|
|
|
| Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektshistorie Kulturvern
WORLD WIDE |
Kva slag årbok vil vi ha? Val av stoff og ”innpakning”Av Hans HosarEg vil her fyrst gjera meg nokre tankar om kva ulike føremål ein kan ha med å gje ut lokalhistoriske årbøker, og om kva funksjonar slike utgjevingar fyller. Ut frå det kan vi tenkje nærare over kven det er årboka vedkjem, og da spør vi oss ikkje berre kven det er som les ho. Min påstand er nemleg at årboka betyr noko også for andre enn dei vi ser føre oss som lesarar, og ho betyr noko på andre måtar enn det å vera meir og mindre fengande lesestoff i julehelga for dei lokale kjøparane. Deretter vil eg koma inn på korleis dei ulike typane årbokstoff har relevans for dei ymse personar og instansar som årboka vedkjem. Da kan vi også nærme oss spørsmålet om kva emne og sjangrar ein årbokredaksjon kan eller bør velja. Nå har eg ikkje som mål å presentere ein fasit over verdig og uverdig årbokstoff, jamvel om overskrifta kunne peike i den retning. Men eg ønskjer å setja søkjeljoset på nokre moment som kan inngå i vurderingsgrunnlaget når ein redaksjon skal hente inn og sortere stofftilfanget og forme ut den årvisse utgjevinga si. Føremål, funksjonar og kven årboka vedkjemBåde føremål (kva ønskjer vi å oppnå med årboka?) og funksjonar (kva verknader får utgjevinga reint faktisk?) kan vera mangfaldige, og det er vel sjeldan fullt ut samsvar mellom dei to sidene. Det kan godt vera at årboka tener fleire eller andre oppgåver enn dei som utgjevaren har sett føre seg . Eg vil her trekkje fram fire sider ved føremål/funksjons-komplekset:
Med ovanståande fire punkt i bakhovudet, finn eg det føremålstenleg å liste opp som følgjer dei personane, kollektiva og institusjonane som eg meiner årboka vedkjem:
Stofftypar og relevansDet meste av stofftilfanget som er vanleg å finne i lokalhistoriske årbøker, kan grupperast under desse kategoriane, som eg nedanfor vil ta føre meg ein for ein:
Emneval, karakter og kvalitet spenner vidt i denne typen artiklar. Det kan vera sjølvstendige forskingsarbeid basert på primærkjelder innan historie, arkeologi, etnologi og folkloristikk. Men oftare er det nok framstillingar som byggjer på lettare tilgjengeleg kunnskap. Det siste kan til dømes vera om hendingar og tilhøve som forfattaren har personleg kjennskap til, skrive utan særleg fokus på stringente faglege metodereglar. Eg finn det uråd å byrje trekkje fram bestemte emne som ein ut frå eitt eller anna kriterium kunne finne ønskjeleg å prioritere i årbøkene. Men vurdert ut frå dei fleste brukarinteresser og ut frå årboka sine fremste føremål, må det etter mi meining vera spesielt ønskjeleg å trekkje fram fenomen som er særeigne for vedkomande stad. Ikkje fordi det måtte vera spesielt storarta eller sært, men fordi det da er med på å fremje forståinga vår for det historiske mangfaldet. Men ei slik prioritering er vel å merke ikkje til hinder for at ein skal ta opp emnekrinsar som også snart sagt alle andre årbokredaksjonar tek opp, slik som andre verdskrig og 1905-markeringa for å nemne høgaktuelle døme. Men i slike tilfelle er det da ønskjeleg a) at ein søkjer å framstille det som særleg karakteriserer nettopp dette lokalsamfunnet i denne nasjonalhistoriske samanhengen, og b) at framstillingane blir gjorde slik at dei let seg jamføre med andre stader, og helst at lesaren får umiddelbar innsikt i kva ei slik jamføring kan fortelja om det lokalsamfunnet som er i fokus. Elles er det fyrst og fremst eit par sider ved ”innpakninga” av slike emnedefinerte artiklar eg vil framheve, dvs. det som har med form og utstyr å gjera. Det gjeld for det fyrste at ein interessert lesar bør kunne forlange å få vita kva kjelder forfattaren byggjer framstillinga si på. Dette er jo den