Redaksjonens oppgåver og ansvar, del 1

Korleis skal vi best organisere arbeidet med årboka?
Av Kjell Haugland
Da Oppdal historielag vart stifta i 1979, bestemte vi oss straks for å gje ut ei årbok, med namnet Bøgda vår. Eg tok på meg å vere redaktør – og det vervet har eg framleis, nesten ein mannsalder seinare. Følgjeleg kan eg trygt påstå at eg har lang fartstid og rik erfaring når det gjeld årbokarbeid. Og dei tankar og råd for årbokarbeidet som eg kjem med i dette oppsettet, byggjer først og fremst på mine personlege røynsler. Men det meste her i livet kan som kjent gjerast på forskjellige måtar, så også arbeidet med historiske årbøker. Derfor er ikkje det eg skriv her, noen mønsteroppskrift for årbokproduksjon, men snarare ein liten ”idébank” for historielag som gir ut årbøker eller har planar om å begynne med eit skrift.
Eineveldig redaktør — eller redaksjonskomité?
Bak dei fleste årbøker står ein valt redaksjonskomité. Men slik har vi ikkje gjort det i Oppdal. I alle år har eg fungert som ”eineveldig” redaktør, med dei fordelar (og sjølvsagt også ulemper) som ligg i den ordninga. Når det har vore nødvendig, har eg søkt råd og hjelp hos styret i historielaget eller andre personar i miljøet. Det blir mye ansvar – og arbeid – på éin person med eit slikt opplegg, men eg trur at det ligg ein effektivitetsgevinst i det. Redaktøren har full styring med heile produksjonsprosessen, frå planlegging og fram til ferdig årbok. Han kan legge opp arbeidet slik det passar best for han, og slepp å bruke tid på kanskje langdryge møte.
Likevel kan bruk av redaksjonskomité vere eit godt alternativ – og heilt nødvendig dersom det ikkje finst noen som er villig til å ta redaksjonsansvaret aleine. Men eg trur det er viktig at historielaget er nøye når det gjeld samansettinga av ein slik komité og finn personar som både er motivert og som ein veit kan arbeide effektivt og målretta. Eg har eit inntrykk av – etter mange samtalar med årbokredaktørar gjennom åra – at møta i enkelte redaksjonskomitéar kan bli meir prega av hyggeleg samvær krydra med historier enn redaksjonelt arbeid. Og i alle høve må komitéen ha ein ansvarleg sjef som sørgjer for at arbeidet blir gjort, etter faste planar og i rett tid.
Langsiktig planlegging — skippertak duger ikkje
Årboka skal ikkje vere eit hastverksprodukt, men resultatet av langsiktig arbeid. Det bør ikkje vere slik at ein set i gang med planlegging og stoffinnsamling utpå seinsommaren eit par månader før boka må i trykken. Da blir det eit stress som går ut over arbeidsgleda – og kvaliteten, ikkje minst. Det blir også vanskelegare å få folk til å skrive for årboka. Spør du ein person om ho eller han kan stille med ein artikkel som du må ha seinast om ein månad, er det nokså sikkert at vedkomande svarar nei. Men let du han få eit halvt år, eller endå betre: eit heilt år, ja, da er du nesten garantert eit ja! Og kvaliteten på produktet blir også nesten garantert betre.
Eg meiner at arbeidet med årboka må gå over eit år, og følgjer sjølv ein arbeidsplan som ser omtrent slik ut:
Oktober/november året før årboka skal ut: Avtaler er gjort med artikkelforfattarane, som har leveringsfrist april/mai – seinast juni. For å ha kontroll med omfanget på stoffet, avtaler vi også kor lang artikkelen skal vere, så omtrent. Eg bruker ord som måle-eining. Tekstbehandlingsprogramma har jo ordteljar, og når eg veit kor mange ord som går på ei side, er det snart gjort å rekne ut kor mye plass stoffet vil ta i årboka. I tillegg kjem sjølvsagt illustrasjonane. – Enkelte eldre forfattarar bruker ikkje data, men skriv for hand, og da avtaler vi omfang i handskrivne sider. Eg veit så omtrent kor mye ei slik side vil fylle.
I februar/mars tek eg ein telefon til artikkelforfattarane for å høre om alt går som planlagt. Noen må ha ein påminning for å levere, mens andre er meir eller mindre ferdige med artikkelen. Sjølv har eg gjennom vinteren laga til utfyllingsstoff av forskjellig slag. Det vil alltid vere behov for korte oppsett, for eksempel gamle foto med tekster, for å ”saldere” sider.
I mai/juni og utover sommaren er det mi oppgåve å redigere og vere ”språkvaskar”. Etter kvart som stoffet er klargjort, leverer eg det til sidemontasje på det lokale trykkeriet. Eg synest det er ein fordel å stykke opp stoffet på denne måten, framfor å levere alt under eitt. Også trykkeriet set pris på ordninga, fordi dei da kan bruke årboka som utfyllingsarbeid når det er ledig kapasitet.
