TEMASIDER: Kilder
og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

|
 |
Særskilt om bibliotek
> Lover og reglar
> Institusjonar
> Lokalsamlingar ved folkebiblioteka
> Handbøker og anna rettleiing
Nasjonalbibliotekets base Bibliotek
omfatter alle norske bibliotek. Man kan velge fagområdet Lokalhistorie
og regionalhistorie og få opp en liste over samtlige bibliotek
som dekker dette feltet eller avgrense til folkebibliotek, fagbibliotek,
bibliotek i arkiv osv. Trefflisten har lenker til hjemmeside, katalogsøk,
e-postadresse m.m.
Lover og reglar [ opp
]
ABM-utvikling har eit nettilgjengeleg oversyn
over aktuelle lover og reglar for bibliotekssektoren. Viktigaste lova
på dette feltet er lov
om folkebibliotek.
For utgjevarar av bygdebøker, årbøker og annan lokalhistorisk
litteratur, er føresegnene om pliktavlevering
og om ISBN-nummer særleg
aktuelle.
Institusjonar [ opp
]
- ABM-utvikling har frå
1. januar 2003 avløyst dei tidlegare organa Riksbibliotektenesta
(fagorgan for fag- og forskingsbiblioteka) og Statens bibliotekstilsyn
(fagorgan for folkebiblioteka).
- Nasjonalbiblioteket
pliktar å motta, oppbevare og tilgjengeleggjere alt som blir publisert
i Noreg, bøker og på andre media, i medhald av
pliktavleveringslova. Nasjonalbiblioteket er pålagt ei rekkje
sentrale registreringsoppgåver, som nasjonalbibliografien
og ymse samkatalogar.
- Folkebiblioteka i kvar kommune er viktige i lokalhistorisk
samanheng, særleg fordi dei som oftast vil ha eigne lokalsamlingar,
og somme av dei er også samarbeidspartnarar i lokale arkivinstitusjonar.
Folkebibliotekvesenet er heimla i lov
om folkebibliotek.
Lokalsamlingar ved folkebiblioteka [ opp
]
Mange folkebibliotek har oppretta eigne samlingar av lokalt relatert
fag- og skjønnlitteratur og anna materiale. I boka Lokalsamlinger
i folkebiblioteker (utg. av Statens bibliotekstilsyn 1980), set
O. Zakariassen opp ei nyttig liste over typar materiale som naturleg høyrer
heime i slike samlingar:
- Bøker
- Tidsskrifter ikke beregnet på en spesiell, organisert gruppe
- Lokalaviser i original
- Aktuelle karter
- Årsberetninger fra bedrifter og institusjoner
- Stensiler og privattrykk. Hovedoppgaver.
- Avisutklipp
- Husorganer, foreningsblader, menighetsblader, bedriftsaviser, valgaviser,
årsberetninger av mer upretensiøs type.
- Mikrofilmede primærkilder og lokalaviser.
- Musikalia (noter, plater, bånd i mangfoldiggjort form.)
- Dokumenter fra viktige saker i lokalpolitikken.
- Detaljtrykk/brosjyrer.
- Bilder, fotografier.
- Gamle karter (kopier eller på mikrofilm).
- Lydbåndopptak (originalopptak eller selvlagede kopier av slike).
- Manuskripter.
- Privatarkiver.
- Original kunst.
NB! Når det gjeld spesielt punkt 17 (arkiv) gjer forfattaren sjølv
merksam på at dette ikkje eigentleg er ei naturleg biblioteksoppgåve.
Det krev i alle høve eit anna slag fagkompetanse å behandle
arkiv enn å behandle trykt og mangfaldiggjort materiale. Etter at
boka kom ut, har talet på lokale
og regionale arkivinstitusjonar auka sterkt, slik at privatarkiv som
rein biblioteksoppgåve også er blitt mindre aktuelt enn før.
Handbøker og anna rettleiing
[ opp ]
- Juvik, Lars Hansen og Zakariassen, Olav (red.): Lokalsamlinger
i folkebiblioteker. (Statens bibliotekstilsyn, Oslo 1980.)
- Juvik, Lars Hansen og Zakariassen, Olav (red.): Lokalsamlingen
i biblioteket. (Bibliotekssentralen, Oslo 1993.)
- Om lokalhistoriske samlingar: tilråding frå
eit utval nedsett av Norsk kulturråd. (Oslo 1984.)
- Jf. litteraturliste under arkiv.
|
 |
|