Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Motorslåmaskin Rapid Rex.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - og - Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.

Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien, før den i tabell og lenk til galleri under rett merke.

I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket. Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplater, på maskina og motoren. Ta bilete. Last så inn på rett maskin og skriv deg inn på informantliste. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang.   Les mer …

Aebi AM 53 med kort kardang vogn
Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor.   Les mer …

Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik

Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893 på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».

Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957. Ho bygde seg hus i Kårstavegen nr. 12 i 1937 og bude der til ho døydde.[1].

Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for.   Les mer …

Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar
Spanterøter og bjelkekne. Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar