Forside:Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png
Fyresdal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olav og Else med born ca. 1904.
Olav Aslakson Momrak (1868-1944) var født i Fyresdal. Foreldra var Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), gift 1851 med Anne Gunnarsdotter Klauvreid (1833-1911) frå Skafså. Dei var gardfolk på S. Momrak gnr. 28/1 og så på S. Snarteland gnr. 1/2 der Aslak var frå. Aslak og Anne fekk 9 born, Olav var nr. 8 av desse. I 1891 vart han gift med Else Talleivsdotter N. Væting (1869-1945) frå N. Væting gnr. 35/1.   Les mer …

Grava til russefangar på Moland nye kyrkjegard (Fyresdal).
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Fire russarar var fangar på gamle Gimle skule i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945, døydde her og vart gravlagde på Moland nye kyrkjegard.
Til Fyresdal kom tyskarane med over hundre russiske fangar våren 1944. Gimle skule og området rundt blei okkupert. I skulehuset blei fangane innlosjerte medan dei tyske vaktene heldt til i den nærliggande distriktslækjarbustaden Gardar. Eit nærliggande losje-hus vart teke til lagerbygning. Rundt skulehuset vart det satt opp høge dobbelte piggtrådgjerde.

Den fyrste tida fekk ein lov til å gå ned til gjerdet rundt Gimle og framom leiren. Dei russiske fangane var uvanleg flinke songarar og om sundagen då dei ikkje arbeidde i skogen samla dei seg ute og laga eit meisterleg songkor. Bygdefolket samla seg her og lydde til den fine songen. Men etter ei tid synest visst tyskarane at folk vart for nærgåande og det vart satt opp ein bom eit stykke unna, men ein kunne likevel høyre songen deira.

Fangane arbeidde i skogen med tømmerhogst og dersom ikkje vegen var for lang til arbeidsområdet marsjera dei til og frå. Då la ofte bygdefolk ut matpakker til dei i vegkanten, noko fangane såg etter med ørneaugo. Enkelte av dei tyske vaktene greip inn, men andre oversåg dette. Ein del av tyskarane gjekk rundt i heimane og tala med folk og dei tok då med seg matpakker til fangane i byte med ymse saker russarane hadde laga. Det kunne vere stråarbeid, trearbeid, graverte dåser, messingringar og anna. Bygdefolket synest det var gildt at det fantes medmenneske blant fienden.   Les mer …

Jon og Gro Kiland.
Foto: H.R.Norberg, Tvedestrand
Jon K. Kiland (1841-1922) i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland (gnr. 25/1) og Øvre Væting (gnr. 35/7). Kiland var ordførar i Fyresdal kommune 1902-04. I 1860-åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Jon kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut.   Les mer …

Anders Jørgensen Veum
Foto: Ukjent
Anders Jørgensen Veum (fødd 1836 på Kvasjord i Fyresdal, død 1932 på Bekkelagshøgda i Aker) var utdanna lærar og telegrafist, men var særleg kjent for det allsidige samfunnsengasjementet sitt. Frå 1877 til 1883 representerte han Kristians amtStortinget. Veum flytta fleire gonger, og han gjorde seg gjeldande over alt kor han kom. Gjøvik, Lillestrøm og heimbygda Fyresdal er blant stadene Veum virka. Han var dessutan ein av Landmandsforbundets grunnleggjarar i 1896. Privatarkivet til Veum finst i Riksarkivet.   Les mer …

Iver Andreas Teisner
Foto: Fyresdal. Med bilæte. Bendik Taraldlien, fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Iver Andreas Teisner (1808 – 1870) – prost og ordførar - var fødd på Biri 2. juli 1808. Til artium fekk han haud og til embetseksamen i 1836 laud. Han var lærar i 7 år på ein privatskule i Kristiania og frå 1844 var han skrivar i kyrkjedepartementet.

I 1848 vart han prest i Fyresdal og kom hit våren 1849. Han treivst godt og gjorde mykje dugande arbeid, men kvar haust drog han til Kristiania på ferie.

prestegarden var det mangt å ta fatt på og Teisner gjorde det med hug og dug. Jordene var tilgrodd og fuktige, han fekk kasta opp veiter og drenera, braut opp jord, rydda vekk kratt, køyrde på moldjord der det var for skarpt og køyrde på sand der det var myr. Jamna og stella. Prestegarden var snart ikkje til å kjenne att. Han var den fyrste som sådde grasfrø for å få god eng i Fyresdal. Avling og buskap steig om lag til det tridobbelte. Tidleg om morgonen var han ute og såg til arbeidsfolket og la alt til rette på beste måten. Han kunne verte sint, men det gjekk fort over.   Les mer …

Reklamekort for avisa fra 1980-tallet, tegnet av John Skarprud.

Vest-Telemark Blad er ei avis som blir gitt ut i Kviteseid i Telemark. Den dekker kommunene Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje, og blir skrevet på nynorsk. Avisa kom ut tre dager i uka; tirsdag, torsdag og lørdag fram til november 2016. 1. november kom den første fredagsavisa.

Vest-Telemark Blad er partipolitisk uavhengig. Likevel mener noen å huske at VTB ble kallt Pravda på 70-tallet, andre husker at VTB i enkelte sammenheng og miljøer (først og fremst de høyre-orienterte) fikk tilnavnet Vesle-Pravda.

Tidligere redaktør, Knut Espelid sier: «Ein viktig grunn til oppnamnnet var nok at korkje folk flest eller lokalpolitikarane i regionen var vane med å ha ei kritisk presse så nær seg. Det som kom fram i avisene t.d. frå politisk behandling før VTB kom, var reint refererande - avisene hadde gjerne ein «referent» i kommunestyremøtet (t.d. H.J. Sandsdalen i mange år i Seljord.)»   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fyresdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar