Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lom»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Magnhild Olsdotter Sperstad (fødd i Skjåk 14. desember 1806, død same stad 1887) var gardkone og jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på garden Øver-Holø på Geilostronda i Skjåk, Foreldra var Ola Rasmussen Holø («Dokter-Holen») (1784-1852) og Mari Sevaldsdotter frå Nørstnes i Lom (fødd ca. 1786). Magnhild var eldst i ein syskenflokk på ni. Foreldra dreiv farsgarden til Ola ei tid. Men dei gav opp drifta og Ola livnærte seg og familien som helsearbeidar, mellom anna ved å drive ei sjukestove for ratesjuke med statsstøtte. Magnhild gifta seg 26. januar 1827 med Hans Hansen Sperstad, gardbrukar på Nørdre Sperstad i Reppen i Skjåk. Ekteparet fekk seks born, fødde i tidsrommet 1826-1847.   Les mer …

Hans W. Brimi (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelemannstradisjonen» som rektor ved Ole Bull Akademiet, Jostein Mæland introduserte han som ved eit arrangement i Sævelid.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda. Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid den fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der.   Les mer …

Adelsvåpen tildelt stiftanmtmann Hans Hagerup ved adelspatent 23. februar 1781. Blasonering: sjå biletfila.
Hans Hagerup Gyldenpalm (fødd 21. mai 1774 i Kristiansand, død 31. desember 1827) var teolog og adelsmann. Han var res.kap. i Lom, sokneprest i Holt (nå i Tvedestrand kommune) og prost i Nedenes. Bestefaren Hans Hagerup de Gyldenpalm, stiftamtmann i Kristiansand, hadde vorte adla i 1781, og sonesonen Hans Hagerup Gyldenpalm var ein av dei som søkte og fekk anerkjent sitt adelskap i samband med adelslova 1821.

Foreldra var Eiler Hagerup Gyldenpalm (1740-1817) og Aasille Andrea Dedekam (1752-1793). Faren var president og borgarmeister i Kristiansand, seinare mellom anna lagmann i Skien og justisråd. Hans var den eldste av åtte sysken.

Hans Hagerup Gyldenpalm vart student 1792 og cand. theol. 19. januar 1802 ved Universitetet i København. Han gifta seg i København 15. august same året med danske Karen Marie Mariager (1779-1851). Ho var dotter til reipslagarmeister Christian Nielsen Mariager og Karen Ammonsdatter. Etter mannens død flytta ho attende til familie sin i København. Ekteparet hadde ikkje born.   Les mer …

Harald Ramm Østgaard.
Foto: R. Ovesen, Kristiania.

Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen. Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.

Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum.   Les mer …

Kart over Kollagrendi
Kollagrendi er ei lita grend i Lom. Ho ligg på sørsida av Otta rett aust (sør etter retningane som er brukt i bygda). Området er ein del av det som opphavleg er kalla Meadalsmorki, eit område i Meadalen som var felleseige mellom Graffer i Vårdalen og Blakar, Stamstad, Kjæstad, Rostad, Kvåle og FrøyseSøre Strondi. Grafferskollen er den eldste plassen i dette området, busett før 1664. Nokre tiår seinare vart det og rydda eit Kolla-bruk som plass under Kjæstad. Så truleg i 1740-åra, om lag samstundes, vart dei to Råsbakken-plassane tekne opp. Søre var plass under Graffer heilt til 1971, og Nørdre under Kjæstad til 1923.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar