Du er her: hvor?
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Kringsjå 34, sept. 1999

Minneord om Harald Winge [ til innholdsfortegnelsen ]

Harald Winge døydde 5. mai i år, 59 år gamal. Han har vore leiar for Norsk lokalhistorisk institutt sidan 1986, men heile sitt yrkesaktive liv var han knytt til instituttet. Harald tok magistergradseksamen i etnologi ved Universitetet i Oslo i 1969, med historie og norsk som støttefag. I 1970 vart han medredaktør i Norsk historisk leksikon. Der skreiv han ei rekkje artiklar, og boka som kom ut første gong i 1974, har vore eit uvurderleg oppslagsverk for alle som forskar i eldre historie. I arbeidet som vitskapleg konsulent frå 1974, kom Harald inn i den allmenne verksemda instituttet driv. Han gav råd til forfattarar og kommunar som skulle skrive by- og bygdebøker, han las manuskript og gav konstruktive kommentarar, heldt føredrag, arrangerte seminar, gav ut kjeldeskrift osb. Med sin allsidige bakgrunn innanfor lokalhistorie og sin reflekterte og velformulerte måte å nærme seg ulike problemstillingar på, hadde han det beste utgangspunkt for å rettleie andre i tilsvarande arbeid.

Han skreiv sjølv bygdebok for Asker og Bærum, og har utforma utallige utgreiingar og kommentarar til andre by- og bygdebøker. Han analyserte og vurderte lokalhistoria frå stadig nye innfallsvinklar. Gjennom ei mengd artiklar og foredrag har han framheva særpreget og kvalitetane ved denne måte å skrive historie på, og han har understreka kor viktig det er med mangfald og høg fagleg standard. Som leiar hadde han ein klar plan for arbeidet ved instituttet.

Harald var i mange år styremedlem i Landslaget for lokalhistorie, var ei tid medredaktør i Heimen, og hadde mange andre faglege verv. I fleire år var han også sensor for hovudfagsstudentar både i historie og etnologi.

Mange som har hatt kontakt med NLI har blitt kjend med fagmannen og mennesket Harald Winge. Han vann lett tillit, ikkje minst fordi han var interessert i både sak og person. Han fann fort fram til det sentrale i ein samtale, han stilte nyttige spørsmål og tok seg tid til å lytte. For oss som hadde arbeidsdagen vår saman med Harald, er tapet stort. Vi saknar dei gode samtalane og dei mange gode høve til å drøfte faglege spørsmål med han. Arbeidsmessig var han eit ideal, fagleg sterk, velformulert og velfundert. Han inspirerte oss med sin effektive arbeidsmetode, elegante form og solide innhald. Som medmenneske var han alltid tilstades med oppmuntrande og venlege ord.

Den siste arbeidsoppgåva han fullførte for instituttet var ei revidert og utvida utgåve av Norsk historisk leksikon, det same verket som han starta sin vitskaplege innsats med. Sjølv om han var svekka av sjukdom, greidde han å skrive nye artiklar og elles vere med i redaksjonsarbeidet.

Det er vår von at vi ved instituttet kan føre vidare noko av Harald sin veremåte, både i det daglege arbeidet og i møte med menneske.

 

Kulturdepartementet på NLI [ til innholdsfortegnelsen ]

«En sammenslåing av Norsk lokalhistorisk institutt med Riksarkivet er ikke den riktige løsningen», sa styreleiar Kjell J. Bråstad då han møtte statssekretær Per Kristian Skulberg på NLI i august i år. Eit slikt framlegg hadde vore ymta frå departementet på forsommaren. Bråstad var glad då han kunne konstatere at Kulturdepartementet var enig med han og dei tilsette ved NLI i at ei slik samanslåing ikkje var aktuell. Den ledige direktørstillinga ved instituttet blir nå lyst ut. Statssekretær Skulberg understreka likevel at departementet i utlysingsteksta kjem til å leggje vekt på at ein ny leiar må rekne med at instituttet står overfor ei rekkje nye utfordringar. «Ny teknologi skaper nye utfordringer, og tiden er inne til å se de tre sektorene ­ museer, bibliotek og arkiv ­ under ett. Også det lokalhistoriske arbeidet hører til i denne sammenhengen, og vi er opptatt av å få til en bedre utnyttelse av det eksisterende potensialet», sa Skulberg til avisa Nationen 11.08.1999. Desse spørsmåla blir drøfta i ei Stortingsmelding som Kulturdepartementet skal leggje fram utpå hausten. Bråstad understreka at NLI er ope for samarbeid og nær kontakt med både forskarar og lokalhistoriske aktørar. Instituttet må likevel ha sjølvstende nok til å utforme mål og oppgåver i samsvar med dei aktuelle behov i dei lokalhistoriske miljøa.

Skulberg uttrykte i det heile stor forståing for verdien av lokalhistorisk arbeid, både i og utanfor instituttet. «Stoler man på sin egen kultur, er det lettere å tenke globalt og da blir man også i stand til å ta imot impulser utenfra. Det lokalhistoriske arbeidet er viktig for norsk kultur, viktigere enn de fleste kanskje tenker på», var det politiske signalet frå statssekretæren.
ML

 

Instituttet i dag [ til innholdsfortegnelsen ]

Sjølv om instituttet for tida er utan fast leiar, held arbeidet like fullt fram som før. Den faste staben med Liv Marthinsen, Kirsten Braaten og Marianne Wiig kjenner verksemda godt og held arbeidet igang saman med Bente Granrud og Else Braut, som har vore tilsette heile året som forskarar. Else Braut er for tida fungerande leiar. Margit Løyland, som tidlegare har arbeidd som vit.ass. ved instituttet og som dei siste åra har skrive bygdebok for Feda, er midlertidig tilsett frå i haust. I biblioteket har Eva Bråthen vorte engasjert for å konvertera den gamle kortkatalogen over til Micromarc. Hans Hosar tek til i fast forskarstilling frå nyåret og direktørstillinga er utlyst. Riksarkivet har i lengre tid pressa på at NLI skal flytta ut på grunn av plassmangel i bygningen. Alt tyder på at det blir flytting av instituttet på nyåret.

 

Seminar om byhistorie [ til innholdsfortegnelsen ]

HIFO/Norsk komite for byhistorie, Historisk institutt-NTNU og Norsk lokalhistorisk institutt inviterer til seminaret Norsk byhistorie ­ tid for syntese? på Selbusjøen hotell 19.- 20. november 1999.

Dei seinare åra har ei lang rekkje byar fått sine byhistorier, skrivne av profesjonelle historikarar og med jamt over høg fagleg standard. I fleire av desse byhistoriene er det eit viktig metodisk grep å finne kva som er særmerkt for den byen ein sjølv studerer ved å jamføre han med andre. No synest tida inne til at norsk byhistorie kan ta eit steg vidare i retning meir systematisk komparasjon og syntese.

Seminaret er meint som eit steg i den lei. På bakgrunn av det som alt er gjort, ønskjer ein å stille spørsmål om i kva retningar det no synest fruktbart å vidareutvikle den byhistoriske verksemda, og om det kanskje er tid for ei samlande norsk byhistorie. Mellom anna bør ein drøfte kva former for typologiar som kan vere eigna til å fange inn mangfaldet av norske byar totalt, så vel som til å klassifisere den einskilde byen i ulike fasar og epokar.

Drøftingane vil primært ta utgangspunkt i norske tilhøve, men det vil bli lagt vinn på å sette norsk byutvikling inn i eit internasjonalt, i første rekkje nordisk, perspektiv. Eit slikt internasjonalt eller trans-nasjonalt perspektiv vil ikkje minst vere naudsynt om ein tek sikte på å sjå korleis norske byar er knytte til meir samanhengande bysystem, og kva karakter desse systema har.

Seminaret er eit tilbod til alle som arbeider med eller er interesserte i byhistorie.

Fredag 19. november, kl. 11-18:
Lars Nilsson: Nordisk byhistorie ­ perspektiv og problem.
Knut Kjeldstadli: Syntese og komparasjon i byhistorie, metodiske vurderinger.
Finn-Einar Eliassen: Den Norske Byen eller De norske byene? Særpreg, generalisering og typologi i norsk byhistorie i tidlig nytid (ca 1500-1800).
Jan Eivind Myhre: Utfordringer ved en generell framstilling av norsk byhistorie for perioden etter 1800.

