Du er her: Hovedsiden > Kulturvern > Særskilt om arkiv
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Særskilt om arkiv

> Lover og reglar
> Institusjonar for offentleg arkivmateriale
> Institusjonar for privat arkivmateriale
> Organisasjonar
> Arkivkatalogar som er søkbare på Internett
> Handbøker og anna rettleiing


Kulturnett Noreg
sin Institusjonsguide er ein vegvisar til ulike arkivinstitusjonar og deira tilbod.

 

Lover og reglar [ opp ]

På Arkivverkets nettsider finn du eit fyldig oversyn over gjeldande lovgrunnlag, føresegner og rettleiingar for arkivarbeid. Viktigaste lovheimelen for offentleg arkivforvaltning ligg i arkivlova som var gjort gjeldande frå 1. januar 1999.

 

Institusjonar for offentleg arkivmateriale [ opp ]

har primært som oppgåve å ta seg av arkivmateriale skapt av statlege, fylkeskommunale og kommunale organ.

Det statlege Arkivverket, med Riksarkivaren som øvste leiar, består av Riksarkivet og åtte regionale statsarkiv.

Kommunar og fylkeskommunar pliktar å ta vare på sine eigne arkiv. Riksarkivaren har rettleiings- og tilsynsansvar. Kommunane kan velje å delta i interkommunale arkivordningar (IKA) der slike er etablerte. (Sjå t.d. Interkommunalt Arkiv Finnmark som døme.)

 

Institusjonar for privat arkivmateriale [ opp ]

Ved sida av sitt primæransvar (arkiv danna av offentlege organ) tek Riksarkivet, statsarkiva, fylkesarkiva og (i mindre grad) kommunearkiva også vare på arkiv etter private arkivskaparar (personar, organisasjonar, verksemder og institusjonar). Sjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som døme på eitt av fleire fylkesarkiv som har engasjert seg sterkt i regions- og lokalhistorisk relevant privatarkivmateriale.

Det finst dessutan ei lang rad spesialinstitusjonar for privatarkiv på sentralt, regionalt og lokalt nivå. Dei kan vere drivne i privat, offentleg eller halvoffentleg regi.

  • Døme på slike spesialinstitusjonar med nasjonalt nedslagsfelt er Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Oslo), og Handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket avdeling Oslo.
  • Døme på institusjonar på regionalt nivå er Opplandsarkivet og Arbeiderbevegelsens arkiv i ei rad fylke, sjå t.d. for Telemark.
  • Dei etter kvart mange lokalarkiva er særs tett knytta til den lokalhistoriske verksemda. Som oftast er dette sjølvstendige einingar i eit praktisk samarbeid t.d. om lokale, publikumsbetjening etc. saman med folkebiblioteket, kommunearkivet eller eit museum på staden. Eit døme er Norddalsarkivet avd. Skjåk i Oppland fylke.
  • Landslaget for lokal- og privatarkiv arrangerer kurs og gjev ut rettleiingslitteratur av stor nytte for lokalarkiva.
    Jf. nærare omtale av lokalsamlingar ved folkebiblioteka.

Det er også mange institusjonar som tek vare på privatarkiv utan å ha dette som si einaste eller primære oppgåve. Det gjeld særleg ei rekkje museum.

 

Organisasjonar [ opp ]

Landslaget for lokal- og privatarkiv,
stifta 1986 er ein organisasjon for arkivinstitusjonar med privatarkiv som arbeidsfelt.

 

Arkivkatalogar som er søkbare på Internett [ opp ]

 

Handbøker og anna rettleiing [ opp ]

For historielag, museum og andre som arbeider med (lokal)arkiv, er følgjande publikasjonar og publikasjonsoversyn særleg nyttige:

  • Arkivverkets publikasjonar
  • Handbok i historielagsarbeid (med litteraturliste).
  • Hosar, Marit og Walle, Lene: Arkivarbeid i museene (Landslaget for lokal- og privatarkiv 2003, skrift nr. 2)
  • Lange, Vilhelm m.fl.: Privatarkiver. Bevaring og tyilgjengeliggjøring. (Riksarkivaren, skriftserie 11, Kommuneforlaget 2001.)
  • Marthinsen, Jørgen H.: Arkivdanning. Veiledning i arkivarbeid. (Aschehoug, Oslo 1987.)
  • Valderhaug, Gudmund: Lokalt arkivarbeid (Landslaget for lokal- og privatarkiv 2001, skrift nr. 1)
Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Relaterte lenker:

> Arkivverket
> Landslaget for lokal- og privatarkiv

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no