Forside:Vågå kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:25 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Vågå kommune
Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.

Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Innlandet fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflye og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Walter Scott Dahl
Foto: Ukjent. Oslo Museum
Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot ministeriet Selmer 1883-1884.Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl (1806-1854) og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter hadde tre yngre sysken som levde opp: Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar, Konrad (1843-1931), prest og forfattar og Ulrikke (1846-1923). Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes. Dei to fekk ikkje born sjølve, men hadde ei pleiedotter.   Les mer …

Ivar Kleiven. Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.
Ivar Kleiven (fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides Lorens Berg og Jacob Aaland i denne samanhengen. Mykje i likskap med desse to var Kleiven på ei og same tid politisk radikal og tradisjonsdyrkar.Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, Søre KleiviLalm. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda (Snerle). Jakob hadde gifta seg og teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen Svarvarhaugen. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd.   Les mer …

Caroline Halvorsen.
Foto: Ukjent; faksimile fra Meyer (1943): Norske kvinner.
Caroline Ingeborg Halvorsen (født i Vågå 16. april 1853, død i Oslo 15. november 1926) var en pioner innen håndarbeidsundervisning, som lærer ved Den kvindelige Industriskole og forfatter av en rekke lærebøker og håndbøker. Bøkene har hatt stor utbredelse i Norge, Sverige og Finland. Halvorsen medvirket sterkt til å få gjennomført en systematisk og ensartet håndarbeidsundervisning i skolene over hele landet.   Les mer …

Vågå kyrkje.
Foto: Kai Hansen
(2011)

Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.

Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.   Les mer …

Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen. Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen (Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen.   Les mer …

A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotellLillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Vågå kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar