Ansvarlig for nettsidene: Norsk lokalhistorisk institutt
     Du er her: Hovedsiden > Lokalhistorie som universitetsfag > Lokalhistorisk professorat i Tromsø
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Lokalhistorisk professorat i Tromsø

Styrar for NLI, Rolf Fladby, vart i 1978 tilsett i ei stilling som professor II ved Universitetet i Tromsø. Denne stillinga var oppretta for å styrke den lokalhistoriske komponenten. Fylkeskonservator i Finnmark, Einar Niemi, overtok etter Fladby i 1984. Da Niemi i 1989 slutta som fylkeskonservator og gjekk inn i eit ordinært professorat i moderne historie ved Universitetet i Tromsø, overtok Jan Eivind Myhre (tilsett ved universiteta i høvesvis Trondheim og Oslo) professor II-stillinga og hadde den i to åremålsperiodar á fem år. Etter hans tid har det ikkje vore tilsett nokon i stillinga.

Niemis professorat er ikkje tillagt noko særskilt ansvar for lokalhistorie. Men det kan nemnast at han utgjer ein del av den regionshistoriske spesialkompetansen som er utvikla ved institusjonen, der hovudvekta er lagt på Nord-Norge og Barentsregionen.

Registreringssentral for historiske data (RHD), oppretta 1981, er fagleg underlagt Universitetet i Tromsø. Den verksemda som har vore driven der, har hatt mykje å seie også for den lokalhistoriske oppdragsforskinga og slektsgranskinga, ved sida av den universitetstilknytta demografiske og sosialhistoriske forskinga.

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Relaterte lenker:

> Universitetet i Tromsø har mellom anna undervisning i nord-norsk historie 1870-2005.

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no