Kringsjå 36, august 2000
Norsk lokalhistorie
ved milleniumsskiftet. Status og framtidsperspektiv
Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) og Landslaget for lokalhistorie
(LLH) vil i fellesskap arrangere eit seminar i Tønsberg 20-22.10
2000, der framtida for lokalhistoria skal stå i fokus.
Kor går lokalhistoria? Kva plass har lokalhistoria i samtida,
og korleis skal ho forholde seg til omgjevnadene? Skal ønska
til politikarane og lokalbefolkninga vere retningsgjevande for faghistorikarane
sine interesser? Seminaret har 12 innleiarar som frå kvar sin
ståstad rettar søkjelyset mot ulike sider av lokalhistoria.
Stad:
Rica Klubben Hotel, Tønsberg. Prisar: helpensjon kr. 695
pr. person pr. døgn i dobbeltrom, kr. 895 i enkeltrom. Dagspakke
kr. 315 (lunsj, kaffe, møterom); middag kr. 245.
Frist for påmelding: 20. september.
Du kan melde deg på ved å ringe tlf. 21 02 17 53 eller
sende e-post til Bente
Granrud
Program for seminaret:
FREDAG 20/10:
17.00-19.00: Norsk lokalhistorie i framtida
- Anders Kirkhusmo, styreleder i Landslaget for lokalhistorie og førsteamanuensis
ved NTNU: Historielagene - bærebjelker i levedyktige lokalsamfunn?
- Hans Hosar, forsker og fungerende instituttstyrer ved NLI: Traust
eller trendy? Har eller bør NLI ha ein eigen fagprofil?
- Lars Thue, forsker ved Handelshøyskolen BI: Kompleksitet,
kontingens og kommune. Lokalsamfunn og lokalhistorie i lys av nyere
sosial systemteori.
- Felles debatt etter de tre innleggene
20.00: Middag
LØRDAG 21/10:
09.00-12.30: Lagsarbeid og nærmiljø
12.30-14.00: Lunsj
14.00-18.00: Lokalhistoriens ulike roller
- 14.00-15.00: Ola Alsvik, bygdebokforfatter:
Lokalhistorikeren - spesialist i småsamfunn?
- 15.00-16.00: Birger Lindanger, bygdebokforfatter:
Lokalhistorie - nærmiljøets lim?
- 16.00-16.30: Kaffe
- 16.30-17.30: Arnfinn Kjelland, bygdebokforfatter og førsteamanuensis
ved høgskolen i Volda:
Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie.
19.30: Middag og selskapelig samvær
Kåseri ved Per Thoresen, styrer for Vestfold fylkesmuseum
SØNDAG 22/10:
09.00-13.00: Lokalhistorie - et redskap i samfunnsdebatten?
13.00: LUNSJ
NLI - bibliotek og lesesal
Vi har fått nytt og større bibliotek her i Kronprinsens
gate 9. Her er det god plass til både bøker og lesesalsgjester.
Vi har ei omfattande topografisk samling, og biblioteket inneheld dessutan
generell historisk og lokalhistorisk litteratur, samt bøker innan
tilgrensande fagområde som etnologi, folkloristikk, namnegransking
og arkivkunnskap.
Biblioteket har ein tilvekst på om lag 450 band kvart år.
Kring årsskiftet omfatta biblioteket 15.082 band, av desse er
over tre fjerdedelar bygdebøker og annan lokalhistorisk litteratur.
Blant desse finst om lag 350 lokalhistoriske årbokstitlar frå
historielag, museum og andre. Vi har jamvel fått ei eiga avdeling
for tidsskrift, med 80 titlar av interesse for lokalhistorikarar.
Biblioteket har fire lesesalsplassar der ein kan arbeide på
eigen pc. Her finst også ein publikumsterminal der ein kan søkje
i bibliotekkatalogen. Frå denne pc'en vil det etter kvart bli
mogleg å søkje i instituttet sine databasar over noregsbrev
og over bygdebokdekninga i Noreg.
Biblioteket er ope for publikum kvardagar mellom kl. 9 og 15. Har
du spørsmål til bibliotekaren, kan du også ringe
tlf. 21 02 17 57 eller sende en e-post til Marianne
Wiig.
BG/MW
Argusklipp om lokalhistorie - ei gløymd kjelde?
