|
|
|
| Aktuelt | Søk i databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektsforskning Kulturvern |
Føreord[ Hentet fra: Norsk lokalhistorisk litteratur :
ein bibliografi ca. 1900-1996 / utarbeidd av Frode Fyllingsnes. - Oslo
: Norsk lokalhistorisk institutt, 1997. - S. 8-9. - ISBN 82-90176- 86-4
] Dessutan er Norsk bokfortegnelse for åra 1969-1995 gjennomgått, og kontaktpersonar kring i landet har gitt opplysningar om kva som er publisert for deira område. Margit Løyland sitt oversyn over bygdebokdekninga i Noreg fram til 1992 har og vore til stor hjelp. Bibliografien omfattar by- og bygdebøker, regionhistorie og lokalhistoriske periodika. Nye utgåver og opptrykk av eldre verk er også teke med, men på dette punktet er nok bibliografien langt frå fullstendig, avdi det er vanskeleg å framskaffa slike opplysningar. Registreringane vart avslutta i november 1996. I eit tillegg er det teke med ein del publikasjonar som vart registrert i desember etter at arbeidet med manuskriptet var avslutta. Vi har likevel truleg ikkje fanga opp alt det nye som kom i 1996. Sjølv om dei enkelte publikasjonstypane som er med kan synast lette å avgrensa, vil det i enkelte høve også koma inn grad av skjønn. Dette gjeld t.d. for periodika som innneheld ein del, men ikkje berre lokalhistorie, eller bøker som i praksis kan seiast å vera bygdesoger, men som ikkje er utgitt som «offisielle» bygdebøker. I slike tvilstilfelle er det først og fremst breidda og omfanget av det lokalhistoriske stoffet som er lagt til grunn for om publikasjonen er inkludert eller ikkje. Kvalitetskriterium har ikkje vore nytta i utarbeidinga av denne bibliografien. Dei bibliografiske opplysningane for publikasjonar utgitt mellom 1969 og 1996 er kontrollerte i den grad publikasjonane har vore å finna i biblioteka til NLI og Riksarkivet. For publikasjonar eldre enn 1969 er det berre teke stikkprøver. Bibliografien er ordna topografisk etter fylke. Innanfor kvart fylke vil ein først finna litteratur som omhandlar heile fylket, deretter distrikt og så dei enkelte kommunane. Eit distrikt vil i denne samanheng sei eit område som dekkjer fleire kommunar og er kjent under eit felles namn, t.d. Jæren. Dersom ein publikasjon har stoff frå fleire kommunar, men området ikkje har eit felles namn, er innførselen sett på ein av kommunane, med tilvisingar under dei andre kommunane. Innanfor kvar geografisk eining kjem først bybøker, deretter bygdebøker og til slutt periodika. Når det gjeld periodika som heilt eller delvis skiftar tittel, har vi prøvd å registrera alle endringar av hovedtittel, medan skifte av undertittel ikkje er teke med. Det er den nyaste undertittelen som er oppført. Redaktørar for periodika er ikkje nemnt. Det vil heller ikkje framgå av bibliografien kor ofte eit periodika utkjem. Det er ofte vanskeleg og tidkrevjande å finna ut når eit lokalhistorisk periodika opphøyrde å koma ut (dessuten hender det at periodika «vaknar til live att» etter å ha lege nede ei tid). Dette medfører at ein del periodika som i bibliografien er oppførte som «løpande» kan ha stogga å koma ut. Til slutt vil vi oppmoda alle som oppdagar feil og manglar ved denne bibliografien til å gje melding om dette til NLI, slik at det kan rettast opp til neste utgåve. Norsk lokalhistorisk institutt, mars 1997 |
|
||
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
| Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Kronprinsens gt. 9, 0251 Oslo, tel: 21021750, faks: 21021751, nli@lokalhistorie.no |