Lisser (Lesjaskog)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lisser er eit mindre mo- og skogsområde rett ved (lokalt nord) for Lesjaskog kyrkje. Den gamle kongevegen (eigentleg den «Romsdalske hovedvei») gjennom bygda gjekk over her og nedover ein bakke ned mot Rauma. I dag blir nemninga mest brukt om det avgrensa området på gardsnummer 9 bruksnr. 23, 1,7 dekar, som er i eiga til Lesja bygdemuseum, eigarstiftinga, der det står to museumsbygningar: Tandseterstugu og Fjellstadlåven.

Det har vore tvil om kva stadnamnet Lisser eigentleg kjem av. Sigrunn Mølmshaug skreiv i årsskriftet til historielaget i 1991: «Den gamle hovudvegen gjekk over tomta til 1888. Det var ein lang, tung bakke frå nede ved elva, og namnet Lisser kjem truleg av at det var ei lise – kvile når ein kom opp bakken».

Men dessverre, uttalen av ordet, tonem 1 stemmer nok ikkje med ordet lise, som har lang vokal og tonem 2.

Lisser er ein del av kulturminneområdet kring Lesjaskogkyrkja