TEMASIDER: Kilder
og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

|
 |
Handlingsboren kunnskap (handverk og ferdigheiter)
Teknikkar og dugleik innan handverk og husflid kan best bevarast ved at
nye generasjonar lærer å meistre dei. "Handlingsboren
kunnskap" er innsikt og ferdigheiter som slik blir halde ved like
ved opplæring og praktisering.
Institusjonar og organisasjonar
- Norsk handverksutvikling,
skipa 2001, er ei overbygging på det tidlegare Handverksregisteret
(oppretta i 1987) og Sekretariatet for små og verneverdige fag
(oppretta i 1996) på Maihaugen, Lillehammer.
- Norges Husflidslag,
er ein frivillig organisasjon for alle med interesser innan kultur,
handverk og tradisjon. 22.000 medlemmer over hele landet er knytta til
lokale husflidslag eller husflidhandverkarlag.
- Norsk
Folkedraktforum (Nff),
skipa 1995, er ein landsomfattande organisasjon for personar som er
interesserte i, og/eller arbeider med forsking i og dokumentasjon av
folkeleg draktskikk, utvikling og produksjon av folkedrakter på
grunnlag av historisk kjeldemateriale.
Handbøker og anna rettleiing
- Bø, Sigrid: "Innsamling og dokumentasjon av handlingsboren
tradisjon og munnleg stoff," i Bø, Sigrid m.fl.
(red.) Maten meir enn føda (Landslaget for lokalhistorie, 1998.)
- Dokumentasjon, vern, vidareføring og atterreising av
gamle handverk. (NOU 1986:15.)
- Godal, Jon Bojer mfl. (red.): Prinsipp og problemstillingar
i dokumentasjonsarbeid knytt til handverk. (Håndverkregisteret,
Maihaugen 1996.
|
 |
Relaterte lenker:
> Norges Husflidslag
> Norsk
Folkedraktforum
> Norsk handverksutvikling
|