TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern
LOCAL HISTORY
WORLD WIDE
|
 |
Norsk lokalhistorisk
institutts vedtekter
Godkjende i brev frå Kulturdepartementet 8.6.1998, jf. brev frå Kulturdepartementet
29.6.1999, etter framlegg frå styremøte for Norsk lokalhistorisk institutt
7.2.1995
- Norsk lokalhistorisk institutt har som formål å fremje lokal- og regionalhistorisk
arbeid i heile landet. Det skal gje råd og rettleiing til aktørar innafor
lokal og regional historie, skal drive eiga forsking og stimulere til
forsking, og skal fungere som nasjonalt dokumentasjonssentrum for lokal
historie, alt i samsvar med gjeldande arbeidsplan.
- Norsk lokalhistorisk institutt har eit styre på fem medlemmer med
personlege vararepresentantar. Styret blir oppnemnt av Kulturdepartementet
etter framlegg frå Landslaget for lokalhistorie (1), Den norske historiske
forening (1), Norges Museumsforbund (1), Riksarkivaren (1) og dei tilsette
ved instituttet (1). Styret har ei funksjonstid på fire år. Departementet
peikar ut leiar og nestleiar.
- Instituttleiaren blir tilsett av departementet etter innstilling frå
styreleiaren. Styret tilset anna personale. Ved tilsetjing i vitskaplege
stillingar skal tilsetjinga bygge på innstilling frå ein sakkunnig komite.
- Styret gir instruks for instituttleiaren og fastset generell arbeidsplan
for instituttet.
- Styret sender årleg departementet årsmelding, årsplan og budsjettframlegg
med resultatrapport.
|
 |
> Om NLI
> Publikasjoner
> Seminarer
> Serviceerklæring
> Arbeidsplan
> Vedtekter
> English
|