Du er her: Hovedsiden > Kilder og litteratur > En del hjelpelitteratur... > Heim og ætt...
  Aktuelt | Søk i databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Heim og ætt for nye generasjonar

Frå gards- til småsamfunnshistorie

 

Arnfinn Kjelland

[ Denne artikkelen er tidligere publisert i: Framtid for den lokale fortida / redigert av Margit Løyland. - Oslo : Norsk lokalhistorisk institutt ; Landslaget for lokalhistorie, 2001. - S. 97-121. - ISBN 82-90176-94-5 ]

 

Innleiing


Emne
Den opphavlege arbeidstittelen for dette bidraget spurte om «Gard og ætt» var noko for «ei urbanisert samtid». Eg kan for så vidt svare på spørsmålet med ein gong: ja, eg trur nokså reservasjonslaust at den snart 100 år gamle sjangeren gards og ættesoge - eller, det eg slik mange andre før meg meiner vi bør begynne å kalle, busetnads- og befolkningshistorie - faktisk er eit aktuelt tema i den urbaniserte samtida vår.

For medan lokalhistoria stadig har femna om meir og meir, har denne sjangeren, i alle fall i dei siste 25 - 30 åra, delvis vore «nedvurdert» og forsøkt stengt ute av det gode lokalhistoriske selskap, på liknande vis som den meir reindyrka slektshistoria. Og det har nok til dels gått ei «frontline», mellom den «akademiske» delen av lokalhistoriefaget på eine sida og «grasrota» på den andre, når det gjeld om dette emnet er liv laga. Harald Winge spurte t.d. i jubileumsboka for Landslaget i 1995 om gards- og slektshistoria må døy?

Eg skal no sjå kort på nokre hovudtrekk i utviklinga av sjangeren og seie litt om den kritikken som har kome opp med visse mellomrom.

Deretter tek eg for meg litt om korleis slike prosjekt kan organiserast for at dei kan gjennomførast mest mogleg effektivt, inklusive tilhøvet til og bruken av «faghistorikarar».

Til slutt vil eg trekke nokre konklusjonar om den funksjonen busetnads- og befolkningshistoria kan ha som oppslagsbok, korleis det vi kan kalle «småsamfunnshistorie» kan utformast - med vekt på den s.k. grendemodellen for meir tettbygde strøk - og til sist kome med eit forsvar for den utskjelte «ættesoga».

Min bakgrunn
Eg bygger først og fremst på konkret erfaring med fullføringa av eitt slikt verk, gards- og slektshistoria for Lesja i Nord-Gudbrandsdalen, der eg skreiv tre band på til saman om lag 2200 sider. I tillegg til sjølve den tradisjonelle stoffsamlinga og skrivinga, fekk eg da høve til både å administrere bilde- og minneinnsamlingar, og sjølve bokutgjevingsprosessen, inklusive formgjevinga, sideoppsett-arbeidet og kontakten med trykkeriet.

Eg fekk òg høve til å bruke edb som arbeidsreidskap både i skriving og kjeldehandsaming frå nokså tidleg på 1980-talet, slik at eg samla sett har rimeleg omfattande erfaring med dei fleste problemstillingane slike prosjekt blir stilt ovafor gjennom heile prosessen frå start til mål.

Lesjabøkene vart fullførte for nokså nøyaktig 4 år sidan, i 1996, og eg trakk da pusten djupt og sa som mange andre i same situasjon: aldri meir! Problemet var likevel at allereie før eg hadde fullført Lesjabøkene kom det førespurnad til Høgskulen i Volda - der eg er tilsett - om fagleg bistand til å få laga bygdebok av busetnads- og befolkningshistorie-typen for Sula kommune.

Ein av grunnane til at dei regionale høgskulane vart utbygd i Noreg var at dei skulle vere faglege ressurs-tyngdepunkt i sine regionar, og derfor kunne vi ikkje berre seie nei til førespurnaden. Og etter som det blant historikarane i Volda var eg som hadde erfaring med slike prosjekt, var det ingen veg utanom.

Berre ca tre veker etter eg var ferdig med Lesjabøkene døydde bygdebokskrivaren i nabokommunen Lom, Jon Kolden. Eg vart da kontakta av kommunen med spørsmål om eg kunne gje råd om kva dei måtte gjere for å få fullført verket der. Eg hadde kjent Kolden som ein samvitsfull lokalhistorikar, som trass i relativt høg alder hadde teke i bruk datasystemet Ættesoge straks det kom i 1988, men som òg av forskjellige grunnar hadde hatt ein god del problem med arbeidet. Eg vurderte det som tragisk å risikere å la så mange års lokalhistorisk arbeid gå fløyten, og sa ja til å sjå nærare på stoffet.

Kort tid etter fekk eg eit tilsvarande spørsmål frå nabokommunen til Lesja, Dovre. Sidan Lesja hadde fått si gards- og slektshistorie, ville denne kommunen òg vete kva det ville koste å få til eit liknande verk.

I 1998 sette ei gruppe ivrige medlemer på «grasrotnivå» i Volda seg føre å «rette feil» i dei gamle Voldasoge-bøkene (utgjeve i 1960- og først i 70-åra), oppdatere dei fram til i dag og gje ut nye bøker. Utan å gjere noko aktivt vart eg på same viset kopla opp mot dette prosjektet: også Volda kommune ville ha fagleg bistand til å legge opp arbeidet.

Enden på visa er altså at eg, etter å ha fullført Lesjabøkene i 1996, har gjennomført forprosjekt for fire andre kommunar: Lom, Dovre, Sula og Volda. Tre av desse - Lom, Sula og Volda - er sett i gang med meg som prosjektleiar.

Litt historiografi: framveksten av «den holmsenske gardshistoria»

Sjangeren busetnads- og befolkningshistorie er omtrent like gamal som hundreåret. Oscar Albert Johnsen: «Hurum. En historisk-topografisk Beskrivelse» vart skrive i 1901-02 og utgjeve året etter. Boka inneheld både det vi kallar allmennsoge og gardssoge, men ikkje ætte-opplysningar. Hurum vart etterfølgd av fleire andre prosjekt, med Lorens Berg: «Andebu» og O. Olafsen: «Ullensvang» som dei første.(1) Berg vart ein produktiv bygdebokforfattar i denne tidlege tida, og det same galdt Jacob Aaland, som gjekk i gang med tilsvarande arbeid for Nordfjord-bygdene.

