Forside:Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2010 kl. 20:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = er }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
MeløyBodøGildeskålBeiarnSaltdalFauskeSørfoldSteigenHamarøy

Om Salten
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Helene Ugland
Gunhild Helene Ugland (født 11. februar 1877 på Lille Augland i Froland kommune i Aust-Agder, død 1. august 1940 på Borås Lazarett i Västergötland i Sverige) var utdannet lærerinne, men «hoppet av» og ble sosialistisk agitator. Som så ble hun den første som tok seg fram til gruvebyen Sulitjelma, og implisitt; den første – og eneste sosialistiske agitator som greide å holde foredrag i «Lapplands Helvete». Men hun var også vår første kvinnelige arbeiderdikter. Hun var dessuten den som skrev prologen til kvinnenes første 17. mai-tog, og hun ble styremedlem i det første sosialdemokratiske ungdomsforbundet. Hun holdt innledning, som norsk gjest på en av Skandinavias første sosialdemokratiske kvinnekonferanser – i Sverige. Her ble hun også valgt til konferansens referent.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Lønsdal stasjon i mars 2010.
Foto:  Olve Utne
Lønsdal stasjon er ein jarnbanestasjon mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Lønsdal (pitesamisk Luonos el. Luonosvág’ge) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Semska stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonen var endestasjon for Nordlandsbanen fram til 1. desember 1955, da banen blei forlenga fram til Røkland.   Les mer …

Biskop Johan Nicolai Støren ledet stiftsmøtet i Bodø våren 1923.
Foto: Ukjent
Stiftsmøte for Haalogaland bispedømme i 1923 ble initiert med en målsetting om å få gjennomdrøftet Normalplanen for landsfolkeskolen av 1922, som så å si hadde vært i bevegelse fra 1889. Veien fram hadde vært lang og spekket med dramatikk. Nasjonsbyggere, konservative og revolusjonære kom tidvis både i et fruktbart og idemessig samvirke, men prosessen var nok mest preget av kampen om samfunnsmakten og den idemessige utforming av grunnskolen. Da normalplanen var vedtatt ble det debatt – en debatt som i stor grad ble styrt av kirkas folk. Det som ble hovedsaken nå var planens forslag om å senke timetallet i kristendomsfaget.   Les mer …

Saltværing av eldre type: Krumstemning frå Misvær i Bodø kommune, no i samlingane til Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar.   Les mer …

Elias Blix
Elias Blix (fødd 24. februar 1836 i Gildeskål, død 17. januar 1902 i Kristiania) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vert særleg hugsa som salmediktar, og som omsetjar av Bibelen til landsmål. Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at salmane hans vart godkjende for bruk i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med 71 salmar av Blix. Blant hans mest kjende salmar er «No Livnar det i Lundar» og fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland», den første tonsett av Ludvig Mathias Lindeman.   Les mer …
 


 
Kategorier for Salten
 
Andre artikler