I tidsrommet ca. 15. august–10. september får alle forfattarane korrekturutskrifter, med klar melding om at dei har kort frist og at det ikkje må gjerast større endringar utan at det er heilt nødvendig. Eg les også korrektur og samordnar den med rettingane frå forfattarane. Når trykkeriet gjer opprettingane, plar eg sitte ved sida av den som utfører arbeidet og vere med i prosessen frå side til side. Da kan vi i fellesskap finne løysingar på problem som måtte oppstå, for eksempel uheldige forskyvingar på sidene når det blir føydd til eller fjerna ord i teksten.
Så går årboka til trykking ca. 20. september, og ein månad seinare kjem ho frå bokbinderiet. Siste fredagen i oktober har historielaget sist faste haustmøte, og presentasjon av årboka er fast innslag. Kåseriet eller foredraget på møtet er det gjerne ein av artikkelforfattarane som held, og sjølvsagt blir det servert kaffi med litt attåt.
Same helga som årboka blir lansert, begynner salet, som også følgjer eit innarbeidd opplegg. Omtrent 30 grendekontaktar som dekker omtrent heile bygda, går frå dør til dør. Boka blir også selt i bokhandelen. Og etter noen veker er opplaget på 2000 eksemplar redusert til 4–500.
Det er ei god kjensle når ein står med det konkrete resultatet av eit års arbeid i handa, sjølv om ein ser at både det eine og det andre kunne ha vore gjort litt annleis. Det er også godt å oppleve at folk likar årboka – at ho er blitt eit fast innslag i året som liksom må vere der.
Eit kulturelt dugnadsprosjekt
Årboka går med overskot og har etter kvart gitt historielaget ein solid økonomi. Ei viktig årsak til det er sjølvsagt at alt arbeid blir gjort etter dugnadsprinsippet. Verken redaktør, artikkelforfattarar, illustratørar eller seljarar får noen som helst økonomisk kompensasjon for arbeidet dei legg ned. Årboka skal etter vår oppfatning vere god, gammaldags kulturdugnad, noe vi ikkje forsømmer å framheve når vi presenterer boka. Og negative reaksjonar på at det ikkje blir gjeve betaling, opplever vi svært sjeldan. – Her må føyast til at direkte utgifter sjølvsagt blir refunderte, og at medarbeidarane får eitt eller fleire gratiseksemplar av årboka, alt etter omfanget av arbeidet.
Kven skriv vi for — og kva vil vi med årboka?
Vi skriv alltid for noen, for ei målgruppe, og den må sjølvsagt både årbokredaksjonen og dei enkelte artikkelforfattarane ha for auget. Så er spørsmålet: Kven er årboka eigentleg mynta på, kven vil vi skal vere lesarane våre? Her er det grovt sett to måtar å gjere det på: anten la årboka primært vere eit internt blad for medlemmer – eller leggje ho opp og distribuere ho som eit «opent» produkt for alle i lokalsamfunnet. Eg trur det er viktig at redaksjonen diskuterer gjennom denne problemstillinga og gjer eit val. Det får sjølvsagt konsekvensar både for innhaldsprofilen og for måten stoffet blir presentert på.
Eg meiner at årboka bør vere breitt opplagt og ha heile lokalsamfunnet som målgruppe. Det er ingen tvil om at lokalhistorisk lesestoff er populært og sel godt både i by og bygd. Så her kan det vere pengar å tene for historielaget. Men like viktig er det at vi når fram til og vekkjer historisk interesse i breiare grupper enn dei som alt er tent på historie. Og vi må ikkje gløyme at vi gjennom årboka tilfører lokalsamfunnet varige verdiar, som mange kan gjere seg nytte av til forskjellige formål. For eksempel vil stoff om lokale kulturminne og kulturtradisjonar kunne bli til god nytte for reiselivsnæringa og for bønder som arbeider med å utvikle gardsturisme. Når lærarane i grunnskulen eller den vidaregåande skulen skal leggje opp til prosjektarbeid om forhold i eldre tid, er klassesettet av årboka eit framifrå hjelpemiddel. Hyttefolk kjøper boka for å bli betre kjent med historia til bygda og terrenget og på den måten få meir ut av fritida si der. Fagfolk ved musé og andre kulturinstitusjonar vil ha nytte av stoff i årboka, for eksempel livsminne som fortel om oppvekst og levekår eit par generasjonar tilbake i tida – eller artiklar om eldre tiders arbeidsteknikkar. Og endeleg må vi ikkje gløyme at vi produserer dokumentasjon for framtida: Årboka vil bli lesen med stor interesse om hundre år og vise korleis livet ein gong var, på godt og vondt.