Randi Bjørkvik opererer i jubileumsboka for Landslaget frå 1970 med ein eigen periode frå kring 1920-45, der O. A. Johnsen var ei drivkraft i det lokalhistoriske arbeidet her til lands.(2) Vi kan godt kalle dette ei «prøve- og feile»-fase, med mange ulike variantar av gards- og ættehistoriske framstillingar, meir eller mindre gjennomarbeidd.

Johnsen vart avløyst av dei to som ein kan seie var fedre til det Bjørkvik kallar «den konkrete og levende gardshistorie»: Andreas Holmsen og Lars Reinton, som kom inn i rørsla rett etter krigen. Av desse var det Holmsen som tidlegast hadde målet klart: ei framstilling som sette garden sjøl i sentrum - som arbeidsfellesskap og økonomisk og kulturelt fellesskap.(3) Opplegget Holmsen utvikla, det som seinare har vore kalla «den holmsenske gardshistoria», er i hovudsak tematisk, der ein tek for seg grenser, delingshistoria, eigedomshistoria, husmannshistoria osv. Dette kalla Holmsen eit «program for gardshistorie», og det vart innleiinga til det Bjørkvik kallar «en veldig økning» i produksjonen av slike verk fram til 1969. «Holmsen-modellen» har vel blitt det ein kan kalle ein «de-facto» standard for korleis slike verk bør skrivast.

Holmsen var nok ikkje så oppteken av det andre elementet i sjangeren, ættesoga. Ein klar tendens er at denne delen er blitt meir og meir integrert i modellen. Ættesoga er gjerne nemnt «Folket på garden» o.l., og inneheld som oftast eit detaljert kronologisk oversyn over brukarane og deira familier, staden kvar einskild kom frå og/eller flytte til m.m. Ho har i dei seinare åra fått ein meir og meir sentral plass i framstillinga. Metoden som vart utvikla for å sette opp desse oversyna har mykje til felles med ein særskilt metode innafor vitskapen historisk demografi, den s.k. familierekonstitusjonsmetoden. (4)

Harald Winge har skildra utviklinga i perioden 1970-1995 som «en ekstraordinær sterk vekst», der busetnads- og befolkningshistoriesjangeren voks sterkast.(5) Nesten to tredjepartar av alle busetnads- og befolkningshistorieband som var utgjeve pr 1995 var frå perioden etter 1970. Veksten ser ut til å halde fram. NLI gjennomfører kvart fjerde år ei gransking av løyvingane til slik verksemd , og i følgje dei siste tala (frå 1996) kan ein truleg svært forsiktig rekne dei årlege løyvingane til denne typen bygdebokskriving til godt over 20 mill. kr.

Særtrekk ved utviklinga dei siste 25-30 åra

Eg skal ikkje gå i detalj her, eller forsøke å grunngje påstandane mine med særleg mykje «hard empiri». Men eg vil nemne nokre punkt som kanskje kan seiast å karakterisere utviklinga:

1. Vi har sett ei særs sterk utviding i det sidetalet som blir brukt i bøkene. Det kjem truleg delvis pga. trykking/innbinding er blitt mykje rimelegare, noko som har gjeve høve til i stor grad å supplere den «holmsenske beingrinda» med meir kulturhistorisk stoff, kjeldeutdrag osv., ikkje berre i gardssogedelane men òg i ættesoga.(6)

2. Bøkene er blitt mykje betre og moderne illustrert, i alle fall når det gjeld bildebruk, til dels i fargar. Men framleis er bruken av kart for dårleg i mange verk.

3. «Alle skal med». Det har skjedd ein overgang frå framstillingar der berre nokre ætter - som regel på dei større gardane - får plass i bokverka, til meir eller mindre medvite å forsøke å eliminere slike skeive sosiale vinklingar ved å ta med ætteinformasjon om alle personar som finst att i kjeldematerialet. Denne informasjonen blir som oftast knytt til ein bustad, viss det er råd, og dermed blir òg «gardshistoria» til større delar av den faktiske busetnaden inkludert, ikkje berre «storgardane». System for krysstilvisingar er blitt betre, og det er utvikla datasystem som i alle fall kunne nyttast til å spare litt inn på det omfattande arbeidet ættesoga fører med seg. Andre, meir generelle verktøy er komne til, og storleik på lager og maskinkraft er ikkje lenger noko problem.

4. Visse element av historie om eit anna nivå enn sjølve det einskilde gardsbruket (eller «matrikkelgarden», «namnegarden» o.l.); grenda, er til ein viss grad vidareutvikla, sjølv om det ikkje er mange som einsidig har forsøkt ein slik modellen i reindyrka form. (7)

Kva har kritikken av busetnadshistoria gått ut på?

Harald Winge spurte altså i 1995 om busetnads- og befolkningshistoria må døy. Han var ikkje den første som stilte spørsmål ved den store ressursbruken i sjangeren. Winges forgjengar som styrar for NLI, Rolf Fladby, slo til lyd for ein ny modell i ein artikkel med tittelen «Behandlingen av de små enheter i bygdesamfunnet» alt i 1973.(8)

Fladby tok utgangspunkt i dei store endringane som alt da - i starten på 1970-åra - sette sitt preg på stadig fleire bygdesamfunn:

«Gardshistorien har sin berettigelse i det forhold at garden hadde en mangeartet funksjon i det gamle bondesamfunn. Den var arbeidsplassen for bonden og hele hans familie og husstand ellers, kanskje også for en husmann eller flere med deres familie. Den var bolig og hjem for en eller flere familier, og det sjelden bare i èn generasjon, men kanskje for ætta så langt tilbake som noen kunne fortelle. Garden selv og det utkomme den ga, var et resultat ikke bare av hele husstandens innsats fra år til år, men av tunge tak gjennom generasjoner. Endelig utgjorde garden, grenda og grannelaget et samfunn som var knyttet sammen i hverdag og fest. Dette samfunnet kan det være mening i å prøve å følge så langt kildene rekker og våre evner gjør det mulig», skreiv han.(9)

Men no var store endringar på gang. Tettstader voks fram, gardar vart nedbygde eller fråflytta, eller brukaren hadde blitt hobbybonde attåt anna arbeid, folk pendla til arbeidsplassar langt unna osv. Funksjonen til eit bustadhus bygd i eit bustadfelt på grunnen til ein gamal gard er heilt forskjellig frå den funksjonen ein gard hadde for familien i eldre tid. Derfor meinte Fladby det ikkje hadde nokon meining å overføre mønsteret frå dei «holmsenske gardssogene» til moderne tettstadsbusetjing. (10)

Fladby ville løyse dette ved å ta ut noko av gardssoge-stoffet og erstatte det med anna stoff. Han foreslo å nytte kulturlandskapet som ein raud tråd gjennom forteljinga om slike småsamfunn, og så knytte spor i terrenget opp mot utviklingsepokar i busetjing og næringsutvikling, i ein kronologisk disposisjon. Så ville han kutte ut ættesoge-stoffet. Grunngjevinga var at det var så mange innflyttarar utan slektstilknyting i slike busetjingsområde, og dei ville ikkje vere interessert i dette stoffet.