NLI har ei omfattande samling klipp frå aviser frå heile
landet, som omhandlar bygdebøker, bygdebokarbeid og anna lokalhistorisk
verksemd. Klippsamlinga gjeng attende til 1950-talet, og omfattar så
og seie alt som har vore skrive om by- og bygdebokverksemda i aviser
i Noreg. Hovudvekta av klippa er frå 1970 og framover, og reflekterer
i så måte auken i bygdebokskrivinga som har funne stad i
denne perioden. Klippa er arkivert i mappar og permar på kommunenamn,
og gjev såleis eit godt oversyn over kva som har skjedd på
bygdebokfronten i dei einskilde kommunane. Ved NLI blir klippa brukt
som kjelde til den årlege bibliografien over lokalhistorisk litteratur,
og som grunnlag for ein kortkatalog over pågåande bygdebokarbeid
og over bygdebokforfattarar. Argusklippa er tilgjengelege i biblioteket
ved NLI.
BG
Nye bygdebøker og årbøker 1999
Lokalhistoriske årbøker kjem ut trutt og jevnt. NLI har
notert seg 306 utgjevingar i 1999. Det slår så vidt rekorden
frå 1997 som var 304 årbøker. Også utgjevinga
av bygdebøker held seg på eit jamnt nivå. I 1999
kom det ut i alt 43 band by- og bygdebøker, gards- og slektshistorie
og regionhistorie.
NLI registrerer kvart år alt som kjem ut av by- og bygdebøker
og årbøker og andre periodika med lokalhistorisk innhald.
Oversynet blir vanlegvis trykt i Heimen hefte 2 året etter, men
bibliografien for 1999 er publisert i Heimen 2000 nr. 3. Innførslene
der opplyser også om utgjevar og adresse for å få
tak i bøkene.
Av dei 43 lokalhistoriske bøkene i 1999 var det 27 band gards-
og slektshistorie, 10 band generell bygdebok eller kultursoge, 3 band
byhistorie og 3 band regionhistorie. Gjennomsnittet for dei siste fem
åra er 42 band pr. år. Gards- og slektshistorie har det
største omfanget med vel 20 band pr. år, medan dei generelle
bygdebøkene ligg på 14 i snitt.
Dei 3 byhistoriene i 1999 var frå Fredrikstad, Kristiansand
og Kristiansund, og alle gjeld 1900-talet. Dei 43 bøkene fordeler
seg elles jamnt på Austlandet og Vestlandet. Denne gongen var
det berre 2 band frå Nord-Noreg, men derifrå kjem det snart
meir, for mange prosjekt er i gang.
Av årbøkene er dei fleste utgitt av lokale historielag
o.l., noen av regionale lag og eit tredvetals hefte kjem frå regionale
museum eller andre kulturinstitusjonar. Alle har lokalhistorie eller
slektshistorie som hovudtema. Mange årbøker er årvisse,
medan somme kjem ut annankvart år. Talet på aktive årbokredaksjonar
ligg såleis rundt 330. Somme stader har utgjevinga stoppa opp
for kortare eller lengre tid. På den andre sida dukkar det kvart
år opp nokre nye årbokseriar. Mykje friviljug innsats for
lokalmiljøet blir nedlagt på dette feltet.
LM
Nytt om kart
Jordskifteverket sitt kartarkiv er lagt ned, og verksemda er desentralisert
til fylkesjordskiftekontora. Dei har mikrofilm av alle kart frå
før 1990, og originalkart frå åra etter, og vil frå
no av ha ansvar for brukartenester. Riksarkivet har i vår motteke
30 000 jordskiftekart frå tida før 1990, som ikkje lenger
vil vere tilgjengelege for publikum. Men Riksarkivet vil på same
måte som fylkesjordskiftekontora ha mikrofilm av avleverte originalar,
til bruk på lesesalen.
NLI er i gang med ei revidering av Gamle norske kart. Dette er ein
felleskatalog over utrykt norsk kartmateriale frå tida før
1900, og med gardskart fram til 1970-åra. I katalogen er registrert
kartsamlingar i arkiv, bibliotek og andre offentlege institusjonar i
Noreg, Sverige og Danmark. Det er innhenta nye opplysningar frå
aktuelle institusjonar, men vi ventar på at fylkesjordskiftekontora
skal oppdatere sine katalogar. Kartkatalogen har til no vore utgjeve
med fylkesvise bind, men det er planar om å gjere den reviderte
utgåva til ein database tilgjengeleg på Internett.
BG
Nye bøker
Norske prestegarder
. Folk og hus. Jan E. Horgen. Oslo : Landbruksforlaget, 1999. 311 s. ISBN
82-529-2399-2. Kr. 478,-.
I denne boka blir det for fyrste gong gjeve ei samla framstilling av
prestegardane si kulturhistorie. Hovudvekta er lagt på gardssamfunnet
på prestegarden, bygningshistoria og på den historiske bakgrunnen
og utviklinga. Boka har også ein historisk-juridisk bakgrunn,
skrive av Ulrik Sverdrup-Thygeson, som tek for seg prestegardane si
rettslege stilling heilt frå mellomalderen og fram til avviklinga
av prestegardar som embetsgardar frå 1950-talet.
Boka gir eit godt oversyn over dei ulike kjeldene som finst til både
bygningshistorie og kulturhistorie frå mellomalderen og fram til
1950-talet, og viser korleis desse kan nyttast på eit konkret
materiale. Mellom anna viser framstillinga kor innfløkt vedlikehaldet
av dei ulike bygningane kunne vere, med fordeling av vedlikehaldsplikt
på både allmoge og prest, ofte fordelt slik at dei hadde
ansvar for kvar sine delar av eit hus! Framstillinga går inn på
einskildhusa på garden, og fortel om kva som finst av hus attende
til mellomalderen, og kva funksjon dei hadde. Horgen gjev ei interessant
framstilling av prestegarden, kven som budde der, gardsbruket og prestegardssamfunnet,
og korleis utviklinga og samfunnsmessige endringar har påverka
dette. Horgen tek også for seg prestegarden som eit sentrum i
bygda, som eit bindeledd utover lokalsamfunnet, og han ser på
prestegarden som administrativt og kulturelt sentrum. Horgen følgjer
utviklinga av prestegardane heilt fram til i dag, og lesaren får
gjennom dette innblikk i både prestegardane si stordomstid, og
i endringane som fann stad fram mot avviklinga av prestegardssystemet.
Boka er rikt illustrert med eldre foto, teikningar og kart. Ein stor
del av dette biletmaterialet har ikkje vore publisert tidlegare.
BG
NIKU strategisk instituttprogram 1996-2000
. Hus i Norge. Kilder om hus. Skrift-lige kilder, bil-der, muntlige kilder.
Jan E. Horgen. Oslo : NIKU, 2000. 32 s. ISBN 82-426-1101-7.
NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) har i samanhang med
det ovanfor omtala prosjektet om prestegardar, gjeve ut eit temahefte
om kjelder til bygningshistorisk forsking. Temaheftet tek for seg tre
grupper av kjelder; skriftlege og munnlege kjelder, og bilete. Dei viktigaste
skriftlege kjeldene som er omtala, er åbotstakstar, branntakstar,
skifte, vitneprov, arkitektteikningar og kart. Bilete omfattar foto,
teikningar og måleri. Munnlege kjelder omfattar både intervjumateriale,
utskrifter av desse, og nedteikna minnemateriale.
Kvar kjeldetype er kort omtala, mellom anna med opplysningar om i
kva slag institusjon dei finst. Heftet har også ein eigen bolk
om bruk av kjelder til prestegardane si bygningshistorie.
BG
Eneveldets menn i Norge.
Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660-1814. Tor Weidling. Oslo : Riksarkivaren
; Messel, 2000. 334 s. Riksarkivarens skriftserie 7. ISBN 82-548-0065-0.
Sentraladministrasjonen i København og sentralorganer i Norge
1660-1814.
Alfhild Nakken. Oslo: Riksarkivaren ; Tano Asch., 2000. 144 s. Riksarkivarens
skriftserie 9. ISBN 82-518-4036-8.
Sidan Riksarkivaren i 1996 tok til å gje ut ein eigen skriftserie,
har det kome ni nummer i rekkja. Dei fleste av desse er handbøker
eller handbokliknande utgjevingar som har direkte bruksverdi for lokalhistorikarar.
To av den kategorien, nr 7 og 9 kom båe ut i år.
Eneveldets menn i Norge, av førstearkivar i Riksarkivet Tor
Weidling, fell i to hovuddelar. I fyrste delen blir alle dei sivile
sentralorgana i Noreg, og dessutan lensherre/amtmanns- og stiftamtmannsembeta
gjevne ei kort, men instruktiv omtale med kronologisk liste over vedkomande
embetsinnehavarar. Geistlege og reint militære embete er ikkje
med i oversynet. Andre delen, som utgjer nær 2/3 av boka, er ei
alfabetisk ordna samling av biografiar over alle innehavarane av dei
embeta som er omtala i fyrste delen. Ikkje minst biografidelen av boka
synest særs nyttig som oppslagsverk for lokalhistorikarar og slektsforskarar
som arbeider med perioden.
Sentraladministrasjonen i København og sentralorganer i Norge
1660-1814 er skriven av leiaren for Eldre avdeling i Riksarkivet Alfhild
Nakken. Boka er fyrst og fremst tenkt som lærebok i arkivkunnskap
ved Universitetet, og tek for seg administrasjonsordning og arkivdanning
i "den sentraladministrasjonen som har styrt Norge, uansett om
den har hatt sete i vårt eget land eller utenfor landets grenser".
For lokalhistorikaren har vel ikkje boka same praktiske oppslagsverdi
som den føregåande. Men Nakken si bok gjev oversiktleg
og oppklarande kunnskap om embete og statsorgan som lokalhistorikaren
ofte støyter på i arbeidet sitt med kjeldene frå
einevaldstida.
Riksarkivarens skriftserie
har førebels kome med desse nummera:
1. Egil Øvrebø: I Kongens teneste. Militær utskriving
frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719. (1996)
2. Liv Mykland: Fri religionsutøvelse gjennom 150 år.
Om kilder til dissenternes historie. (1997)
3. Kjeld Helland-Hansen: Føderådsordningens historie
i Norge. (1997)
4. Ola Bjerkås: Preste- og prostearkiver. En brukerveiledning.
(1997)
5. Knut Johannessen: Kunst med kongelig resolusjon. Kommunevåpen
i Riksarkivet gjennom hundre år 1898-1998. (1998)
6. Liv Mykland, Eilert Bjørkvik, Lars Hamre: Alf Kiil. Et livsløp
blant arkiver. (1998)
7. Tor Weidling: Eneveldets menn i Norge. Sivile sentralorganer og
embetsmenn 1660-1814. (2000)
8. John Herstad: I helstatens grep. Kornmonopolet 1735-88. (2000)
9. Alfhild Nakken: Sentraladministrasjonen i København og sentralorganer
i Norge 1660-1814. (2000)
HPH
Ord om lokalhistorie
Det vi etter min oppfatning trenger, er en global følelse av
det lokale, en global stedsfølelse
Doreen Massey: En global stedsfølelse. I: Jonny Aspen og John
Pløger (red): På sporet av byen, Oslo 1997.
Lokalhistorisk Afdeling nedlagt
Den 15. juni i år heldt Knud Prange avskilsforelesinga si ved
Institut for Historie, Universitetet i København. Han går
av med pensjon etter 30 år som lektor ved instituttet og leiar
for Lokalhistorisk Afdeling. Prange var den fyrste leiaren for denne
avdelinga frå ho vart oppretta og lagt til Institut for Historie
i 1970. Han skulle også bli den siste leiaren, da Institut for
Historie av spareomsyn og som følgje av omprioriteringar har
nytta høvet til å leggje ned avdelinga i og med Prange
sin avgang.
Avviklinga av Lokalhistorisk Afdeling har vekt ei viss oppsikt. Institut
for Historie og universitetsleiinga har motteke ei lang rekkje protestar
frå organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar. Søsterinstitusjonar
i grannelanda, derunder NLI, har gjeve uttrykk for undring og vonbrot,
ikkje minst med tanke på framtida for det gode nordiske samarbeidet
på det lokalhistoriske feltet. Prange var initiativtakar til det
fyrste nordiske lokalhistoriske seminaret som vart avvikla på
Sostrup slott i Danmark i 1973. Sidan har dette vore eit fast innslag
med treårlege mellomrom, med Stadshistoriska Institutet i Stockholm,
Lokalhistoriska Byrån i Finland, Norsk lokalhistorisk institutt
og altså Lokalhistorisk Afdeling som alternerande arrangørar.
Prange stod også i spissen for det førebels siste i rekkja,
det 9. nordiske lokalhistoriske seminaret på Magleås i Danmark
i 1998.
