Du er her: Hovedsiden > Kulturvern > Minne og tradisjon
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Minne og tradisjon

> Lover og reglar
> Institusjonar
> Organisasjonar og nettverk
> Handbøker og anna rettleiing


Dette dreiar seg om kjeldemateriale som er overlevert munnleg. Minnestoffet kan vere nedskrive eller i lydopptak. Ein skil mellom minne om slikt som vedkomande informant sjølv har opplevd eller vore nær tilskodar til, og minnestoff som har gått gjennom fleire ledd over tid. Det er det siste som kan kallast tradisjon.

Innan historiefaget har studiar av munnleg overlevering blitt ein eigen disiplin, internasjonalt under nemninga "Oral History".

 

Lover og reglar

Det mest relevante lovverket for innsamling av munnleg kjeldestoff, er det som gjeld personvernet. Sjå nærare orientering om personvern i lokalhistorisk arbeid.

 

Institusjonar

Minne og tradisjon som fagfelt er særleg nær knytta til universitetsfaga folkloristikk (folkeminne) og etnologi (folkelivsgransking). Institutt for desse faga ved dei respektive universiteta har lenge drive innsamlingsarbeid og opparbeidd store samlingar av minne- og tradisjonsstoff:

Også ei lang rad museum og andre institusjonar har samlingar av minne- og tradisjonsstoff. Jf. NLI sin database Minne og tradisjon som viser kva institusjonar som har materiale frå dei einskilde kommunane.

 

Organisasjonar og nettverk

Norsk Folkeminnelag, stiftet i 1920, samlar og gjev ut tradisjonsstoff, med tanke på å nå eit breidt publikum.

 

Handbøker og anna rettleiing

  • Bø, Sigrid: "Innsamling og dokumentasjon av handlingsboren tradisjon og munnleg stoff," i Bø, Sigrid m.fl. (red.) Maten meir enn føda (Landslaget for lokalhistorie, 1998.)
  • Graff, Ola m.fl.: Ta vare på minnene. Handbok i minneinnsamling. (Kommuneforlaget, 1990.)
  • Hodne, Bjarne m.fl. (red.): Muntlige kilder. Om bruk av intervjuer i etnologi, folkemninnevitenskap og historie. (Universitetsforlaget, 1981.)
  • Slettan, Dagfinn: "Innsamling av munnlege kjelder. Nokre praktiske spørsmål," i Heimen 1989:3.
  • Titlestad, Torgrim: Når folket fortel. Ei handbok i intervjuteknikk og munnleg historie. (Universitetsforlaget, 1982. )
Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Relaterte lenker:

> Norsk Folkeminnelag
> Etno-folkloristisk arkiv

> Norsk etnologisk gransking
> Norsk folkeminnesamling

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no