Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:55 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Dalsfjorden har alltid vore ein «fiskerik fjord», og nærsagt alle fiskeslag har årvisst vore å kunne reknast med som eit godt tilskot til det daglege kosthaldet

Så langt attende som ein kjenner til har fiske med garn, snøre, line og notbruk vore eit viktig tilskot til levevegen for folket i bygdene langs fjorden Ein veit at på grynnene langs strendene, men også ut på fjorden har det vore drege opp mang ei «middagskoke»

Fiskeplassane som Sæssdjupet, Kornbergsfluda, Løvikfluda, Vikeskallen o.a. har alltid vore å rekna med som sikre fiskeplassar. Fjorden har også vore med til å gi reide pengar mellom hendene for oppsitjarane, både til levevegen og til nyinvesteringar i hus og heim, og fornying av husa på dei små gardane langs fjorden, og sette gardbrukarane i stand til å modernisere gardsdrifta

Notbruk og «kasting» etter sei, makrell, sild og brisling kunne såleis vere ei god inntektskjelde for folket som hadde skaffa seg det rette utstyret

Etter det som Sverre Lyngnes skriv i boka «Dalsfjord, gard og ætt» var det så tidleg som i 1614 ein mann i Steinsvik som hadde «forbrote» seg   Les mer …

Frå ein demonstrasjon på malloftet

Båtbygging på laminerte spant ved Vik Båtbyggeri. Båtbyggeriet vart skipa som lutlag i 1946 og nedlagt i 1995, det meste av anlegget strauk med i ein brann (skal finne datering). Historia held på å forsvinne difor vart denne artikkelen skriven. Les også artiklane om L/L Vik Båtbyggeri og båtbygging på doblingsspant. Ved starten på 1970 talet var det lite tilgang på arbeid etter dei tradisjonelle byggemåtane ved Vik båtbyggeri. På 60 talet hadde det vore ein del forlenging av båtar bygde på doblingspant men når også dette såg ut for å minke vekk vart det aktuelt sjå etter andre måtar for arbeid. Det var litt spurnad etter nybygg størrelse 35’ til 40’ (fot). Det vart då gjort litt sondering i markedet om bygging på laminerte spant var interessant. Fekk kontrakt om bygging av ein kravelt kryssar på ca 41’ og bygt med laminerte spant.

Industri-spionasje?

Alle som driv eit eller anna har hatt eit auge til korleis grannen utfører ting. I åra etter 1900 kom det mange små motorfabrikkar i gang som lærte av kvarandre. Dei som bygde båt var heller ikkje noke undantak i såmåte. Når Vik skulle byrja med laminerte spant så vart det ein liten «studietur». Lenger nord i fylket var ein verkstad som laminerte spant, kanskje kunne me der få nokre gode idear. Som det vart sagt undervegs,«eg pratar du ser.» Dette var opptakta når me skulle kome fram til ein arbeidsprosess, men me måtte finne vår måte å gjere ting på.

Etter litt prat att og fram kom me til at det måtte byggast ei tilpassa presse for å presse spanta med mal, eller sagt på ein annan måte, presse med vinkel etter kvar spantet stod i båten. Pressa vart bygd slik at spanta vart pressa parvis liggande. Ein sveiste saman eit ribbeplan av 100 mm T profilar med 20 mm mellomrom slik at bukkar i rett vinkel på planet kunne skruast fast etter ein spantemodell.   Les mer …

Høydalen sett fra nord.
(2009)

Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.

I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.

Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse.   Les mer …

Lærer Alfred Dollis.
Foto: Norske skolefolk (1934)
Alfred (Ludvig Odin) Dollis (født 18. oktober 1867 i Tromsø, død 1940 på Gjøvik) var en lærer med et stort politisk og sosialt engasjement. Han sokna til partiet Venstre og var med i kretsen rundt Johan Castberg og Anders Hovden. Dollis var også bankrevisor i Gjøviks og Omlands Kreditbank i rundt 14 år. Dollis vokste opp på Sunnmøre, som sønn av styrmann Christopher Bernhard Dollis og Elen Olivia Karoline Larsen, og tok middelskoleeksamen i Ålesund i 1886. I 1890 var han ferdig utdanna lærer fra Klæbu seminar og tok seinere flere tilleggskurs. Dollis underviste som nyutdanna på privatskoler i Volda og Dovre og dreiv ei stund egen privat middelskole i Elverum.   Les mer …

Gatå i Volda sentrum 7. mai 1945
Foto: Johan Nerbøvik

Fredsdagane 1945 i Volda starta om ettermiddagen 7. mai da meldinga om den tyske kapitulasjonen nådde bygda og kyrkjeklokkene begynte å kime. Flagg etter flagg vart heiste og russen samla seg for å gå i tog. I gatene der toget passerte leita folk fram gamalt russeutstyr og kasta ut slik at fredsrussen snart var fullt utstyrte med huver og stokkar. Gatene vart raskt fylte av folk som samla seg framafor Olaisenhuset i Gatå der ein radio vart sett fram i eit ope vindauge slik at nyhenda kunne høyrast.

Dagen etter, den offisielle fredsdagen, var veret i Volda strålande, og den offisielle høgtidinga tok til med ein times klokkekiming frå kyrkja kl 16. Volda hornmusikk, speidarane, skulane og lag og foreiningar gjekk deretter i tog frå skuleplassen på Hauane, inn til Rotset og attende til Uppheimsplassen.   Les mer …

Konsert på Volda bygdetun, som sogelaget eig.
Volda Sogelag (frå 2004: Stiftinga Volda Sogelag) er eit sogelag i Volda kommuneSunnmøre. Sogelaget, som vart skipa i 1911, eig Volda bygdetun på Haueleite og Garvarbuda på Nedre Rotset. I 2003 inngjekk sogelaget ei avtale om drift av museet og blei frå 1. januar 2004 ei avdeling i Stiftinga Sunnmøre Museum.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar