Ansvarlig for nettsidene: Norsk lokalhistorisk institutt
     Du er her: Hovedsiden > Lokalhistorie som universitetsfag > Universiteta i ...
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Universiteta i Oslo og Bergen og høgskolane

Universitetet i Oslo har i motsetnad til dei tre andre universiteta ikkje hatt særskilde undervisningstilbod i lokalhistorie. Men ei rekkje av dei tilsette ved Historisk institutt har lokalhistorisk spesialkompetanse. Her kan nemnast spesielt professor Jan Eivind Myhre, som tidlegare har hatt dei lokalhistoriske professorata i Tromsø og Trondheim, og som i dag er leiar i styret for NLI.

Som ved dei tre andre universiteta er det også i Oslo eit viktig byhistorisk forskingsmiljø.

Ved Universitetet i Bergen kan framhevast som særskilt betydningsfullt for lokalhistoria det sosialhistoriske og demografiske forskingsmiljøet der, med spisskompetanse på edb som reiskap i slik forsking. Eit konkret utslag av dette er Digitalarkivet, som er blitt til i eit samarbeid mellom Historisk institutt og Statsarkivet i Bergen. I samband med lokalhistorie ved Universitetet i Bergen må særskilt nemnast professor Ståle Dyrvik, framståande spesialist i historisk demografi. Han har m.a. skrive bygdebøker for Etne, og har vore med og utvikla databaseprogram for bruk i gards- og slektshistorie.

Ved fleire av distriktshøgskolane, nå høgskolane, som vart grunnlagde frå 1969 og frametter, har lokalhistorie vore ein del av undervisningstilbodet (sjå oversyn til høgre). Ein viss tendens til spesialisering i tilboda kan sporast. T.d. blir det i Volda gjeve undervisning i lokalhistorie. Ved høgskolane i Sogn og Fjordane og Stavanger står m.a. migrasjonshistorisk forsking i fokus, ein disiplin som også er tett knytt til lokalhistoria.

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind

Universitet og høgskolar som underviser i lokalhistorie:

> Høgskolen i Vestfold: Lokalhistorie mellomfag
> Høgskolen i Telemark
(Sporadisk tilbod om mellomfagstillegg i lokalhistorie)
> Universitetet i Stavanger: Fordjuping i lokalhistorie på grunnfagsnivå
> Universitetet i Bergen, His. inst.: Nettstudium i lokalhistorie (5 vt)
> Høgskolen i Sogn og Fjordane: Lokalhistorie mellomfag (30 stp / 10 vt)
> Høgskolen i Volda:

    - Innføring i lokalhistorie (grunnivå, 15 studiepoeng):
    - Lokalhistorie teoripensum (nettstudium fordjupingsnivå, 15 studiepoeng):
    - Lokalhistorie, semesteroppgåve (fordjupingsnivå, 15 studiepoeng)
> NTNU i Trondheim: Lokalsamfunnshistorie mellomfag
> Høgskolen i Bodø (spesiell vekt på nordnorsk historie)
> Universitetet i Tromsø, Inst. for historie. (Fordjupingsemne mellomfag i byhistorie 1800-2000)

Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no