Laurdag 20. november, kl. 9-15:
Axel Christophersen: Hvilken byhistorie? Byhistorie i skjæringspunktet mellom ting og tekst ­ problemer og perspektiver.
Knut Helle: Kommentar ­ med synspunkter på skriving av generell byhistorie for norsk middelalder.
Ola Svein Stugu: Er byen som historisk fenomen eit passert stadium i den urbane utviklinga?

Opphaldet på Selbusjøen kostar kr. 1.025 pr. person. Frist for påmelding er 10. oktober 1999. Nærare opplysningar hos: Steinar Supphellen, Historisk institutt, NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 64 48, faks 73 59 64 41, e-post: steinar.supphellen@hf.ntnu.no

 

Årsmøte i Landslaget for lokalhistorie [ til innholdsfortegnelsen ]

Det 32. landsmøte i Landslaget fann stad i Kopervik på Karmøy 4. til 6. juni, og samla 75 deltakarar. Lokalt vertskap var personar frå historielag i Rogaland. Temaet for det faglege seminaret var denne gongen kysthistorie. Per Hernæs, arkeolog ved Arkeologisk museum i Stavanger hadde det første foredraget og snakka der om Karmsund som kysthistorisk maktsentrum i vikingetid og tidlig middelalder. Arnvid Lillehammer, arkeolog og førsteamanuensis ved Høgskolen i Stavanger hadde eit innlegg som omhandla kontakten over Nordsjøen: Kysten ­ Riksveg 1 og Europaveg ­ ein mangfaldig og omfattande kontakt over Nordsjøen på 16- og 1700-talet. Til slutt tok frilanshistorikar Aud Farstad for seg eit tema frå 1900-talet med vekt på kvinnene, nemleg Kvinner ved kysten på 1900-tallet. Eksempler fra Sunnmøre i mellomkrigstida. I programmet var det seinare lagt inn ein ekskursjon rundt på Karmøy, først byvandring i Skudesneshavn og besøk i Museet i Mælandsgården og Karmøy fiskerimuseum. Etterpå gjekk turen til middelalderkyrkja på Avaldsnes og eit vikinglanghus på Bukkøy.

Siste dag for landsmøtet orienterte dagleg leiar for Folkekulturforbundet, Kjærsti Evjen Gangsø, om tilbod for kursverksemd for historielaga. Ingen store saker vart lagt fram under årsmøtet. Framlegg om endring av lovene i einskilde paragrafer vart godteke, vidare vart styret sitt forslag om å auka alle kontingentane med 100 kr vedteke. Landslaget vil arbeida med å gjera organisasjonsstrukturen betre, i første rekkje med å etablera fleire fylkesledd og verva nye medlemmer. Det vart vidare peikt på at sekretariatet bør styrkast, noko som krev auka inntekter. Medlemskapen i Kulturvernets fellesorganisasjon (KORG) vil bli oppretthalde, og ein vil der arbeida for å få etablert kulturvernråd i alle fylke.

Landslaget har nå 384 medlemslag med ca. 70.000 medlemmer.
Det nye styret for perioden 1999-2001 ser slik ut:

Valområde 1 (Østfold, Akershus, Oslo): Per Henrik Bache, Oslo. Vara: Jorunn Kolbjørnsrud, Akershus.
Valområde 2 (Hedmark, Oppland): Hans M. Næss, Oppland. Vara: Leif Braseth, Hedmark.
Valområde 3 (Buskerud, Vestfold, Telemark): Ellen Gilhuus, Buskerud. Vara: Tore Kvaale, Telemark.
Valområde 4 (Agder, Rogaland): Birger Lindanger, Rogaland. Vara: Jørg Eirik Waula, Rogaland.
Valområde 5 (Hordaland, Sogn og Fjordane): Åse Eikemo Strømme, Hordaland. Vara: Irene Bøe Pisani, Sogn og Fjordane.
Valområde 6 (Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag): Jarle Sulebust, Møre og Romsdal. Vara: Leidulf Hafsmo, Sør-Trøndelag.
Valområde 7 (Nord-Trøndelag, Nordland): Kurt Tverli, Nordland. Vara: Tor Falch, Nord-Trøndelag.
Valområde 8 (Troms og Finnmark): Eliseus Rønhaug, Troms. Vara: Per Arnesen, Finnmark.
Lokalhistorisk forskning: Anders Kirkhusmo, Trondheim. Vara: Anna Tranberg, Bø.
Norsk lokalhistorisk institutt: Styret for NLI har etter årsmøtet oppnemnt Hans Hosar som representant til styret og Margit Løyland som vara.

