Anders Simonsen Nedre Vaage

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sildesalteriet frå omkring 1850 i bruk som naust i 2024.
Foto: Nils Steinar Våge

Anders Simonsen Nedre Vaage (fødd 9. oktober 1821 på Stolmen i Austevoll, død same stad 29. januar 1865 [1]) var strandsitjar, fiskar og jakteskipper, og han dreiv sildesalteri i fiskerihamna Stolmevågen i 1850- og 1860-åra [2]

     

Godt sildefiske gav gode inntekter

I ung alder, truleg som nykonfirmert 15-åring, reiste han på stor- og vårsildfiske om vintrane. Perioden frå 1808 til 1860-åra var rike sildeår på Vestlandet, og stolmarane dreiv sildefiske med landnot og garn frå Kinn i Sogn og Fjordane til Røver i Rogaland]]. Anders tente utan tvil godt sidan han kunne investera både i jakt og sildesalteri. Uansett om ein var fiskarbonde, los, husmann, strandsitjar eller unge søner av desse, vart det vanlegvis ikkje gjort skilnad på sildefiskarane sin lut. Anders som tilhøyrde den lavaste sosialgruppa i samfunnet, kunne difor leggja seg opp pengar til større investeringar. Banklån var det vanskeleg å få på dette tidspunktet, men private lån med høge renter kunne ein få hos borgarar i Bergen eller privatpersonar som hadde pengar til utlån.

Sildesalteriet sett frå landsida i 2024.
Foto: Nils Steinar Våge

Kjøp av jakt og bygging av sildesalteri

Kor gammal Anders Simonsen var då han kjøpte jakt, er uvisst, men han var nok ikkje mykje over 20. Sidan det var rikt sildefiske omkring Stolmen og i Austevoll elles fram til 1860, var det stort behov for fraktebåtar som kunne føra silda til salteria. Med jakta frakta han sild frå landnotstenga og frå garnfiskarane til sitt eige sildesalteri, og tønner med salta sild vidare til oppkjøparar som dreiv med eksport frå Bergen og Haugesund.

Fraktinntektene gjekk til saltebu. I Hardanger fekk han kjøpt eit 100 kvm stort naust som vart demontert, frakta til Stolmevågen og bygd opp att som salteribygning. Det blei ikkje brukt spikar i reisverket og kledninga, berre trenaglar, og i mangel på materialar vart nordveggen kledd med brake. Brakekledningen heldt regnet ute, og gav bra ventilasjon.

Like ved saltebua heldt bøkkaren (tønnemakaren) Asbiørn Olsen Stolmevogen til med verksemda si [3], og dermed fekk Anders Simonsen lett tak i sildetønner. Salt måtte han henta andre stader, og det var ei stor stor utgift. Kjeldene opplyser ikkje noko om arbeidshjelp ved salteriet.

Det rike sildefisket ved Stolmen og i Austevoll elles skapte behov for fleire salteri enn dei som allereie fanst. I handelsstaden Kvalvåg på nordsida av øya, var det mottak av sild og annan fisk, og der vart det drive eit salteri med fleire tilsette [4]  Det var nødvendig at silda vart salta ned så fort som muleg, for lang frakt gjekk ut over kvaliteten og dermed prisen.

Jaktforliset

Dessverre forliste jakta med full sildelast i eller utanfor Kyrkjevika på sørsida av Stolmen. Det var umuleg å venda den nedlasta jakta i sønnavinden, og ho rende på land og sokk Forteljinga om dette forliset gjekk lenge på folkemunne. Rasmus Våge (f. 1917) og Anders Vaage (f. 1925) fortalde fleire gonger historia om forliset som skjedde like nedanfor busetnaden på Våge. Jakta var ikkje assurert, og tapet av båten vart ein økonomisk knekk for Anders Simonsen. Men drivande som han var, arbeidde han seg opp att på nokre får år.

Silda vart borte i 1860-åra

Då silda vart borte i 1860-åra [5], og Anders Simonsen i tillegg hadde mista jakta si, gjekk det utvilsamt dårleg med verksemda ved salteriet. Om salteriet var i drift då han døydde i 1865, seier kjeldene ikkje noko om. Bygningen vart seinare omgjort til naust for to av gardsbruka på Øvre Våge.

Ulukka i Ronddalsbrekka

Ein januardag med hålke i 1865 var Anders Simonsen hos handelsmannen i Kvalvåg der han mellom anna kjøpte ei flaske sirup. Han plasserte flaska i trøyeermet, for det var ein vanleg måte å bera flasker på. I den bratte Ronddalsbrekka på gamlevegen mellom Kvalvågen og Våge sklei han på hålka, og han fall nedover berget. Flaska blei knust, han vart skoren opp av glasbrota og blødde i hel. [6]

Familie

19. mars 1856 gifta Anders seg med Olina Jacobsdtotter Drivenes (1824-1890), og dei fekk fire barn. Tre av dei døydde som barn [7] Olina prøvde å livberga seg med strikking og spinning etter at Anders var død, men dette var ikkje nok å leva av. I tillegg fekk ho ein liten sum frå fattigkassa i kommunen [8]. Anders og kona Olina er ikkje oppførde i folketeljinga i 1865, men Olina er oppført som enkje i folketeljinga i 1875. Ho bur saman med dottera Sølvi Maria (f. 1864).

Fotnoter

  1. Ministerialbog for Sunds Ptæstegield 1856-1866, s. 72
  2. Tufteland 1945, s. 298.
  3. Tufteland 1978 s. 294.
  4. Tufteland 1978, s. 391.
  5. Sjurseth 1961, s. 166.
  6. Ministerialbog for Sunds Præstegield 1856-1866, s. 72, Tufteland 1978, s.298.
  7. Ministerialbog for Sunds Præstegield 1856-1866.
  8. Tufteland 1978 s. 298.

Kjelder og litteratur