Dei fleste faghistorikarane som meinte noko om sjangeren på denne tida, ville ofre ættesoga. Ho bestod berre av lange rekkjer med namn og årstal utan interesse. Dei meinte stort sett ein heller kunne legge til rette for slektsgransking ved at kjeldematerialet vart gjort tilgjengeleg i lokalhistoriske samlingar, på folkebiblioteka osv.

Andre følgte opp debatten. Jørn Sandnes meinte i 1973 (11) at det å behandle nyare villabusetnad på same måten som gardane var å drive lokalhistorie «ad absurdum». Han var likevel ikkje negativ til sjølve sjangeren, noko eg kjem attende til.

Felles for desse første - og dei fleste seinare - invendingane var at dei kom frå akademikar- eller rådgjevarhald, utan at det - med unntak av meir forteljande bøker skrivne av Knut Mykland og Arnvid Lillehammer (12) - vart gjort seriøse forsøk på å gjennomføre prosjekt etter nokon annan prinsipiell modell enn den «holmsenske».

Eit forsøk på nyskaping: Totens bygdebok og «grende-modellen»

Eit miljø gjorde noko konstruktivt. Ved Toten museum - som administrerte Totens bygdebok - planla dei å bryte med den holmsenske modellen og i staden skrive om grendene som den lågaste busetjingseininga.

Det var kanskje som del av forarbeidet for dette at direktøren, John Aage Gjestrum, i 1984 gjekk gjennom alle bokmeldingane i Heimen av gards- og slektshistoriske bygdebøker. Han syner at det alt da hadde vore ein debatt om innhaldet i desse bøkene i over 25 år.(13) Han peikte på at Fladby var den som gjennom stillinga som leiar for NLI fekk føle problema på kroppen, når han skulle gje råd til bygdeboknemnder rundt om i landet.

Gjestrum formulerte to grunnleggjande problem med den rådande modellen:

1. Avgrensinga av busetnads- og befolkningshistoria i område med tettstadsframvokster.

2. Viss ein kjem til at tettstadene ikkje skal skildrast etter den «holmsenske» modellen, korleis skal dei da behandlast?

Gjestrum konkluderte - kanskje litt overraskande - med at ein burde behalde ættesoge-stoffet i trykt form, men erstatte den tradisjonelle gardshistoria med «småsamfunnenes historie», altså ein grendemodell. (14) Det vart da òg altså modellen for Totens bygdebok bd. IV. I kjølvatnet av denne boka gav så Heimen ut eit temanummer, der fleire historikarar kommenterte boka og modellen.(15) Diskusjonen fulgte stort sett dei same frontlinene. Det vart m.a. argumentert med at dette var eit forsøk på å lage ei motvekt mot den sosiale diskrimineringa ein fann i mange busetnads- og befolkningshistorier frå Austlandet, der berre ættene på dei større gardane vart tekne med. (16

Totens bygdebok bd IV vart altså skrive etter ein rein grendemodell. Men forfattaren, Svein-Erik Ødegaard, gjorde som så mange andre bygdebokskrivarar: han fann seg anna arbeid etter at første bandet var gjeve ut. Det er nok grunnen til at det berre har kome ut eitt band til, i 1998. Kritikaren og Holmsen-etterfølgjaren Birger Kirkeby har nok så langt fått rett i at det vil ta særs lang tid å fullføre Toten-verket etter den nye modellen.(17) Ødegaard har elles vidareført modellen i Boka om Land bd VIII. Eg kjem litt attende til denne modellen nedafor.

Eit fagleg argument for å oppretthalde sjangeren har vore at ein gjennom dei store stoffmengdene desse verka inneheld kan finne fakta for meir allmenne vitskaplege granskingar, stoff det elles ville vore uråd å grave fram frå primærkjeldene. Ståle Dyrvik drøfta i 1997 kor veleigna ættesoge-stoffet i bygdebøkene er for vitskapleg basert demografisk gransking. Resultatet var nedslåande. (18)

Kritikken av busetnads- og befolkningshistoria har altså gått ut på følgjande:

  • samfunnsendringane har ført til at «ei levande gardshistorie» ikkje lenger er relevant for andre enn stadig mindre delar av bygdesamfunna
  • ættesoge-stoffet tek for stor plass, det er berre katalogar over namn og årstal for spesielt interesserte, omfanget står ikkje i høve til arbeidsmengda bak og dei ekstra trykkekostnadene sidetalet fører med seg, og stoffet er lite eigna til vidare vitskapleg analyse
  • busetnads- og befolkningshistoriene særleg frå Austlandet, har vore sosialt diskriminerande; husmennene og andre grupper utanfor bondegruppa har ikkje blitt teke med
  • busetnads- og befolkningshistorie er «ein (så) ytterleggåande "atomistisk" måte å granske og framstille historie på at det nesten skrik etter ei fagleg og/eller kulturpolitisk grunngjeving. Det trengst rett og slett eit defensorat for ein disiplin som det rår sterk skepsis til blant mange faghistorikarar.»(19)

Ein førebels konklusjon: bør busetnads- og befolkningshistoria døy?