Anders Kirkhusmo vart vald som ny leiar og Birger Lindanger vart vald som ny nestleiar.

 

Minneord om Dagfinn Slettan [ til innholdsfortegnelsen ]

Ei trist hending fann stad under Landslaget sitt landsmøtet, Dagfinn Slettan døydde. Dagfinn Slettan var ein markant figur innan det lokalhistoriske arbeidet. Heile sitt yrkesaktive liv var han knytt til Trondheim, der han ei tid veksla på arbeid mellom Trøndelag Folkemuseum og Historisk institutt, før han fekk eit professorat i lokalhistorie.

Han begynte sitt faglege virke som assistent for Edvard Bull d.y. i arbeid med innsamling av minnemateriale. Innsamlingsarbeidet førte han seinare vidare, og han har lagt ned ein stor innsats i å utvikla metodar for bruk av muntlege kjelder. Han hadde på 80-tallet i oppgåve å rettleie historielag og museer og leggja til rette kjeldema-teriale for lokalhistorisk arbeid. Saman med Kjell Haarstad bygde Dagfinn Slettan opp eit undervisningstilbod i lokalhistorie.Sosialhistorie var hovudfeltet hans og han var med på å utvikla og formidla dette fagfeltet.

Dagfinn Slettan var medredaktør i Heimen i mange år, han var styremedlem i Landslaget og ei tid leiar. Da Harald Winge vart sjuk og måtte trekka seg som styremedlem i Landslaget, var det igjen Dagfinn Slettan som påtok seg oppgåva med å representera NLI i styret. Han sat også i NLI sitt styre i fleire år, frå 1993 til han døydde. Norsk lokalhistorie har i Dagfinn Slettan mista ein fagleg sterk, samarbeidsorientert og hyggeleg mann.
EB

 

Nye bøker

Norsk historisk leksikon. [ til innholdsfortegnelsen ]
Kultur og samfunn ca. 1500 til ca. 1800.

Red. Steinar Imsen og Harald Winge. Oslo : Cappelen Akademisk Forlag, 2. utgave 1999. 520 s. ISBN 82-456-0552-2. Kr. 398,-.

Norsk historisk leksikon kom ut første gong i 1974, og har no komme i ei oppdatert og delvis nyskrive utgåve. Også denne utgåva er eit samarbeid mellom Cappelen Akademisk Forlag og Norsk lokalhistorisk institutt. Målsettinga til Historisk leksikon er gjennom korte artiklar og oppslagsord å dekke sentrale tilhøve og fenomen frå tida under Kalmarunionen og opp gjennom dansketida fram til 1800. I denne nye utgåva har redaktørane lagt meir vekt på å få med forhistoria til kulturelle fenomen, og har også i større grad gjort greie for etterhistoria utover 1800-talet. Dei fleste artiklane innan områda rettshistorie, politisk institusjonshistorie og kyrkjehistorie er omskrivne, og det er nyskrive artiklar på ei rekkje område, slik som demografi, sosialhistorie, kyrkjelege og religiøse tilhøve, militærhistorie og urbanitet. Det er også lagt meir vekt på å få fram historia til samane, kvenane og skogfinnane, og til dei reisande, eller taterane. Den nye utgåva av Historisk leksikon har eit omfattande kartmateriale og ei rekkje nyteikna illustrasjonar. Bibliografien er delt inn etter emne, og er gjennomarbeidd og sterkt utvida til denne utgåva.
BG

Norsk småbyføydalisme? [ til innholdsfortegnelsen ]
Grunneiere, huseiere og husleiere i norske småbyer 1650-1800.
Finn-Einar Eliassen. Oslo : Den Norske Historiske Forening - HIFO, 1999. Skriftserie nr. 2. 436 s. ISBN 82-91222-11-8. ISSN 1500-8622. Kr. 395,-.

