Personal tools
Du er her: Forside / Om NLI / Vedtekter

Vedtekter

Norsk lokalhistorisk institutts vedtekter

Godkjende i brev frå Kulturdepartementet 8.6.1998, jf. brev frå Kulturdepartementet 29.6.1999, etter framlegg frå styremøte for Norsk lokalhistorisk institutt 7.2.1995

  • Norsk lokalhistorisk institutt har som formål å fremje lokal- og regionalhistorisk arbeid i heile landet. Det skal gje råd og rettleiing til aktørar innafor lokal og regional historie, skal drive eiga forsking og stimulere til forsking, og skal fungere som nasjonalt dokumentasjonssentrum for lokal historie, alt i samsvar med gjeldande arbeidsplan.
  • Norsk lokalhistorisk institutt har eit styre på fem medlemmer med personlege vararepresentantar. Styret blir oppnemnt av Kulturdepartementet etter framlegg frå Landslaget for lokalhistorie (1), Den norske historiske forening (1), Norges Museumsforbund (1), Riksarkivaren (1) og dei tilsette ved instituttet (1). Styret har ei funksjonstid på fire år. Departementet peikar ut leiar og nestleiar.
  • Instituttleiaren blir tilsett av departementet etter innstilling frå styreleiaren. Styret tilset anna personale. Ved tilsetjing i vitskaplege stillingar skal tilsetjinga bygge på innstilling frå ein sakkunnig komite.
  • Styret gir instruks for instituttleiaren og fastset generell arbeidsplan for instituttet.
  • Styret sender årleg departementet årsmelding, årsplan og budsjettframlegg med resultatrapport.