Forside:Dovre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 22:42 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Dovre kommune
0511 Dovre komm.png
Dovre kommune er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar mot Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel og Vågå i sør og Lesja i vest. Kommunen vart oppretta ved deling av Lesja herad i 1862. Administrasjonssenteret er tettstaden Dovre, og andre befolkningssentra er Dombås og Hjerkinn. Tradisjonelt er det ein landbrukskommune, men i nyare tid har industri og turistnæring også blitt viktige næringsveger.

Dovre er ein fjellkommune, som omfattar Snøhetta og den nordlege delen av Rondane. Dei tre nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane og Dovre omfattar områder i Dovre kommune.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Fenrik Hofseths skisse over kampavsnittet Lesja - Dombås 1940.
Foto: Arnfinn Kjelland

Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) vart starta i 1995 som stifting «etablert på Dovre krigsminneforenings samlinger»[1].

Ved etableringa hadde foreninga om lag 70 medlemer. Da hadde medlemene i mange år samla gjenstandar og dokumentasjon knytt til andre verdskrigen.   Les mer …

Atna ved Straumbu i Folldal. På venstre side renner Stormyldingi inn i Atna. På høyre side ser man Atna hengebru i bakgrunnen.
Foto: Chris Nyborg
(2015)
Atna er ei elv i Innlandet fylke. Den renner gjennom kommunene Dovre og Sør-Fron i tidligere Oppland fylke og Folldal og Stor-Elvdal i tidligere Hedmark fylke. Elva renner fra Verkilsdalsvatn i Rondane, og renner ut i Glåma nær tettstedet Atna. Langs deler av strekningen er elva grense mellom Hedmark og Oppland. Atna har tilløp fra flere sideelver: Hira, Storbekken, Setninga (og gjennom denne Vulua og Snødøla), Blankgryta, Storgryta og Stormyldingi. I Stor-Elvdal renner den gjennom Atnsjøen.   Les mer …

Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.
Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule. Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.   Les mer …

Minneutstilling om Engen på Oppland fylkesbibliotek, Gjøvik. Vi ser nokre av bøkene han skreiv.
Foto: Trond Nygård (2014)
Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944Dombås i Dovre, død 14. juni 2014Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.   Les mer …

Lesja kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Hans H. Joramo
(omkr. 1910)
Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.   Les mer …

Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.
Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866Nordi LieLesjaskogen, død 10. mai 1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967).   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Dovre kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Brosjyre, udatert.