Jordeige og jordleige på landsbygda har vore mykje granska i norsk historie. Mindre veit ein om eige- og leigetilhøve i byane. Denne boka gjer detaljert greie for opphavet til ei rad småbyar som voks fram i Sør-Noreg på 1600-1700-talet. Gjennom gransking av eigedomsrett og leigevilkår for grunn og hus vil forfattaren kartleggje dei juridiske, politiske, økonomiske og sosiale rammene for livet i småbyar generelt. Han samanliknar også med eldre byar, større byar og med nordeuropeiske byar. Gjennomgåande finn han at norske småbybuarar leigde både tomt og hus, og at grunneigarane ofte hadde stor makt over småbysamfunnet. Derfor spørsmålet i tittelen, om dei norske småbyane hadde føydalistiske drag. ­ Målgruppe for forfattaren har vore både faghistorikarar og den allment interesserte lesar.
LM


Med kjønnsperspektiv på norsk historie. [ til innholdsfortegnelsen ]
Fra vikingtid til 2000-årsskiftet.
Ida Blom og Sølvi Sogner (red.).
Oslo : Cappelen Akademisk Forlag, 1999. 408 s. ISBN 82-456-0579-4.
Kr. 349,-.

Denne nye læreboka i kvinnehistorie er delt inn i fem delar, skrivne av framståande historikarar innan kvar epoke. Ingvild Øye har skrive om tida fram til reformasjonen, Hilde Sandvik om tidleg moderne tid i Noreg, og Gro Hagemann har i del tre tatt for seg 1800-talet under overskrifta "De stummes leir?". Kari Melby skriv om det ho kallar husmora sin epoke frå 1900 fram til 1950, og boka slutter av med eit kapittel av medredaktør Ida Blom om tida frå 1950 fram til årtusenskiftet. Ein raud tråd gjennom alle delane er fokus på felta demografi, økonomi og makt, sett frå eit kjønnsperspektiv. Dette perspektivet gjev seg utslag i ei større drøfting av kvinner sitt arbeid i hushold og familie så vel som på arbeidsmarknaden, og her kan det vere mykje å hente for lokalhistorikarar.
BG

Databehandling for historikere. [ til innholdsfortegnelsen ]
Gunnar Thorvaldsen. Oslo : Tano Aschehoug, 1999, 231 s.ISBN 82-518-3742-1. Kr. 248,-.

Gunnar Thorvaldsen, historikar og leiar av Registreringssentralen for historiske data på Universitetet i Tromsø, har skrive denne læreboka i databehandling av historisk materiale. Boka er tenkt som ei innføring i databehandling for dei som kan litt, og gjerne vil bruke datateknikken meir i arbeidet med historiske kjelder. Boka startar med ei utgreiing over tidlegare bruk av edb-teknikkar i historisk forsking i Norden, og viser korleis utviklinga har gått føre seg fram til historiske kjeldedatabasar som er tilgjengelege via Internett i dag. Hovuddelen av boka inneheld innføring i bruk av særskilde funksjonar i tekstbehandlingsprogram, om søking i fritekst og om oppbygging av historiske databasar. For å få fullt utbytte av læreboka er det nok naudsynt med noko erfaring med bruk av datateknikk, men viktigast er interesse for oppbygging av historiske databasar for betre utnytting av kjeldematerialet.
BG

Nye bygdebøker og årbøker 1997-1998 [ til innholdsfortegnelsen ]
Nye bygdebøker og årbøker strøymer på. NLI registrerer kvart år alt som kjem ut på dette feltet. Oversynet blir trykt i Heimen nr. 2 det påfølgjande året. Innførslene i Heimen opplyser også om utgjevar og adresse for å få tak i boka. Særleg lokale årbøker kan det elles vera vanskeleg å finne fram til.