Alt dette tilseier at vi ikkje bør tenkje for snevert når vi lagar årboka, men sikte oss inn mot breie lesargrupper. Likevel bør vi etter mi meining ha eit bevisst forhold til sjangeren: Produktet skal vere ei lokalhistorisk årbok og ikkje ei blanding av historie og ”oppdikta” tekster, det vil seie skjønnlitterære framstillingar. Spesielt må vi passe oss for ”dokumentarnoveller”, der ein del av forteljinga byggjer på historiske kjelder, mens resten er fri dikting – og det heile flyt saman i ein lapskaus der lesaren ikkje greier å skilje mellom fakta og fantasi. Det bør i det heile vere eit grunnleggande prinsipp i årboka at vi er nøye med å skilje mellom det vi veit (på grunnlag av kjelder) og det vi trur.
Korleis skaffar vi oss forfattarar og bildestoff?
Så er spørsmålet korleis vi skal få tak i forfattarar som er villige til å produsere det varierte stoffet vi vil ha i årboka. Eg har alt nemnt handlingsregel nummer ein: Ver ute i god tid! Regel nummer to: Bruk augo når du er ute blant folk og notér deg forfattaremne! Eg vil våge å påstå at det ikkje er noe problem å skaffe nok skrivevillige personar dersom ein følgjer desse reglane. Eg kan også tenkje meg ein regel nummer tre: Legg merke til kven som blir pensjonistar. Dei som går av med pensjon i dag, er som regel fullt oppegåande både kroppsleg og åndeleg, og har eit tomrom som må fyllast når alle dagar blir fritid. Dette er ei gruppe som vi må kapre til arbeidet vårt (før andre frivillige organisasjonar gjer det!).
Eit konkret eksempel på forfattarverving: Hans og Kari har nyleg overlete garden til dottera, og har mye ledig tid. Hans var den første på garden som skifte ut hesten med traktor og som opplevde det såkalla ”andre hamskiftet” på 1950–60-talet, mens Kari som ung møtte ”husmorrevolusjonen” og dei nye tekniske hjelpemidla: vaskemaskinen, støvsugaren, frysaren. Så stiller vi spørsmålet: Kan de skrive kvar sin artikkel om korleis de opplevde tidsskiftet? Og svaret er positivt – etter at dei har fått eit tilfredsstillande svar på det obligatoriske ”Kor lang tid får vi?”.
Ei anna viktig målgruppe for oss forfattarvervarane er fagfolka ved historiefaglege institusjonar og ved museum. Dei vil gjerne ha kontakt ut over eigne miljø, og institusjonane forventar også av sine tilsette at dei skal skrive og publisere. Eg har faktisk aldri opplevd å få nei – når eg berre er romsleg med innleveringsfristen. Også studentar som har levert hovudfags- eller masteroppgåver med tema frå vårt lokalsamfunn kan vere interessante forfattarkandidatar for årboka.
Gode artiklar må sjølvsagt ha godt bildestoff – og eit interessant bilde kan vere tema for eit lite, utfyllande oppsett i årboka. Derfor må vi også drive konstant jakt på bilde. Det ligg utruleg mange interessante og verdifulle foto rundt om i heimane – ofte utan at eigarane er klar over det sjølv. Vi må spørje og få folk til å leite. Notér tips, bruk lokalavisa. Men også utafor lokalsamfunnet kan det vere mye å hente. Det finst svære bildesamlingar ved museum, bibliotek og andre kulturinstitusjonar, og noen har begynt å legge ut bilda på nettet. Ei spennande samling som Nasjonalbiblioteket står bak, er Galleri Nor (www.nb.no/gallerinor), og mange vil nok også finne mye av interesse på nettsidene til Norsk Folkemuseum, der mange tusen gjenstandar frå muséet er presenterte med foto. Eit svært nyttig oversyn over norske fotografar og fotosamlingar finn vi på sida www.nb.no/nmff. – For ordens skuld bør vi nok føye til her at vi sjølvsagt ikkje ”stel” foto frå nettet, men tek kontakt med institusjonen for å få ein god digital versjon av bildet og rett til å bruke det. Det kostar noen kroner, men institusjonane gir gjerne ein raus rabatt til ikkje-kommersielle, ideelle tiltak som historielag.
Konklusjonen så langt må vere at det ikkje treng vere vanskeleg å skaffe stoffet vi vil ha til årboka, berre vi er ute i god tid, driv systematisk jakt på leverandørar og i det heile arbeider langsiktig og planmessig. Viktig er det også å lese andre lag sine årbøker for å få nyttige idéar – opprett gjerne mange byttesamband.
Så er spørsmålet korleis vi skal gjere arbeidet mest muleg effektivt når vi har fått inn stoffet. Korleis skal vi legge opp ”språkvasken”? Bør vi lage ein skriftleg forfattarinstruks? Kva juridisk og moralsk ansvar har vi som redaktør? Dette er tema som eg kjem til å ta nærmare for meg i andre delen av denne artikkelen.
Denne artikkelen sto på trykk i Lokalhistorisk magasin 4/05.
|