Eg vil stille eit motspørsmål til denne problemstillinga: Med kva legitimitet stiller «faghistorikarar» eller andre opp «krav» til kva slags lokalhistoria eit lokalsamfunn bør ha? Dette emnet tok Jørn Sandnes opp allereie i samband med den nordiske fagkonferansen for historisk metodelære i 1974, i det seinare så kjente og omdiskuterte postulatet om å skrive lokalhistorie «på lokalsamfunnets premisser».(20)

Motargumenta mot Sandnes var stort sett å så tvil om kven eller kva gruppe i lokalsamfunnet dei som definerer «lokalsamfunnets premisser» representerer, eller om «lokalsamfunnet» i det heile har noko medvite syn på kva slags lokalhistorie dei vil ha «så lenge den blir like eins som den nabobygda har fått».(21)

Eg viser elles særskilt til Sandnes sitt forsvar for den tradisjonelt - historiefagleg sett - minst interessante delen av sjangeren, slektshistoria.(22) Han var kanskje den første som argumenterte for å forsøke å bruke dette stoffet som utgangspunkt for emner som også faghistorikarane bør interessere seg for, jfr. Dyrvik 1997.

Kven er så «faghistorikarane»? Her må vi i dag kunne seie vi har ei to-deling: mellom vitskapleg tilsette ved universitet og høgskular på eine sida, og personar med historie hovudfag eller tilsvarande realkompetanse som arbeider i lokalmiljøa, og som til dels har arbeid med busetnads- og befolkningshistorie som levebrød, på andre sida. Eg avgrenser her nemninga til dei vitskapleg tilsette, fordi det helst er frå desse kritikken har kome.

Skal faghistoriarane berre gløyme busetnads- og befolkningshistoria, berre la ho segle sin eigen sjø? I stor mon er det faktisk det som skjer; det er ikkje mange faghistorikarar som driv med slikt arbeid. Det er både forståeleg og legitimt.

Det er neppe ei dristig hypotese å påstå at denne sjangeren har halde fram med å vekse som eit utslag av den oppblomstringa av kulturvern-verksemd i breid forstand som har skjedd i den same perioden (frå først på 1970-talet til i dag). Denne oppblomstringa har som kjent dels skjedd innafor den lokalhistoriske paraplyen, dels på sida av han.(23)

Treng vi eigentleg forsvare sjangeren? Ingen spør om kor forsvarleg det er å samle livsminne, stadnamn, gamle bilde, gjenstandar, sikre hus osv. Kvifor skal ein da diskutere om det er rett å skrive busetnads- og befolkningshistorie? Er det ikkje forsvar nok for sjangeren at lokalsamfunna ønskjer å få skrive slik historie, og er villige til å betale for det? Eg meiner i alle fall det, og eg trur Rolf Fladby meinte det same da han så seint som i 1995 sa: «Men en lokalhistorisk fremstilling må også være slik at folk i lokalsamfunnet selv kan ha glede og utbytte av den». (24)

Personleg har eg hatt nokre aha-opplevingar gjennom 15 års arbeid med dette stoffet i Lesja. Eg har opplevd å besøke private heimar der det nesten ikkje finst bøker, men der bygdeboka - busetnads- og befolkningshistoria - ligg framme på salongbordet meir eller mindre svart kring papirkanten, og med meir eller mindre revna permar og smussomslag. Det er neppe alle faghistorikarar som har opplevd det same med verk dei har forfatta.

Eit meir uheldig utslag av at faghistorikarane har «gløymt» busetnads- og befolkningshistoria er likevel at det, så langt eg kjenner til, ikkje finst tilrettelagte fagstudium ved nokon lærestad på noko nivå som gjev utdanning i å skrive denne type lokalhistorie. Den som går laus på slike oppdrag, må i prinsippet lære seg dei ulike teknikkane på eiga hand, dvs. finne opp krutet på nytt. Derfor er det ein stor fordel for oppdragsgjevarar som engasjerer forfattarar om dei kan klare å få tak i ei eller ein som har «gått læretida» i samband med andre prosjekt.

Det er likevel viktig at faghistorikarane - inklusive NLI - er seg bevisst når dei gjev råd. Det kjem eg attende til.

 

Kva kan så vere «faghistorikaren» - t.d. NLI - sin funksjon i høve til potensielle busetnadssoge-utgjevarar?


Generelt - behovet for forprosjektering
Busetnadssoge-prosjekt (og andre bygdebokverk) må kunne definerast som tunge kulturvernprosjekt. Dei fører med seg fleire millionar i brutto kostnader. Dei er dessutan eingongstiltak; det går i alle fall fleire tiår mellom kvar gong slike verk blir skrivne, og dermed har utgjevarane (i praksis oftast kommunane) dårleg kompetanse både på den faglege sida og på prosjektstyrings-sida.

Det moderne utgjevarar aller først treng å få vete, er nettopp omfanget av kostnadane eit slikt prosjekt medfører. Denne kunnskapen bør beslutningstakarane ha på bordet før slike prosjekt blir vedteke igangsett. Dette gav òg styraren ved NLI, Rolf Fladby, uttrykk for såpass tidleg som i 1984.(25) Men dessverre ser det framleis ut til at mange slike prosjekt blir sette i gang utan skikkeleg førehandsplanlegging, men heller etter ein «bordet fanger»-metode (som Fladby advarte mot).

Samstundes som ein kalkulerer kostandene må utgjevar sjølvsagt òg få kalkyla over dei inntektene slike prosjekt genererer. I motsetnad til dei aller fleste andre kulturvernprosjekt gjev nemleg bygdebokprosjekt, og kanskje særleg busetnadssogeverk, inntekter som kan utgjere ikkje ubetydelege tilskot også til sjølve stoffinnsamlings- og skriveprosessen, ikkje berre til dekning av trykkeutgiftene slik det ofte har vore hevda, m.a. frå NLI.

Gjennomgang av slike prosjekt kan ikkje gjerast etter tommelfingerreglar, som eg er redd NLI i alle fall tidlegare til ein viss grad har gjort. Mi erfaring er at det finst ikkje to slike prosjekt som er like, eller som startar frå null - med «blanke ark». Det gjeld m.a. tilstanden til, og omfang av, eksisterande kjelder og bakgrunnsstoff (t.d. samlingar av arkivavskrifter, trykte kyrkjebokserier, stadnamn- og bildesamlingar m.m.), ønskja frå utgjevar, omfang/kompleksitet av busetnad og befolkning osv. Det kan òg ha skjedd kommunesamanslåingar som har medført endringar i eldre prestegjelds-, tinglags- eller andre administrative grenser.

Det er ei vanskeleg, men òg viktig utfordring å analysere kva slikt har å seie for arbeidsmengda i eit prosjekt. I tillegg varierer sjølvsagt forfattarkvalifikasjonar og arbeidstempo.

