|
|
|
| Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English |
|
TEMASIDER: Kilder og litteratur Bygdebøker Historielag Universitetsfaget Faglige nettverk Andre land Slektshistorie Kulturvern
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt |
Lokalhistorie som universitetsfag - introduksjonLokalhistorie som forskingsgrein og undervisningsfag ved universitet og høgskolar inngår prinsipielt på linje med andre disiplinar og retningar innan historiefaget, og vil følgjeleg stå sterkare eller svakare alt etter dei tilsette sin vitskaplege profil og alt etter som dei faglege prioriteringane endrar seg innan dei respektive institutta. Berre universiteta i Trondheim og Tromsø har/har hatt lærestolar øyremerka for lokalhistorie i Noreg. Både i Trondheim og Tromsø, men også i dei andre universitetsbyane og ved høgskolestadene har dei historiske institutta på mange vis verka som ressurssentra for lokalhistorisk oppdragsforsking og generell lokalhistorisk aktivitet i sine respektive regionar. Det kan vere ved rådgjevingsarbeid, ved opne kurs og seminar, og ikkje minst ved at universitets- og høgskoletilsette har vore engasjerte i lokalhistoriske oppdragsarbeid som initiativtakarar, støttespelarar eller også som utøvarar. Eit viktig tilknytingspunkt mellom den lokalhistoriske forskinga i og utanfor universitets- og høgskolemiljøa, er fagtidsskriftet Heimen, som blir utgjeve av Landslaget for lokalhistorie. Redaksjonen for tidsskriftet har ambulert mellom historiske institutt ved universiteta og høgskolane, og består p.t. av tilsette ved Høgskolen i Agder. Les meir om: |
|
Relatert litteratur:> Lokalhistorie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år.
(Universitetsforlaget 1970.) Sjå der side 182-187. |
|
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge |
||||
Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no |