Det lokalhistoriske faglege arbeidet har vore noko ulikt organisert
i dei nordiske landa, med ulike trådar knytta til høvesvis
humanistiske forskingsinstitutt, arkivvesen, lokalhistoriske oppdragsgjevarar
(kommunar etc.) og lokalhistoriske rørsler og amatørmiljø.
Såleis ser ein både likskapar og skilnader når ein
jamfører Lokalhistorisk Afdeling med til dømes NLI. Lokalhistorisk
Afdeling har i motsetnad til NLI altså vore ein del av eit universitetsinstitutt,
og har slik sett mest vore å samanlikne med dei lokalhistoriske
spesialmiljøa ved fleire universitet og høgskular i Noreg.
Det har mellom anna innebore undervisningsplikt og rettleiing overfor
studentar som skriv «speciale» og ph.d.-avhandlingar med
lokalhistoriske emne. Men samstundes som den eine sida av det todelte
formålet for avdelinga har vore «at interessere studerende
for lokalhistorisk arbejde» har den andre sida vore «at
støtte lokalhistorisk arbejde uden for universitetet».
I det siste finn vi ein klår parallell til NLI si verksemd. Lokalhistorisk
Afdeling har gjeve ut ei rekkje handbøker og rettleiingshefte
for lokalhistorikarar av alle kategoriar. Prange har alltid gjeve direkte
rettleiing til profesjonelle og amatørar i spesialdisiplinar
som slektsforsking og heraldikk. Dette synes å vere eit trekk
som skil avdelinga noko frå NLI i fagleg profil, iallfall om ein
ser bort frå den type slektshistorie som inngår i dei norske
bygdebøkene.
Eit anna særtrekk ved Lokalhistorisk Afdeling har vore den tette
tilknytinga til det danske arkivverket. Trass i at avdelinga organisatorisk
heile tida har tilhøyrt Institut for Historie, har Prange hatt
sin fysiske arbeidsplass ved Landsarkivet for Sjælland («statsarkivet
i København»). Mykje av undervisningstida hans har gått
med til å halde to semesters arkivkurs for studentar i historie,
etnologi m.m.
Frå historikarhald har misnøyen med nedleggjinga av Lokalhistorisk
afdeling vore grunna i den faglege vridninga som kan følgje av
at studentane sin kjennskap til historisk primærmateriale - arkivkunnskapane
- kan bli svekka. Institut for Historie har freista dempe denne otten
ved å love å innføre eit kortare kurs i arkiv- og
museumsfag. Frå instituttets side inngår også i forsvarsargumenta
at lokalhistorisk verksemd i dag har ein mykje breiare institusjonell
basis å stå på utover i heile landet enn kva som var
tilfelle for 30 år sidan. Mellom anna kan det påpeikast
at det i dag finst mykje over 400 lokalhistoriske arkiv i Danmark. Ein
ikkje ringe del av den profesjonelle staben ved desse institusjonane
har faktisk site under Knud Prange sitt kateter.
HPH
Frå bygdebok til doktorgrad
Cand. philol. Aud Mikkelsen Tretvik har i si doktoravhandling i historie
ved NTNU i Trondheim, studert to konflikttypar innanfor eit lokalområde,
Ålen og Røros tinglag, på 1700-talet. Avhandlinga
har fått tittelen Tretter, ting og tillitsmenn. En undersøkelse
av konflikthåndteringa i det norske bygdesamfunnet på 1700-tallet,
og er gitt ut som nr. 32 i skriftserien frå Historisk institutt
ved NTNU, Trondheim 2000. Tretvik har tidlegare skrive gards- og ættesoge
for Ålen, og det var problemstillingar ho oppdaga under arbeidet
med bygdeboka som ho no vidarefører i avhandlinga. Tretvik disputerte
på avhandlinga i juni, og NLI gratulerer!
BG
Skjermkontakt med lokalhistorien
Lokalhistorie er ett av folkebibliotekenes områder som egner
seg godt for et samarbeid under «ABM-paraplyen" (arkiv, bibliotek
og museum). Syv spennende enkeltprosjekter har blitt organisert i et
felles nettverksprosjekt kalt Skjermkontakt med lokalhistorien, med
Statens Bibliotektilsyn som koordinator og veileder. De lokale prosjektene
er av ulik karakter, både med hensyn til mål, tema og form,
men har alle til felles at de vil løfte frem deler av lokalhistorien
ved å gjøre bruk av Internettets utvidede muligheter i
forhold til det fysiske rom. Prosjektene har alle én eller flere
samarbeidspartnere innen arkiv, museum eller skoleverk. Nettopp fordi
prosjektene er forskjellige, vil erfaringene både fra nettverksarbeidet
og fra hvert enkelt delprosjekt gi verdifull erfaring i det videre samarbeidet
rundt lokalhistorie innen ABM-sektoren.