I alt 46 band nye bygdebøker vart registrerte i 1997. Desse fordeler seg på 12 band generell bygdehistorie eller kultursoge, 23 band gards- og slektshistorie, 7 band byhistorie og 4 band regionhistorie, dvs. bøker som dekkjer meir enn ein kommune. Det uvanleg høge talet for byhistorie skuldast at Trondheim sende ut 6 band på ein gong.

Talet for 1998 låg tett oppunder med 44 band. Av desse var 18 band generell bygdehistorie, 22 band gards- og slektshistorie, 2 byhistorie og 2 band regionhistorie.

Omfanget ligg jamt med tidlegare år. Det kom ut 34 band i 1996, 40 band i 1995 og 43 i 1994.

Årbøkene er framleis populære tiltak. Ikkje mindre enn 303 lokalhistoriske periodika vart registrerte i 1997. Det er det hittil høgste talet på eitt og same år. I 1998 var det 292. Somme årbøker kjem ut berre annakvart år. Såleis er det godt over 300 årbokredaksjonar i sving. Kategorien omfattar eit vidt spekter av lokale og regionale periodika som alle har lokal- og/eller slektshistorie som hovudtema. Dei fleste blir utgjevne av historielag, slektshistorielag, arbeidarhistorielag o.l. Innhaldet spenner frå det enkle minnestoffet til populærvitskaplege artiklar.

Mange årbøker dekkjer ein nåverande kommune, men somme gjeld for ein del av kommunen, ein bydel eller ei grend. Ikkje minst blømer den lokalhistoriske aktiviteten i gamle kommunar som er blitt del av ein storkommune. Regionale historielag eller museum, ofte i samarbeid, står bak ein snau tredjedel av årbøkene.

I tillegg til by- og bygdebøker og årbøker som blir registrerte av NLI, kjem det årleg ut 600-800 andre slag lokalhistoriske publikasjonar, alt frå jubileumshefte for vel-foreningar og fotballag til solide temabøker. Alt dette avspeglar stor aktivitet og mykje friviljug innsats i og for lokalmiljøa.
LM

Etterlysing. Innvandrere i Norge 1500-1800 [ til innholdsfortegnelsen ]

I et rettsmøte i Sandsvær i 1712 fortalte Timan Hostvedt at hans far var «en fremmed Mand, kommen fra Halland og sin meste tid neered sig med Saxen og Naalen førind han blef en gaarde Mand». Det lille sitatet beskriver i en fortettet form et stykke innvandrerhistorie fra 1600-tallet.

Ved Historisk institutt i Oslo blir det arbeidet med et større prosjekt om norsk innvandringshistorie. Sluttproduktet vil bli et trebindsverk som dekker innvandringshistorien fra år 900 og fram til i dag. Professor Sølvi Sogner tar for seg perioden 1500-1800. Nina Pedersen og Anne Minken arbeider som assistenter på prosjektet høsten 1999.

For perioden 1500-1800 er kildene til innvandringshistorien fragmentariske. Vi må samle inn spredte opplysninger fra et bredt spekter av kilder. Til dette arbeidet ber vi om bistand fra Kringsjås lesere. Vi er interessert i alle typer opplysninger ­ store og små, fra trykte og utrykte kilder og muntlige overleveringer. Ved å sette sammen mange små opplysninger som Timan Hostvedts korte biografi over faren, regner vi med at det er mulig å tegne et klarere bilde av innvandringshistorien i denne perioden.

Vi ber deg ta kontakt med en av oss hvis du har opplysninger om innvandrere i Norge i perioden 1500-1800. Du kan skrive eller ringe til:

Innvandringsprosjektet ved Sølvi Sogner, Historisk institutt, Niels Henrik Abels hus, Boks 1008, Blindern, 0315 Oslo. Tlf: 22856769.
Du kan også nå oss med e-post:
solvi.sogner@hi.uio.no
ninaoe.pedersen@C2i.net
anne.minken@C2i.net

 

Historiedagane på Lillehammer [ til innholdsfortegnelsen ]

Kvart tredje år samlar norske historikarar seg til storkonferanse. I år fann konferansen stad på Lillehammer i tida 17.-20. juni. Det var historikarmiljøet ved Høgskolen i Lillehammer i samarbeid med Maihaugen og Hifo ­ Den norske historiske forening, som stod som arrangør.