Etter mitt skjøn skal vi som faghistorikarar - viss vi vil involvere oss - krevje at utgjevaren kostar eit forprosjekt eller ein planleggingsfase på i alle fall 1-2 månadsverk, der alle tunge arbeidsoperasjonar blir gjennomgått rimeleg grundig, og arbeidsomfanget vurdert og kalkulert.

Det er dette eg har gjort i samband med dei nemnte busetnadssogeprosjekta: forsøkt å gå igjennom i alle fall hovudgruppene av arbeidsoperasjonar, og kalkulert omfanget av dei. Alle som har vore gjennom slike prosjekt veit at det ikkje er heilt enkelt. Mange forskjellige operasjonar skal utførast på den kronglete vegen «frå idé til ferdig bok».(26)

Delprosjekt i ei busetnadshistorie - kalkyle
I samband med forprosjekta har eg på generelt grunnlag delt eit busetnadssoge-prosjekt i 5 hovuddelar, eller «delprosjekt»:

1. Prosjektleiing og økonomi. Kostnader knytt til det å drive prosjektet framover, ein timebetalt prosjektleiar, styringsgruppe (nemnd), renter og reservepost.

2. Befolkningshistoria fram til 1930-40 Bygger i hovudsak på skrivne kjelder, som bør leggast inn i eit datasystem.

3. Befolkningshistoria etter 1930-40. Må baserast på innsamling av informasjon rundt om i alle heimar i bygda.

4. Sjølve småsamfunnshistoriene. Kva form og omfang skal dei ha? Som delprosjekt under dette kan ein òg rekne sluttredigeringa, dvs. samanskriving av befolkningsregister og prosatekst, inklusive bilde- og andre illustrasjonstekstar.

5. Illustrasjonar: bilde- og evt. stadnamninnsaming, produksjon av kart og evt. grafiske framstillingar.

Desse arbeidsoperasjonane fører prosjektet fram til trykkeklart manuskript. Deretter kjem sjølve produksjonskostnadene (trykking og innbinding), før utgjevar får inntekter frå boksalet.

Framdriftsplan og prosjektleiing
Integrert i forprosjektrapporten bør ein absolutt utarbeide ein framdriftsplan. Denne må synleggjere når i prosessen dei einskilde arbeidsoperasjonar skal settast i gang, og dermed også når dei forskjellige kostnadene kjem. Men det er viktig her å vere klar over at ein slik framdriftsplan berre kan fungere når den samstundes er i aktiv bruk som ein del av sjølve prosessen, prosjektframdrifta.

Vi kan godt seie at ein slik plan er lik sjølve prosessen. Planen må heile tida vurderast og evt. endrast viss utviklinga og/eller situasjonen tilseier det (t.d. at forfattaren får seg anna arbeid og seier opp, ei særskild kjelde vart mykje meir arbeidskrevjande å behandle osv.). Konsekvensane av slike endringar - både med omsyn til kostnadssida og sjølve framdrifta - må sjølvsagt synast att slik at dei som har fullmakt til å godkjenne endringane, t.d. innafor ei vedteken totalramme, veit kva dei gjer.

Vi kan godt kalle forprosjektet utgangspunktet, og framdriftsplanen styringsverktøyet. Til saman utgjer desse prosjektplanen. Det er naudsynt at ein person har eit overordna ansvar for at prosjektplanen blir følgt opp, at han blir revidert etter kvart som prosjektet går framover, og at dei som skal ta avgjerder (politikarane) får framlagt skikkeleg utgreiing om årsakene i tilfelle budsjettet ikkje held.

Ein kan tenkje seg to prinsipp å lage og følgje opp ein slik prosjektplan på:

1. Tradisjonelt blir det ofte tilsett ein forfattar som skal skrive verket. Vedkomande bør da først få i oppdrag å lage prosjektplanen. Av planen må det da m.a. framgå kva ein skal gjere dersom forfattaren sluttar, inkl. krav til dokumentasjon av metoden forfattaren har lagt opp til.

2. Ein ekstern rådgjevar (t.d. ein røynd forfattar) lagar prosjektplan. Eit evt. engasjement av forfattar må lysast ut med atterhald om at det er laga ein slik plan, og han eller ho som blir tilsett må forplikte seg til å følgje han, i alle fall i utgangspunktet.

Busetnadssoge som katalysator i generelt kulturvernarbeid
Eit moment vi òg skal legge vekt på, men som kanskje ikkje alle utgjevarar er klare over i startfasen, er at slike busetnadssoge-prosjekt kan og bør generere betydeleg innsamlingsaktivitet, som i visse tilfelle bør gå ut over dei strengt avgrensa behova ein har for sjølve det aktuelle prosjektet.

Dette gjeld innsamling og til dels bearbeiding og tilrettelegging av:

  • skriftleg kjeldemateriale, særleg kyrkjebøker, folketeljingar og dødsbuskifte, til glede for slektsgranskarar innafor bygda, men òg utanbygds (27)
  • litteraturindeks for bygda: ein systematisk gjennomgang av utgjeve litteratur og oppbygging av indeks knytt til einskildpersonar, gardar/lokalitetar og evt. tema; ein slik indeks kan òg omfatte aviser (eg kjem litt attende til dette nedafor)
  • eldre og nyare bilder, både av kulturlandskap og identifiserte personar, som igjen bør danne grunnstamma til eit permanent fotoarkiv for bygda, til allmenn glede i all framtid
  • stadnamn, inkl. kartfesting av alle bustadar som ein klarer å identifisere, som grunnlag for produksjon av kulturhistoriske kart ikkje berre for bygdebokverket, men for andre bokprosjekt, skulen, verdsveven osv.
  • minne, i større eller mindre grad i form av livsløpsintervju og tema-intervju
  • nyare slektsinformasjon, ved hjelp av skjemainnsamling
  • annan slektsinformasjon knytt til bygda, som slike prosjekt i betydeleg grad samlar opp gjennom forskjellige former for korrespondanse (inkl. slektshefte, bilder m.m.)

 

Organisering og økonomi


Overordna krav: prosjektorganisering/team-arbeid
Det er så langt eg kan sjå umogleg å gjennomføre slike prosjekt fagleg forsvarleg utan at i alle fall hovuddelen av dei operasjonane nemnt i førre avsnitt blir utførte. Det er upraktisk at dei blir utførte i form av å tilsette ein bygdebokforfattar som sjølv skal gjere alle oppgåver.

