Du er her: Hovedsiden > Faglige nettverk > Lokalhistorie i skolen
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Lokalhistorie i skolen

> Introduksjon
> Landslaget for lokalhistorie i skolen
> Lokalhistorie i læreplanverket
> Litteratur og nettstader

 

Introduksjon

På oppmoding frå Norsk lokalhistorisk institutt arrangerte Statens lærarkurs i 1970 eit kurs i utnytting av lokalhistorisk stoff i undervisninga. Redigerte innlegg frå kurset vart publiserte i heftet Lokalhistorie i skolen. Kurset og publikasjonen gjorde sitt til at "lokalhistorie i skolen" har vorte eit omgrep i skole- og historiefagleg samanheng.

I føreordet uttrykkjer skriftredaktøren Hans Try ein viktig del av både den pedagogiske grunngjevinga og den verdimessige motivasjonen for arbeidet som blir drive på dette feltet, t.d. i dette sitatet:

"[Lokalhistorisk undervisningsstoff] vekker interesse hos elevane fordi dei kan knyte det til stader og ovringar dei kjenner på førehand. Det kan betre enn mye anna tilfang gi historisk forståing ved at elevane får følgje enkle handlingsgangar i tid på lokalplanet. Og som eksempelstoff kan tilfang frå heimbygda eller -byen kaste lys over tilhøve langt ut over det vesle samfunnet. Ofte går det jamvel ein beinveg frå elevens eige nærmiljø til småsamfunn heilt andre stader i verda - det lokale og det globale perspektiv heng nøye saman i historieundervisninga."

 

Landslaget for lokalhistorie i skolen

Landslaget for lokalhistorie i skolen vart skipa i 1978, og hadde 404 medlemmer i 2002. Organisasjonen gjev ut tidsskriftet Fotefar.

Til nettsidene til Landslaget for lokalhistorie i skolen, til NLIs omtale av LLS.

 

Lokalhistorie i læreplanverket


Grunnskolen (Sitat frå Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen):

  • Heimkunnskap
    - "Lokal tilpasning i samspill med elever, hjem og nærmiljø kan bidra til at lokalsamfunnets kultur og tradisjoner holdes i hevd"
    - "Elevene skal utvikle kjennskap til sitt nærmiljø og utvikle trygghet og tilhørighet. De skal bli kjent med lokale skikker, mattradisjoner og klesdrakter/bunader."
  • Samfunnsfag (derunder historie)
    - "Samfunnsfaget byggjer gjennom heile skulegangen på nær kontakt og samhandling mellom skulen og lokalsamfunnet og har som føresetnad ein omfattande bruk av døme og illustrasjonar frå nærmiljøet til elevane. Heimstaden er eit viktig utgangspunkt for å utvikle innsikt i samfunnet."
    - "Gjennom arbeidet med fortida skal elevane utvikle identitet, sjå det nære og lokale i perspektiv og få stimulert lesetrongen."
    - "I opplæringa skal elevane lære å kjenne historiske minnesmerke og arbeide med fortidsleivningar for å utvikle interesse for historia til heimstaden."
    - "I opplæringa skal elevane søkje informasjon frå ulike kjelder som til dømes eldre menneske, museum, krigsminnesmerke, skrivne framstillingar, film og informasjonsteknologi. Arbeide med hendingar i Noreg frå den andre verdskrigen. Bli kjende med følgjer av krigen for sin eigen kommune og landsdel og for landet i det heile."

Vidaregåande skole (Sitat frå Læreplanverket for vidaregående opplæring):

  • Eldre og nyare historie, felles allmenne fag i den vidaregåande skolen
    - "Elevene skal kunne forstå lokale, nasjonale, regionale og globale sammenhenger i historien."
    - "Elevene skal ha kunnskaper om lokale og nasjonale særpreg, og kunne møte andre kulturer på en reflektert måte."
    - "Elevene skal kjenne metoder som brukes for å samle inn, granske og analysere historisk materiale, og kunne bruke disse i eget arbeid."
    - "Elevene skal kunne forstå endringene i bosettingsmønster, familieformer og hverdagsliv og kunne se hvordan historien former egen identitet."

 

Litteratur og nettstader

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Relaterte lenker

Digitalskolen ved Historisk Institutt, Universitetet i Bergen, har lærepakker i historie, fra grunnskolen til universitetsnivå, til fri bruk.

Skole-HIFO - Den norske historiske forenings nettsted for historie i skolen.

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no