Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2023 kl. 12:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Nordstog Glidbjørg i slåtten ein gong i 1970-åra. Bilete frå Marie Glidbjørg.

Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) ligg vestom Otra og heilt i nordenden av det gamle stavenesgardsvaldet i Bykle kommune. Såleis er det vel enklast å seia at han ligg mellom Berdalen og Stavenes. Mot nord deildar eigedomen mot Berdalen, mot vest går han til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgåi, men likevel slik at ein teig på sørsida av elva høyrer Glidbjørg til. Etter jaktkartet skal det samla gardsvaldet vera på 12 489 mål, men dette er dela på fleire bruk, og den nærare fordelinga dei imellom har me ikkje funne skikkelege oppgåver om.

Når me ovanfor har sett bruksnamnet Nordstog i parentes, er det avdi dette namnet har vore nytta om det opphavlege bruket etter at Systog vart utkløyvd i 1920.

Gardsnamnet har etter Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 11, 214) samanheng med det gamalnorske verbet glitra, som han legg ut som «glimre, glindse, skinne». Tydinga skulle då verta «Det glitrande berget», noko som passar godt, ettersom det ovanfor garden ligg eit noko høgt berg som vert kalla Glitretind. Når dette berget er vått, og får solskin på seg, glitrar det i det, og det kan snautt vera større tvil om at dette er opphavet til gardsnamnet.   Les mer …

Bjones med uthus frå 1950 og våningshus frå 1954. Bilen i innkøyrsla er ein Ford Anglia av ein modell som vart produsert i åra 1959-1960. Biletet er teke av Sjur Fedje i 1966. Frå Norsk Folkemuseum.

Bjones er ein gamal husmannsplass under Stavenes i Bykle kommune, som vart delvis sjølveigareigedom så tidleg som 1764, og matrikulert til eige bruk i 1843. Bruket ligg ved riksvegen omlag 3 km sunnanfor Bykle kyrkje, på den austre stranda av Bykil. Enklaste tilvisinga i dag er vel å seia at bruket ligg ved nordenden av tunnelen gjennom Sandefjellet.

I gamal tid var det ferjestad her, og oppsitjaren i Bjones hadde arbeid med å ro folk og varer som skulle nordetter dalen over vatnet til Vettsto ved Lambeto. I ei kontrakt med presten om plassen frå 1795 heiter det såleis at «... Bjones bestandig har været, og herefter stedse skal forblive et Færgested til Sognets Almues og Reisendes Befordring.»

Når det gjeld namnet, har ein lite av gamle skriveformer å byggje på, men i 1713 vart forma Biaanes nytta i ei skatteliste, og på eit militærkart frå 1790-talet står det Bøenes.   Les mer …

Myri 1965.
Foto: Fjellanger- Widerøe

Myri ligg i terrenget mellom Gjerdentunet og Kanada, beint sørom Lii-plassen, på motsett side av Jarevegen i høve til denne. Bruket vart ikkje matrikulert for seg sjølv fyrr i 1987, derav det høge bruksnummeret, men etter det me skjønar var det likevel sjølveigarbruk frå 1915, eller kanskje endå eitt år eller to lenger attende. Tidlegare var det plass under Attistog, og her budde folk frå 1858 eller 1859.

I den gamle gards- og ættesoga (130) les me at Olav Sveinsson Maurlii «truleg kom til Myri [...] og budde her», men me har ikkje sett noko i samtidskjeldene som kan stadfeste dette. Me veit at Olav Sveinsson budde i Maurlii i 1828 og sidan var busete einkvarstad i Byklum, der han heldt til iallfall i åra 1833, 1847, 1851 og 1853. Likevel er det kanskje mogeleg at han sat i Myri eit tak i andre helvta av 1850-åra, men me trur ikkje det.

Derimot er me heilt sikre på at son åt Olav Sveinsson budde her, og at han var her lenge, og me meiner også at det var han som rudde plassen, og sette opp dei fyrste husa her.   Les mer …

Libu, plass og sidan støyl under Sygard. Busett 1852-1883.
Foto: Folke Nesland ca 1968.

Libu låg 2,5 km vest for Nesland, rett under Furestøyl, som var støyl til Sygard. Den dyrka marka her var 5 til 6 mål. Ned mot Bossvatn var det nokså flatt, lenger oppe var det bratte åkfadd. Det er ikkje att hus eller murar på plassen i dag, berre dei brattaste ekrene har unngått neddemming.

Fyre det vart busetnad her var Libu støyl for Sygard. Han som fekk bygsla denne støylen og slo seg ned her var Andres Hallvardsson Nesland, som i 1852 fekk husmannskontrakt hjå faren, Hallvard Knutsson. Andres var på denne tid ugift, men fekk plassen på livetida for seg sjølv og ei eventuell kone «om han gifter sig». Plassleiga var så låg at ho nærast var symbolsk, 8 skilling i året, men elles var det ei nokså streng kontrakt:

Skulde Andres Halvorsen eller ogsaa en mulig Enke ikke opfylde denne Accord, eller vise Opsætsighed, Utroskab, eller paa anden Maade forsee sig mod denne Bygselsæddel,

da har han samme forbrudt.

I den gamle gards- og ættesoga les me (78) at det var Olav Hallvardsson som «fekk plassen Libu hjå faren», og at Olav i sin tur overlet denne til broren Andres, etter at han sjølv hadde fått kaupe Nordstog Stavenes. Som det vil ha gått fram ovanfor er dette gale, men det er rett at både Olav og Andres budde her. I 1865 var Andres «husfader», men framleis ugift, står det i folketeljinga frå det året. Olav var busete, også han framleis ugift, og med seg som «husholderske» hadde dei systera Ingjerd.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …

Nordgarden 20.07.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Nordgarden er den av gardane i Breive i Bykle kommune som ligg lengst vest, eller inst, om ein vil. At dette bruket, som er det tredje eldste, har fått bnr 1, kan tykkjast rart, men matrikkelnummera er ordna etter som mennene i matrikkelkommisjonen på 1830-talet fann det praktisk å rykkje fram i terrenget, og det var ikkje nødvendigvis i historisk rekkjefylgje. Bruket her vart utkløyvd frå Der inne så seint som i 1787, i samband med skiftet etter Ingebjørg Salmundsdotter. Ingebjørg hadde vore kona åt Torbjørn Jonsson, som åtte 3 skinn i garden, dvs. halvparten. Buet skulda 100 dalar til Olav Nylend i Grungedal og vidare var det nokre smågjelder på i alt 23 dalar. Jon Torbjørnsson og systera Gyrid kom då til om at dei skulle dele eigedomen midt i to. Gyrid fekk Der inne mot å taka far sin i foddog, medan Jon fekk Nordgarden mot å taka på seg gjelda.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar