Gunhild Larsgard, ugift, stelte heime, tenestjente, storprodusent av brunost, kvitost og smør, dronning i eige rike: Randen gard i Hovet/Hallingdal på 950 moh., 7 km til nemmaste granne. Foto: Joronn Sagen Engen (faksimile fra Fremtiden 31. januar 1981)
Gunhild Larsgard (fødd 3. august 1909 i fjellbygda Hovet i Hol kommune i Hallingdal, død 29. september 1993 i bygda Hol, Hol kommune) var tenestjente, budeie, og dronning i eige rike. Ho gjorde ein stor innsats under andre verdskrigen.
Foreldra var Birgit Pålsdotter og Hans Larsson Larsgard. Dei var bønder. Gunhild var nummer fire i ein syskjenflokk på seks, og den yngste av tre jenter. I 1915 flytta ho, seks år gamal, med familien til fjellgarden Randen som låg kring sju kilometer frå Hovet. Ho gjekk på skule i Nord-Hovet. Storesystrene etablerte seg utanfor bygda. Mor hennar døydde i 1941, far følgde etter i 1949. Ein bror drukna i 1947. Den yngste broren sette seg ned i Hovet. Det vart eldste bror hennar, Pål, som held fram som bonde på Randen. Saman lyfta Gunhild og Pål arven etter far og mor, men utan brorfamilien i bygda vore det ikkje mogleg drifte garden. I 1986 flytta dei til bygdars att, for godt. Den siste tida budde Gunhild på aldersheimen i grannebygda Hol, der ho døydde 29. september 1993.
Kven var Gunhild Larsgard? Kva kjenneteikna tida ho levde i? Korleis var dagane organiserte på ein liten fjellgard, 950 moh., i øvre Hallingdal, på 1900-talet? Bygdebokforfattaren Lars Reinton gir oss i kortform eit svar: «Kvinne, ugift, steller for Pål heime». Ho var kjent for sin gode brunost, og for innsatsen under krigen.
Ser ein nærare etter finn ein ei uhyre produktiv kvinne, men produkta, som ost, smør og rumme ligg ikkje att i landskapet som varige merke etter lange dagar med tunge lyft og slit, slik til dømes arbeidsrøyser etter menns innsats gjer det. Les mer …
Frå informasjonsskriv om Telemarkskyri meieri 2008.
Telemarkskyri meieri i Fyresdal var eit meieri der sjølve tanken bak produksjonen var å vere med på å berge telemarksfe som eigen rase. Telemarkskyri meieri AS var eit småskala meieri på Molandsmoen i Fyresdal som vart opna med stor festivitas og optimisme 19. oktober 2006. Produksjonen skulle vere smør og knaost ( pultost) frå telemarkskua, dette var god utnytting av mjølka, men desse produkta gav ikkje lønsam drift. I slutten av 2007 revurdera meieriet både produkta og distribusjon og kanalar for sal av produkta. Det vart nyteikning av aksjar og meieriet satsa då vidare på fire produkt derav tre var nye. Produktporteføljen vart med dette smør, salatost (basera på skumma mjølk, bare 8% feit), kvitskimmelost (brie) og prim. Les mer …
Denne biten med barkebrød fra Valle i Setesdal ble lagt ved presten Peder Ludvig Lunds beskrivelse av Valle prestegjeld i 1798. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum
Barkebrød er brød bakt med mel av korn malt sammen med bark. Brødet var erstatningsmat i krisetider, spesielt på 1700-tallet og i nødsårene tidlig på 1800-tallet. Det var særlig bark av alm, bjørk og furu som ble brukt, men også andre treslag kunne brukes. Bjørkebarken er så bitter at den bør lutes før bruk. Næringsinnholdet i barken er minimalt, men brødet mettet slik at man kunne klare seg gjennom kortere sulteperioder.
Det er usikkert når man begynte å lage barkebrød. Folk var utvilsomt tidlig klar over at bark ikke var farlig å spise, og det er nærliggende å tro at man allerede i middelalderen har drøyet melet på denne måten i uår. En mulig referanse fra middlealderen er knytta til at Christoffer av Bayern skal ha blitt kalt «barkekongen» etter at man under uår måtte lage barkebrød, men dette er ikke sikkert dokumentert. Den tidligste klare referansen er fra 1597. En danskfødt prest skrev om armod i Numedal, og fortalte at folket tok barn fra alm og bjørk som de bakte brød med. Presten ser ut til å ha smakt på det selv, og kan meddele at «Gud skall wide, det er icke megit söt at ædde». Les mer …
|