typen stoff som mest direkte tener kunnskaps- og opplysningsfunksjonen ved årboka. Basis for brukeleg kunnskap er at den er etterretteleg, dvs. at andre skal gjevast reelle utvegar til å gå opplysningar, påstandar og tolkingar etter i saumane. Kjeldetilvisingar i populærvitskaplege publikasjonar er eit omdiskutert tema. Det blir ofte innvendt at noteapparatet forstyrrar den vanlege lesaren, artikkelen får eit vitskapleg preg som verkar framandgjerande og fråstøytande. Personleg har eg vanskeleg for å skjøne dette. Ein av mine kjepphestar er at det ikkje fyrst og fremst er ekspertane – faghistorikarane – som har bruk for presise tilvisingar til arkiv og bibliotek. Røynde fagfolk kan lesa mykje ut av summariske kjeldetilvisingar. Det er heller dei ivrige amatørane, dei i bygda som ønskjer sjølv å granske vidare på tema som dei får ferten av i ein årboksartikkel, som treng nøyaktige vegvisarar dit kjeldene er. Det skulle vera greit å vise til litteratur ein har nytta med tittel, forfattar og utgjevingsår. For kjelder utanom det som er litteratur om vedkomande emne, må ein tilmåte tilvisingane praktisk etter som kva slag materiale det dreiar seg om. Det kan vera katalogopplysningar om gjenstandar på eit museum. Det kan vera oppbevaringsstad for eit dokument i kommunearkivet, lokalarkivet, fylkesarkivet, statsarkivet eller Riksarkivet, med pakke- og mappenummer eller kva som elles måtte trengjast av nøyaktige tilvisingar. Osv., osv. Nøyaktig vegvising gjev også amatørgranskaren praktiske utvegar til å leite kjelda fram og studere henne nøyare, kanskje frå ein annan synsvinkel enn vedkomande artikkelforfattar har hatt. Det vil venteleg vera minst forstyrrande for dei fleste lesarane at notane kjem til slutt i artikkelen (sluttnotar), ikkje nedst på kvar side (fotnotar). Og eg vil understreka så sterkt eg kan: Notane skal brukast berre til reine kjeldetilvisingar, ikkje til tilleggsopplysningar, digresjonar, vidare drøftingar etc. Det er ein uting iallfall innan den populærvitskaplege sjangeren vi her har å gjera med. Reint praktisk tilrår eg gjerne det systemet for litteratur- og kjeldereferansar som er vanleg blant historikarar. Ein lagar da to oversynslister til slutt i artikkelen over høvesvis
I sjølve notane nøyer ein seg da med knappast mogleg tilvising til kjelde- og litteraturoversynet (for kjeldene ved hjelp av forkortingar og stikkord som gjer at ein finn det att i kjeldeoversynet bak i boka, for litteraturen ved å oppgi forfattar, år og sidetal). Når det gjeld den andre store gruppa med emnedefinerte artiklar, dei ikkjevitskaplege, kan det kanskje greie seg med eit meir summarisk kjeldeoversyn til slutt: litteraturliste, opplysning om at artikkelen byggjer på forfattarens førehandskunnskap eller på det som andre har fortalt osv. Dette bringar meg over på ein annan kjepphest eg har. Eg meiner at årbokredaksjonane bør gjera seg umake med å presentere forfattarane. Det kan gjerast anten under dei respektive artiklane eller i ei eiga oversynsliste bak i boka. Dei viktigaste opplysningane er alder (fødselsår), yrke/livsstilling, (annan) fagleg bakgrunn eller det som elles måtte vera spesielt relevant som bakgrunnsinformasjon for den kunnskapen som blir søkt formidla i artikkelen. Om vi vender attende til lista over dei gruppene og instansane årboka vedkjem, er det klårt at dei emnedefinerte artiklane er tenkte for den einskilde lesaren som skal opplysast. Men artiklar som er sjølvstendige granskingsbidrag har sjølvsagt også sterk relevans for fagmiljø, t.d. i komparative samanhengar. Hovudsaka må vera for ein forfattar og for årbokredaksjonen å passe på at også den fagleg interessante artikkelen blir gjeven ei form som er tilpassa eit breiare publikum enn det som måtte vera forfattarens fagfellar.
Eg trur nok at årbokredaksjonane skal tenkje litt ekstra over desse glidande overgangane. Det kan nemleg vera ein viss fare for uheldig sjangerblanding. Det er ikkje så sjeldan at t.d. ein sokneprest blir beden om å skrive om kyrkjelivet i bygda, eller ein skulesjef om utviklinga av skulestellet. Det kan vera vel og bra – dei to kan godt tenkjast å vere velkvalifiserte som historikarar. Men det kan også hende at dei ikkje taklar kjeldekunnskap og historisk metode godt nok, kanskje slik at dei ikkje maktar halde tilstrekkeleg personleg distanse til sakstilhøva. I så fall kunne ein heller be presten skrive ned sine livsminne frå bygda, altså noko i retning av ”kyrkje og kristenliv i bygda slik eg opplevde det”, eller om vi tek skulesjefen: ”mi tid som lærar og skulesjef i bygda.” Det ville blitt frå fleire synsvinklar mykje meir verdfullt stoff for årboka. Eit minstekrav til ”innpakning” av minnestoff er at det må opplysast om dei mest sentrale personalia for vedkomande som minnest. Vi må få vita kven vi har med å gjera. Livsminne er utbreidd i og bør stadig oppmuntrast som stoff i lokalhistoriske årbøker. Det er både til kunnskap og underhaldning og det er kulturvern. Det er til glede og nytte både for den lokale, individuelle lesaren og potensielt for dei faginstansane eller forskarar (historikarar, etnologar, folkeminnegranskarar, ...) som baserer sine granskingar nettopp på livsminne. Ikkje minst er livsminne frå bygda nyttige og viktige for bygdebokforfattarar.
Innpakninga er også her viktig, ved at ein får med mest mogleg presise opplysningar om kvar stoffet er henta frå, heimelsmenn og evt. anna sakkunnskap rundt stoffet.
Det står vel ikkje til å nekte at det kan vera ei kjærkomen, lettvint løysing for ein årbokkomite i stofftørketider å fylle boka med kjeldeavskrifter, og det kan diskuterast i kor stor grad dette høyrer heime i ei god årbok og om det appellerer til publikum. Lat nå det vera som det er. Det kan godt vera at det er få lesarar som finn underhaldning og kveik i slikt. For faginstansane kan det derimot ha sin verdi, fordi det gjer kjeldene lettare tilgjengeleg i trykt form. Det seier eg jamvel om det er nokså vilkårleg eller tilfeldig kva som faktisk blir trykt av kjelder,.Og ein bygdebokforfattar eller andre seriøse granskarar av lokale emne kan neppe basere seg berre på slike vilkårlege utval av trykte kjelder. Men dei kan glede seg over det som trass alt finst i årbøkene av slikt, arbeidssparande som det vil vera for dei. Av andre som kan ha nytte av kjeldeattgjevingane, er historielærarar, som i dette vil kunne finne godt eksempelmateriale til bruk i undervisninga. Jamvel faghistorikarar som granskar bestemte emne på meir generell, gjerne nasjonal basis, kan ha nytte av trykte kjelder i årbøkene. Det er ikkje minst gjort mogleg ved noko eg gjerne vil berømme mitt eige instiutt for, nemleg utgjevinga av Trykte kjelder til norsk lokalhistorie. Det er ein bibliografi som gjev tilvisingar nettopp til trykte kjelder i årbøker (og for så vidt i andre fora, men aller mest frå årbøkene). Det dannar eit landsomfattande oversyn over lett tilgjengeleg kjeldemateriale. Eg vil vise til eit illustrerande døme på kor nyttig dette kan vera: Gå inn på søkjesida til NLI sine databasar på nettstaden lokalhistorie.no (direkte nettadresse http://www.lokalhistorie.no/kilder_litteratur/baser/sok4.php Søk på ordet HUSM, så får du opp eit vell av trykte husmannskontraktar frå heile landet og ein heil del andre kjelder vedrørande husmannsvesenet (pluss mykje litteratur om det same, dersom du ikkje har avgrensa søket til ”trykte kjelder”). Kjeldeattgjeving er elles ikkje så liketil som ein årbokredaksjon kanskje kunne freistast til å tru. Ein blir stilt overfor ei rekkje spørsmål og dilemma når ein skal overføre eit handskrive dokument til prent. Korleis gje att forkortingsteikn, kva gjer ein med openberre skrivefeil i originalen, skal ein rette opp lite meiningsfull teiknsetjing i originalen? Skal ein modernisere språket for eit publikum som jamt over er uøvde i å lesa alderdommelege og snirklete uttrykksmåtar? Eg kan ikkje gå detaljert inn på korleis ein skal takle slike spørsmål her, berre slå fast at det er visse minstekrav som må stettast når ein prentar kjeldeskrifter:
Dikt av i dag som blir trykte i årboka, blir kjelde til kunnskap om haldningar og kjensler når bygdebokforfattarar, historikarar og kulturforskarar ein gong i framtida skal granske vår tid.
|
|
||
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
| Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no |