisten vil vi prøve å få litt større klarhet over de blåseinstrumentene på bygdene som også kunne ha musikalske oppgaver. Det gjelder lur, horn, fløyte og klarinett. Disse instrumentene er så forskjellige i konstruksjon, materiale og virkemåte at de bør behandles hver for seg.

Brukt i publikasjonar

  • Sevåg, Reidar Det gjallar og det læt. Frå skremme- og lokkereiskapar til folkelege blåseinstrument. Utg. Det norske samlaget. 1973. Digital versjonNettbiblioteket.

Sjå også

Eksterne lenker


Låven til Ormem gnr 75 i Grytten.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
NEG 57 Løa er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1956 med tittel Løa. Utsendar var Marta Hoffmann.   Les mer …

Norsk Folkemuseum bygning nr. 32. Tørkehus fra Istad i Øystre Slidre kommune, omkr. 1800 til 1850.
Foto: Chris Nyborg, 2008
NEG 61 Turkestova er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1956 med tittel Turkestova. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne lista er del av ein serie med 5 spørjelister om turking og turkehus. Sjå også NEG 63 Makinna, NEG 62 Kjona, NEG 60 Badstova og NEG 59 Kornturking. I tillegg vart det sendt ei liste i 1959, NEG 73 Turkeinnretningar for korn og malt.   Les mer …

Magne Osland og Oddvar Berge brygger øl ved Vellåna, Larsgarden, Berge i Høyanger.
Foto: Einvald Osland
(Omlag 1975)
NEG 35 Ølbrygging er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1952 med tittel Ølbrygging. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Sydfløyen i 2007. Døra til venstre på veggen gikk i følge Sinding-Larsens rekonstruksjon til den opprinnelige lønngangen over til Jomfrutårnet og kunne brukes til å kontrollere inngangskorridoren en etasje lenger ned.
Sydfløyen er en av bygningene på det opprinnelige Akershus slott i Oslo. Den regnes for å ha blitt oppført ca. 1300. Bygningen er i dag særlig kjent for slottskirken, som ligger i første etasje. I andre etasje er det saler, og i kjelleren fangeceller og lønnganger. Det var i dette bygget Riksarkivet tilbrakte sine første år. Ytre mål er 13 x 33 meter, som gjør bygget større enn Nordfløyen, men noe mindre enn Håkonshallen i Bergen.I eldre historiografi het det at Sydfløyen ble reist utenfor festningen i Christian IIs tid som visekonge på Akershus. Teorien bygger blant annet på et skrift av den tyske presten Reimar Kock, som hadde vært til stede på festningen i 1532 og vandret i salene som han tilskrev Christian II. Også en anonym slottsskriver som på slutten av 1500-tallet forfattet festningens historie, regnet Christian II som byggmesteren bak sørfløyen og murene som strakte seg ned dit fra Vågehals og Fuglesang.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar