Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’). Les mer …
Slubbo ( lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten. Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett. Les mer …
Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal ( goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n ( Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t ( Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar. Les mer …
Ein strange er ein tynn trestamme, f.eks. av bjørk eller rogn, som er kappa av rot og kvista. Ein del strangar blir gjerne frakta heim og kappa til småved. Tynne strangar kan for eksempel brukast til styrestong når ein renner på kjelke. Noko tjukkare og stivare strangar kan brukast som rajer i skigardar eller hesjer. I samisk samanheng kan strangar brukast til kåter — både som innvendige mellomstenger utanpå grunnramma og som ytterdekke utanpå never og eventuell torv. Tørkestativet som blir kalla luovve blir gjerne bygd av bjørkestrangar. Les mer …
|