Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica ( 1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors. Les mer …
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.
Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/ kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk har òg somme morsmålstalarar i Norge, og revitaliseringsarbeid er i gang. Skoltesamisk og umesamisk er lokalt utdøydd som morsmål i Norge, men revitalisering er aktuelt. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige. I Finland har nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk morsmålstalarar. Les mer …
|