Nordvik (Fedje gnr 170 bnr 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordvik
S433.170.16.CD 11 038.jpg
Flyfoto 1961 Moldøyna. Våningshusa frå venstre: bnr 6, bnr 16 og bnr 5.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 16
Adresse: Skotholmevegen 42

Nordvik er ein bustadeigedom, brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Johanna Henriksd Moldøy f. 1891 (gnr 170 bnr 6-13b) d. 1974 g. 1912 m. Lyder Nilsen f. 1889 Sulo (gnr 169 bnr 56-1e) d. 1953, fiskar. Dei bygde huset i 1921, dei budde først hjå mor hennar. Tomta vart frådelt gnr 170 bnr 6 i 1957.

Born: a. Harriet Bergit Nilsen Moldøy f. 1914 d. 1977 g. 1933 m. Karl Søvik f. 1905 Os d. 1983, båtbyggjar, busette der, sjå Osb. II s 257. b. Helga Nancy Nilsen Moldøen f. 1918 d. 2003 g. 1940 m. Olai Mongstad f. 1915 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3a) d. 2002, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 67). c. Trygve Nilsen Moldøen f. 1922 d. 1988 g. 1948 m. Klara Kongestøl f. 1924 (gnr 169 bnr 10-2d) d. 2024, bygde på Svena (gnr 170 bnr 15). d. Leif Johan Nilsen Moldøy f. 1925 d. 1982, neste eigar (2). e. Ivar Augun Nilsen Moldøy f. 1930 d. 2019 g. 1955 m. Marie Snekkevik f. 1933 Fjell, busette Moldøyna gnr 170 bnr 6-16. f. Klara Ingvarda Nilsen Moldøen f. 1932 g. 1953 m. Bjarne Knarvik f. 1927 Knarrvika i Lindås, raffineriarb., busette der (jf Lindåsb. IV s 318). g. Peder Edvin Nilsen Moldøy f. 1934 d. 2015 g. 1961 m. Olina Hugnastad f. 1934 Modalen d. 2023, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 77).

2. Leif Moldøy f. 1925 på dette bruket (1d) d. 1982, ugift, fiskar og fiskeindustriarb. Skøyte her i 1968.

3. Johannes Storemark f. 1926 Husa (gnr 168 bnr 10-8f) d. 1995, sjømann, platearb., g.m. Aud Helene Madsen f. 1919 Bergen d. 2002, kontormedarbeidar, busette der, fekk skøyte her i 1983. Huset vert brukt som feriebustad.

Barn: a. Baste Storemark f. 1954, neste eigar (4). b. Jan Ove Storemark f. 1955 g. 1989 m. Jorunn Saroea f. Haugland 1950 Askøy, busette der. Ekteskapet oppløyst, han flytta til Bergen.

4. Baste Storemark f. 1954 Bergen (jf 3a), butikkmedarb., g. 1981 m. Linda Karlsen f. 1958 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-2b), førskulelærar, logoped, bustad Bergen. Skøyte i 2003. Dei budde nokre år på Fedje på midten av 1980-talet.

Born: a. Lars Storemark f. 1981, elektrikar, samb. 2009 m. Nadia Råsberg f. 1981 Torvund i Høyanger, Sogn, laboratorieingeniør, bustad Bergen. b. Marthe Storemark f. 1986 samb. 2016 m. Nils Kristian Jordheim f. 1984 Askøy, begge lærarar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Nordvik (Fedje gnr 170 bnr 16) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 170 bnr 12) • Neste bolk: Strandheim (Fedje gnr 170 bnr 20)