Eg meiner at skal ein i gang med utarbeiding av busetnadssoge i dag, er ikkje dei 10-15-20-årsperspektiva vi tidlegare har operert med tenlege. Samfunnet i dag vil ha kortare tidsperspektiv, sjølv om det truleg er forståing for at 4-5 år nok er eit absolutt minimum for å få til ei forsvarleg gjennomføring av slike prosjekt.

Med prosjektorganisering meiner eg at det må vere prosjektplanen som styrer verksemda, ikkje tilfeldige tilsettingsforhold. Det er fullt mogeleg å starte avskriving/dataregistrering av kyrkjebøker samstundes som ein startar innsamling av bilde, gjennomgang av andre kjelder, litteratur osv. Ei slik team-organisering kan òg føre med seg at det blir utvikla eit lite fagmiljø kring det einskilde prosjektet, noko som slett ikkje alltid skjer der forfattaren arbeider einsleg.

Ulempen er sjølvsagt at det krevst større økonomiske utlegg dei første åra, noko som må gå klart fram av prosjektplanen og som oppdragsgjevar må akseptere før ein går i gang.

Økonomisk planlegging
Økonomisk planlegging er i det heile viktig. Det er nokså fortvila når bygdeboka kvart år blir stilt opp mot ordinær kommunal verksemd i samband med budsjettbehandlingane. Her kan det ofte bli problem, trass i vedteken plan.

Her kan eg kome med eit tips frå Volda-prosjektet, som kanskje andre kan ha nytte av: Volda kommune har lenge hatt eit fond, som salsinntektene frå dei eldre bøkene er sett inn på. I samråd med kommuneadministrasjonen vart det avklart at dette fondet kan gå i minus, dvs. fungere som ein kassakreditt. Når dei nye bøkene kjem ut, blir sjølvsagt fondet fyllt opp av salsinntektene, og viss ikkje det blir seld nok bøker må evt. saka opp i kommunestyret, om 6-7 år.

Volda-prosjektet er altså kommunalt. Ei anna løysing som kan nyttast er å opprette ei stifting som står for prosjektgjennomføringa, og som tek opp banklån evt. med kommunal garanti til gjennomføring av prosjektet. Dette fungerer i praksis på same viset som det kommunale fondet i Volda.

Dataverktøy
Moderne befolkningsregister for bygdebyar som Volda eller forstadskommunar som Sula krev betre dataverktøy enn det som finst i dag. Det er derfor sett i gang eit utviklingsprosjekt, m.a. med støtte frå NLI, som tek sikte på å få til eit datasystem som kan fungere utan omsyn til kva slags befolkningsstruktur ein tek for seg, eller kva for kjelder ein legg inn. Systemet er ei vidareutvikling - eller i praksis ei nyskriving - av det eine av dei to systema som vart utvikla sist i 1980-åra, FamRek. (28)

Utviklinga av systemet er knytt opp mot Sula- og Volda-materialet, og vi tek sikte på å få systemet operativt i løpet av 2001. Arbeidet blir administrert gjennom Snøhetta forlag a.s på Lesja.

 

Konklusjon: heim og ætt for nye generasjonar


Oppslagsbok-funksjonen

Fleire har peikt på at verk av gards- og ættesogetypen har ein viktig funksjon som faktasamling for bygdefolket, som oppslagsbok. Nokre har meint det ikkje er oppgåva for lokalhistoria å produsere oppslagsbøker; slik informasjon kan samlast gjennom prosjekta, men så ordnast i lokale arkiv o.l. for spesielt interesserte.(29)

Eg er langt på veg samd når det gjeld visse typar oppslagsbok-informasjon. Men bokforma er særs godt eigna som register, eller indeks: det bør absolutt framgå - og helst systematisk, utan unntak - t.d. kven det finst skifte etter, og gjerne også kva skiftet inneheld; om garden har vore utskifta, og da som informasjon under alle bruk utskiftinga omfattar. Så kan sjølve skiftet, i kopi eller avskrift, eller utskiftingsforretninga med sitt vell av informasjon om teigbyte, namnebruk osv. ligge i den lokalhistoriske samlinga.

Som eit element av tilsvarande karakter har eg i arbeidet med dei bygdebøkene eg no har ansvaret for teke i bruk omgrepet litteraturindeks. Bakgrunnen er nettopp den stadig raskare veksande lokalhistoriske litteraturen. Eg vil rå til at alle slike bygdebokprosjekt går systematisk igjennom i alle fall den viktigaste lokalhistoriske litteraturen for undersøkingsområdet og lager ein indeks der dei aktuelle småstykka, eller innføringane blir «lenka» til dei personar og/eller bustadar som er nemnde.

Så kan ein, i staden for å ta opp att kanskje omfattande informasjon, t.d. om ein person som er fødd i bygda og har utmerka seg seinare i livet, i befolkningsregisteret berre gje tilvising til litteratur med slik informasjon.

Småsamfunnshistoria
Når det gjeld den meir generelle framstillinga av historia om busetjinga - den tradisjonelle gardssoga - har eg ikkje noko eintydig syn på framtida, men ser for meg forskjellige løysingar.

Det er ikkje tvil om at den holmsenske, levande gardssoga er av stor verdi, i område der kjeldemateriale og arbeidsomfang gjer det mogleg å skrive slik historie på ein systematisk måte (dvs. for alle gardane i bygda). Men det er vel neppe att noko bygdelag lenger der det finst levande tradisjon i det omfang Holmsen forutsette som grunnlag for å skrive etter Eidsvoll-disposisjonen. Med andre ord, disposisjonen må i alle fall endrast i samsvar med eksisterande kjeldemateriale, både skriftleg og munnleg (inkl. tradisjon).

Ein må altså i tilfelle vidareutvikle Holmsen-modellen. I tillegg til tap av eldre tradisjon har det, som kjent, skjedd nok eit «hamskifte» i stort sett alle bygder i perioden etter Eidsvoll-bøkene kom. Og det er uomtvista at garden og grenda ikkje lenger er den einaste eller viktigaste arenaen for menneskeleg samhandling i noka bygd. Derfor bør ein nok etter mitt syn - viss ein i det heile skal ta med eit eige småsamfunnshistorie-nivå - i alle fall ha med ein del andre element enn den tradisjonelle holmsenske gardssoga (jfr. framafor).

Det må òg etter mitt syn vere legitimt heilt å sløyfe dette «gardssoge-nivået», og berre konsentrere seg om ei mindre ambisiøs framstilling: eit befolkningsregister kopla til berre heilt grunnleggjande informasjon om kvar bustad (som framleis rett nok i alle fall bør kartfestast).

