Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva. Foto: Olve Utne
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt. Les mer …
Jøldalshytta 2009 Foto: A. Kjelland
Jøldalshytta er ei av hyttene til Trondhjems Turistforening (TT) i Trollheimen. Ho ligg på Jøldalen i Rennebu og er den andre hytta TT har hatt i dette området. Den hytta som står no vart bygd i 1917 i to etasjer med kjøken, peisestove og rom for betjeninga i første etasje og 8 soverom med 23 senger i andre etasje.
Den første Jøldalshytta lå i den store setergrenda lenger framme i Jøldalen, der mange gardar i Grindalsgrenda i Rennebu har setrar. I 1907 kjøpte TT ei av desse, Hosetsetra for 520 kr, og tok ho i bruk som den andre turisthytta foreininga hadde i dette fjellområdet. Les mer …
Aursjøhytta 2009 Foto: Arnfinn Kjelland
Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-Slette på Lesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening (KNT) bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla «Lesjehytten» vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-'93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på «Lesjahytten» og Aursjøhytta i fleire generasjonar. Les mer …
|