Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’). Les mer …
Slubbo ( lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten. Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett. Les mer …
Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk. Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk. Les mer …
|