I urbaniserte strøk: grendemodellen er framtida
I tettstadsstrøk trur eg den holmsenske, skildrande gardshistoria, i tydinga at kvar gard skal omskrivast etter same disposisjon, er heilt umogleg å få til, og heller ikkje av interesse for innbyggjarane, slik mange andre har peikt på før.

Eg trur likevel ei småsamfunnshistorie etter grendemodellen kan vere vegen å gå mange stader. Fladbys opphavlege forslag om å nytte kulturlandskapet som «raud tråd» kan kanskje vere gjennomførbart, utan at eg har registrert noko forsøk på å skrive bygdebok etter akkurat den disposisjonen.

Det er kanskje meir naturleg å gå for ein kronologisk modell og konsentrere seg om busetjing og næringsutvikling i kvar grend, og så heller overlate andre emne til allmennsoga. Eit slikt val vil - som fleire var inne på i samband med drøftinga av Totenboka - utan vidare ta med mykje av det same stoffet som ligg inne i den tradisjonelle gardshistoria, for tida før tettstaden voks fram.

Her kan ein som døme gjerne skrive ei eller nokre få, representative gardshistorie)r) etter Holmsen sin lest, utan at ein forsøker å skrive tilsvarande for alle dei gardane som fanst før tettstadutviklinga skaut fart.

Framstillinga av utviklinga etter tettstaden voks fram må så ha emne som ein finn naturleg ut frå dei lokale føresetnadane. Og her bør vi ikkje som fagfolk stille ufråvikelege krav. Det må kunne utviklast lokale modellar som varierer «på lokalsamfunnets premissar».

Slektshistoria - befolkningsregisteret - med «tilliggjande herlegheiter»
Som avslutning vil eg slutte meg til det Jørn Sandnes hevda så tidleg som på den nordiske metodekonferansen i 1974: vi må ikkje ekskludere slektshistoria (befolkningsregisteret). Vi treng rett nok ikkje sjølve delta i arbeidet, men vi bør etter mitt syn engasjere oss i å få dette registeret så bruktbart også for andre undersøkingar som praktisk mogleg.

Viss vi som fagfolk blir spurte, bør vi etter mitt syn tilrå at det i tilknytning til utarbeidinga av desse befolkningsregistra blir gjort visse grep, som ikkje treng koste så mykje, og som i alle fall til ein viss grad er til hjelp også for dei som skal utarbeide og seinare bruke dei:

1. Lenking av basisinformasjon om kvar person og etablering av relasjonar mellom personar slik at ein får fram «familiar» (tilsv.) bør gjerast i samsvar med grunnleggjande historisk-demografiske metodeprinsipp, og inkludere alle delar av befolkninga.

2. Personane/familiane bør koplast til informasjon om bustad, så detaljert som praktisk mogleg. Dette gjeld både kvar dei var fødd (dvs. foreldra budde da dei vart fødd), og kvar dei har budd seinare. Om ein òg skal knyte yrkesinformasjon o.a. til kvar person er meir usikkert, men det blir ofte gjort.

3. Det bør byggast opp eit bustadregister, over alle bustadane som ein finn att i kjeldematerialet, som utgangpunkt for koplinga nemnt i førre punkt. Ein bør ha med eit viss minumum av informasjon om alle bustadane, m.a. bør dei absolutt kartfestast, og karta bør trykkast i bokverket.

4. Registra bør dokumenterast skikkeleg, slik at det blir lettare å utnytte dei til vidare arbeid. Mange slike prosjekt manglar skikkeleg dokumentasjon, noko som ofte fører til problem også for dei som sjølve har bygd dei opp. Det er nok fleire som i ettertid ikkje har oversikt over t.d. korleis dei eigentleg registrerte dødfødte.

5. Og vi bør altså sette som ein sjølsagt føresetnad at dei ikkje skal vere sosialt ekskluderande på noko vis: alle skal med. Det må rett nok vere høve til å gjere arbeidsmessig begrunna avgrensingar, så lenge dette er klart dokumentert. Ein kan t.d. definere ut ein gjennomgang av visse arbeidskrevjande kjeldeserier, t.d. (delar av) tingboks- eller forliksrådsmaterialet o.l.

Desse punkta kjem i tillegg til dei ordinære teknikkane (kjeldeinnsamling og -handsaming) som dei som arbeider med stoffet sjølvsagt må kunne handtere.

Så får det heller være utfordringa til oss faghistorikarane å finne metoder til å utnytte dette store, tilrettelagte ættesogematerialet på. Viss det edb-prosjektet som no er i gang blir vellykka, vil det sette oss i stand til å ta vare på alle dei variantane av relasjonar mellom menneske, og mellom menneske og bustad, som er behandla i samband med slike prosjekt. Dermed opnar det seg mange spennande nye problemstillingar, og vi har slått minst to fluer i ein smekk.

Avslutningsvis vil eg sitere Sandnes si grunngjeving for slektshistoria frå 1974. Ho bør mane til ettertanke:

«Uten videre våger jeg å si at den slektshistoriske interessen fra sagatida til i dag har vært det sterkeste element i geniun lokalhistorie. For å lære det skal vi bare lese den norrøne litteraturen, ætte- og kongesagaene, Are frode eller Landnåma, eller nyere, historisk orientert litteratur av alle slag som har sin rot i ekte bygdekultur, i Norge f.eks. Gamalt or Sætesdal, Juvikfolke eller Jacob Ålands og Lorens Bergs lokalhistoriske arbeider. Av de fem lokalhistorikerne som forteller om sitt eget arbeid i antologien fra Heimen, Nærsamfunnet i historisk lys, vitner fire helt entydig om at det var interessen for ætta som førte dem inn i lokalhistorisk arbeid. Fra ætta, gården og grenda til det større bygdesamfunnet, eventuelt videre til landsdelen og hele landet, det har vært vegen bygdefolks historiske sans har søkt.»(30)

Interessa er ikkje blitt mindre i dag. Foreininga Databehandling i slektsforsking (DIS) vart stifta i 1990 og har pr i dag ca 6.800 medlemmer.(31) Interessa er heller ikkje avgrensa til bygdene. Mekanismen som etablerer historisk interesse i eigen privat-sfære før ho breier seg utover som ringer i vatnet er allment akseptert, bl.a. òg som generelt pedagogisk prinsipp (frå det nære og kjente og så vidare mot ny kunnskap).

