|
|
|
|
| Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektshistorie Kulturvern
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt |
Kva er "kulturvern", "kulturarv", "kulturminne"?Kulturvern tyder å ta vare på spor etter menneskeleg verksemd i nær og fjern fortid. Slike bevarte spor blir med ei samlenemning kalla kulturarven. Kulturarven kan vere av materiell art (gjenstandar, bygningar, fartøy, kulturlandskap etc.) eller immateriell art (t.d. tradisjonar, sed og skikk, innhaldet i eit dokument m.m.m.). Nemninga kulturminne blir i offisiell samanheng (i lovverk og forvaltning) reservert for den materielle delen av kulturarven. Det har direkte samanheng med følgjande definisjon i Lov om kulturminner:
Kulturminne frå tida før 1537, som er automatisk freda etter kulturminnelova, blir også kalla fornminne, jf. til dømes Fornminneregisteret. Dei ulike arbeidsfelta innan kulturvernet kan systematisk oppstillast slik:
Jf. også ei utgreiing om internasjonal terminologi på området. Alle materielle og immaterielle delar av kulturarven kan gjere sitt til å kaste lys over og dokumentere fortida. Dei er altså historiske kjelder, som ein tek vare på fordi det er ønskjeleg å utvide kunnskapen om og forståinga av tidlegare samfunn og kulturar. Men kulturvern kan vere motivert også ut frå andre formål enn å ta vare på historisk kjeldemateriale. Det kan vere til dømes å skape identitetskjensle. Eit kulturminne kan vekkje nasjonal eller lokal byrgskap - eller kanskje det motsette. Det kan gje folk ymse former for opplevingar og dermed kunne bli turistattraksjon. Stundom kan kulturarvspørsmål få direkte politisk betydning. Kva for kulturminne eller andre delar av kulturarven som er verd å ta vare på, vil det såleis lett oppstå ulike meiningar om. I lokalhistorisk samanheng tyder kulturvern først og fremst å velje ut, bevare og gjere tilgjengeleg lokalhistorisk kjeldemateriale. Mykje av den verksemda som historielaga driv, dreiar seg om kulturvern, og dette står sentralt i formålsparagrafen til Landslaget for lokalhistorie. Handbok i historielagsarbeid innheld mykje nyttig stoff om praktisk kulturvernarbeid, og ein god del informasjon til denne temasida er henta derifrå. Vi viser særleg til kapittel 6, "Kulturvernoppgåver" av Egil Nysæter m.fl. |
|
Relaterte lenker:
> ABM-utvikling Statens
senter for arkiv, bibliotek og museum |
|
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no |