Hovudtemaet for konferansen var Historikerens rolle i samfunnet. Dei andre temaene var: LO 100 år ­ nye perspektiver på norsk fagbevegelse. Museene som historieformidlere i det 20. århundre. Norge, Norden, Europa. Historiefaget og skolen. Kjønn i endring. Fra varm til kald krig og Slekt og samfunn. I tillegg var det ei rekkje frie føredrag.

Frå lokalhistoria si side var det interessant at konferansen tok opp temaet Slekt og samfunn. NLI arrangerte hausten 1997 eit seminar om same tema (jf. seminarrapport Slekt og lokalsamfunn, red. Harald Winge, NLI 1998). Fleire av innleiarane frå NLI-seminaret var også inviterte i år, og sesjonen på Lillehammer bygde i nokon grad vidare på NLI-seminaret.

Under festmiddagen laurdag kveld delte Hifo ut ein nyoppretta bokmeldarpris. Prisen er på 10.000 kr og Fritt Ord har finansiert prisen denne gongen. Det var svært gledeleg at den første prisen vart gitt til eit arbeid knytt til lokalhistorie. Liv Marthinsen frå NLI fekk den første prisen i saman med Bente Rosenbeck. Liv fekk prisen for bokmeldinga av band 4 i den nye Noregshistoria; Halvard Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350-1520. Meldinga er trykt i Heimen 3/1997.

Siste seminardag var det ekskursjon til Aulestad og båttur med Skibladner på Mjøsa. Høgskolen i Lillehammer vil trykka innlegga frå konferansen i ein seminarrapport.
EB


Referat frå bygdebokseminar på Kapp Melkefabrikk [ til innholdsfortegnelsen ]

Bygdebokseminaret med hovudvekt på ulike modellar og innhald i gards- og slektshistorie samla rundt 60 deltakarar på Kapp Melkefabrikk, Toten Økomuseum 18.-19. mars. Seminaret var eit samarbeid mellom NLI og Toten Økomuseum, der museet husa seminaret og tok seg av alt det praktiske arbeidet. Gjennom eit tett program fordelt på to dagar diskuterte ein forskjellige sider av det å skriva den tradisjonelle gards- og slektshistoria.
Innleiingsvis gjorde Mads Ramstad greie for utviklinga innanfor genren, frå dei første slekts- og gardshistoriene på 1800-talet, til dei ulike modellane som vert skrivne i dag. Svein-Erik Ødegaard presenterte den såkalla Toten-modellen eller grendemodellen, der ein har lagt meir vekt på utviklinga av grendene og folket der, enn å la den einskilde garden vera utgangspunktet. Finn Førsund diskuterte om grend generelt sett er eit betre utganspunkt enn matrikkelgarden for å skriva busetnadshistorie. Den første dagen vart avslutta med middag på Peder Balke-senteret, der vi også fekk ei innføring i historia rundt senteret og ei omvisning.

Neste dag starta Vigdis Bjørhovde med ein presentasjon av Dokumentasjonssenteret ved Toten Økomuseum. Arnvid Lillehammer tok så opp spørsmålet om korleis ein kan integrera stasjonsbyar, tettstader og bustadfelt i tradisjonelle gards- og slektshistorier. Johan Borgos sette søkjelys på temaet "Alle skal vera med", med å visa til ei rekkje måtar å integrera grupper av innbyggjarar, som ofte har vorte utelatne, medan Lisabet Risa diskuterte korleis ulike typar illustrasjonsmateriale kan nyttast i bygdebøkene. Til slutt oppsummerte John Aage Gjestrum seminaret og innlegga, og diskuterte framtida for den tradisjonelle gards- og slektshistoria. Alle innlegga blir samla i ein seminarrapport som NLI vil publisera i løpet av vinteren.
EB

[ til innholdsfortegnelsen ]

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge
  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Kronprinsens gt. 9, 0251 Oslo, tel: 21021750, faks: 21021751, nli@lokalhistorie.no