Eit moment til skal nemnast. Viss vi berre kastar eitt blikk på den virtuelle verda som no fossar inn over oss via Internett og breibandteknologi, kan vi merke oss at dei historie- og arkivfaglege prosjekta som utan samanlikning har hatt størst suksess, er nettopp dei som har lagt til rette kjeldemateriale for søk etter identifiserbare personar: først folketeljinga 1801, så emigrantprotokollane frå Bergen, så etter kvart folketeljingane frå RHD i Tromsø og Teleslekt før det heile no i seinare tid er knytt saman i Digitalarkivet. I 1999 vart det i gjennomsnitt gjort 62.000 søk i basane der kvar einaste dag, og trafikken aukar stadig.(32)

***

Eg trur denne interessa for å vete kvar vi kjem frå, finne røttene våre, ligg nedfelt i genene våre som menneske. Vi treng altså korkje begrunne slikt arbeid fagleg eller kulturpolitisk; det er ein genetisk grunn for at folk er interessert i heim og ætt. Og arvestoffet endrar seg ikkje raskt, derfor trur eg interessen for denne delen av det lokalhistoriske arbeidsområdet vil halde seg også i uoverskueleg framtid.

Noter

1 Reinton: 40f.
2 Bjørkvik 1970.
3 Holmsen 1948.
4 Jfr. Dyrvik 1983: 93ff.
5 Winge 1995: 77.
6 Eit nesten ekstremt døme er Luster.
7 NLI har dessverre ikkje innført dette som eigen kategori i statistikken; der er Totenboka ført som «gardshistorie».
8 Fladby 1973.
9 Fladby 1973: 91.
10 Fladby smst.: 92.
11 Her etter Gjestrum: 55.
12 Fladby i Lokalhistorie i emning 1984: 14.
13 Gjesrtrum: 53.
14 Gjestrum: 71f.
15 Heimen nr 4, 1985: 177-191 med tilleggskommentarar i Heimen nr 3, 1986: 179-181.
16 Ødegaard i Heimen 4, 1985: 178.
17 Heimen nr 4, 1985: 183.
18 Dyrvik 1997: 158.
19 Fungerande styrar ved NLI Hans Hosar i brev til forfattaren av 5. oktober 2000.
20 Sandnes 1975: 164.
21 T.d. Johs. B. Thue 1979: 133f.
22 Sandnes 1975: 163f.
23 Nysæter 1995.
24 Heimen 1995: 6.
25 Lokalhistorie i emning: 20f.
26 Undertittel på den handboka om bokproduksjonsprosessen NLI gav ut i 1984: «Lokalhistorie i emning».
27 Slike datafiler kan i dag med fordel leggast ut til allment bruk på Internett gjennom det s.k. Digitalpensjonatet, under Digitalarkivet.
28 Kjelland 1990: 236f.
29 Td. Imsen 1976: 30.
30 Sandnes 1975: 163f.
31 Tlf DIS Norges kontorleder Åse Wethal Holen 19.10.2000.
32 Årsrapporten, lenke på DA.

Litteratur

Bjørkvik, Randi: «Gards- og slektshistorie 1920-1969. Undervegs mot den konkrete og levende gardshistorie». Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Universitetsforlaget 1970: 75-112.
Dyrvik, Ståle: «Demografi og slektshistorie». Slekt og lokalsamfunn. NLI 1998: 148-159.
Dyrvik, Ståle: Historisk demografi. Universitetsforlaget 1983.
Fladby, Rolf: «Behandlingen av de små enheter i bygdesamfunnet». Lokalhistorie fra gard til tettsted. Cappelen 1974: 90-98.
Fladby, Rolf og Harald Winge (red.): Lokalhistorie i emning. Fra idé til bok. Universitetsforlaget 1984.
Fladby 1995: sjå Marthinsen i Heimen 1995.
Gjestrum, John Aage: Gards- og slektshistorie. En studie om gards- og slektshistoriske bygdebøker. Eige forlag, Toten Museum 1984.
Holmsen, Andreas: «Utarbeiding av gardshistorie». Bygdesogekurset i Trondheim 1948. Foredrag». Nord-Trøndelag Historielag 1950: 63-100.
Imsen, Steinar: «Gards- og slektshistorien ved korsvegen». Heimen nr 1, 1976: 27-30.
Kjelland, Arnfinn: «EDB og gards- og slektshistorie. En statusrapport med utgangspunkt i arbeidet med Bygdebok for Lesja». Heimen nr 4, 1990: 227-41.
Kjelland, Arnfinn: «Bosetningshistoria inn i et nytt hundreår. Refleksjoner omkring 'Boka om Land VIII'». Heimen hefte 4, 1999: 303-307.
Lunden, Kåre: Gardshistoria, døden og folkevisedansen. Heimen nr 2, 1988: 99-103.
Marthinsen, Liv: «I lokalhistoriens tjeneste. Intervju med Rolf Fladby». Heimen nr 1, 1995: 3-9 (Fladby 1995).
Nysæter, Egil: «Frå institusjon til paraplyorganisasjon. Landslaget for lokalhistorie 1970-1995». I arbeid for lokalhistorie og kulturvern. Landslaget for lokalhistorie 75 år 1920-1995. Landslaget for lokalhistorie, Trondheim 1995: 43-76.
Mykland, Knut: Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget. Mykland bygdeboknemnd 1967.
Lillehammer, Arnvid: Soga om Sauda. Sauda kommune 1973.
Reinton, Lars: «Den lokalhistoriske rørsla og den moderne bygdehistorie 1900-1920». Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Universitetsforlaget 1970: 33-53.
Sandnes, Jørn: «Rikshistorie og lokalhistorie - sentrum og periferi i historieforskningen». Studier i historisk metode 10: Periferi og sentrum i historien. Universitetsforlaget 1975: 159-167.
Thue, Johs. B.: «Kva er lokalhistorie?» Heimen nr 3, 1979: 129-137.
Winge, Harald: «Norsk lokalhistorisk litteratur 1970-1995». I arbeid for lokalhistorie og kulturvern. Landslaget for lokalhistorie 75 år 1920-1995. Trondheim 1995: 77-94.

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge
  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Kronprinsens gt. 9, 0251 Oslo, tel: 21021750, faks: 21021751, nli@lokalhistorie.no