Informasjon om prosjektet, som går over tre år, finnes
på nettet: http://www.bibtils.no/innhold/tilskudd/skjermkon/index.htm
hvor blant annet hvert enkelt av delprosjektene presenteres. Blant prosjektene
finnes søkbare baser over lokalhistorisk materiale (Telemarksbiblioteket
og Sogndal bibliotek), digitalisert byhistorie for Porsgrunn kombinert
med fotohistorisk arkiv, lokalhistorisk nettsted for Austevoll tilrettelagt
for skoleelever, bygdebok på nett (Fusa folkebibliotek), interaktiv
base for lokalhistorie (Ål bibliotek), og et formidlingsprosjekt
i samarbeid med museumssektoren (Stavanger bibliotek).
Siden paraplyprosjektet startet opp i 1999 er en del resultater blitt
synlig på nettet. Ett av dem er Lokalhistoriske spørjevev
- et samarbeid mellom Sogndal bibliotek, Fylkesarkivet i Sogn og De
Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Når det gjelder felles problemstillinger rundt opphavsrettslige
spørsmål, formidling, samarbeid mellom institusjoner og
tekniske løsninger løftes disse opp og forfølges
på nasjonalt plan. Paraplyprosjektet vil i løpet av prosjektperioden
bruke Internett som en kanal for å informere om arbeidet som gjøres,
slik at det er muligheter for å høste erfaringer underveis.
Skjermkontakt med lokalhistorien avsluttes med et seminar i november
2001. Det vil være naturlig å trekke inn aktuelle samarbeidspartnere
underveis for å finne gode løsninger på hvordan prosjektet
eventuelt kan videreføres, gjerne i samarbeid med andre innen
ABM-sektoren. Prosjektleder Sidsel Hindal tar gjerne imot tips og innspill
fra det lokalhistoriske fagmiljøet, og kan kontaktes på
telefon 21 02 17 26, eller via e-post: sidsel.hindal@bibtils.no.
Sidsel Hindal
Lokalhistorie - ein internasjonal
disiplin
Den 19. internasjonale historikarkongressen gjekk av stapelen i Oslo
i veka frå 6.-13. august. I samband med denne fekk vi på
fleire vis stadfesta at lokalhistorie er ein særs internasjonal
disiplin, også på profesjonelt nivå.
Som på så mange andre felt, er det også her Kina
som synest å ha tradisjonsrekord. Der har offentleg finansiert
lokalhistorie 2000 år lange røter. I Russland blomstra
lokalhistoria i tiåra før oktoberrevolusjon, og har nå
fått ein renessanse etter å ha lege i dvale frå Stalin-tida
av.
I eit foredrag på kongressen gjorde professor Masayuki Sato
ved Yamanashi-universitetet i Japan greie for ei særs imponerande
offentleg finansiert lokalhistorisk verksemd der. Japan er delt i 47
«fylke». Pr. i dag har 40 av desse gjeve ut sine «fylkessoger».
For Yamanashifylket, med ca ein million innbyggjarar, skal det i 2004
føreliggje seks band generell historie frå førhistorisk
tid til i dag, to band samlingar av folkeminne og kultursoge, og heile
19 band kjeldeutgåver. Av 55 «kommuner» innan dette
fylket har 50 fullført sine «bygdebøker».
Situasjonen er om lag tilsvarande i dei andre fylka.
NLI inviterte under kongressveka lokalhistorisk interesserte deltakarar
til ei uformell samkome i dei nye lokala våre. Der var professor
Sato til stades, saman med representantar frå Russland, USA, Tyskland
og Sverige. Internasjonalt kjende namn som David Sabean, Eva Österberg
og Jürgen Schlumbohm gjorde ære på oss ved å
møte opp. Saman med gode vener frå vårt eige land
var vi i alt ca 30 menneske som utveksla erfaringar i ein hyggjeleg
atmosfære. Vi vonar å kunne orientere litt meir om utanlandske
lokalhistoriske miljø i seinare nummer av Kringsjå og/eller
i andre fora.
HPH
|