Skotholmevegen 33 (Fedje gnr 170 bnr 79)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skotholmevegen 33
S437.170.79.SiriFP2.jpeg
Hus i Moldøyna. Framme frå venstre bnr 12 og bnr 70, bak frå venstre bnr 79 og bnr 10 (jf bnr 3).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 79
Adresse: Skotholmevegen 33

Skotholmevegen 33 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Nils Moldøen f. 1950 (gnr 170 bnr 2-18a) d. 2020 g.1.g. 1972 m. Sigrun Instefjord f. 1951 Brekke i Gulen, lærar, busette i Odda, es. oppløyst.

Born: a. Erlend Moldøen f. 1972 g. 2008 m. Sunniva Fjogstad Mæland f. 1972, bustad Figgjo i Sandnes. b. Herdis Instefjord Moldøen f. 1978, bustad Bergen. c. Håkon Instefjord Moldøen f. 1985 samb.m. Merethe Williamsen Carlsen f. 1990, bustad Farsund. Sjå Moldøyna gnr 170 bnr 2-19.

Nils Moldøen g.2.g. m. Siri Fahlvik Pettersen f. 1957 Bergen. Dei budde før i Arna i Bergen, Sauda, der han var rådmann og ho rådmann i Suldal, og så Øygarden, der ho var rådmann. Skøyte 2015 på tomt frådelt gnr 170 bnr 2 i 2019. Huset vart bygd i 2016 og garasjen i 2020. Nils var rådmann i Fedje frå 2018 til 2019. Siri er konsulent/rådgjevar Feddie Ocean Distillery.

Siris born frå 1. es. med Håkon Ingul f. 1954 Inderøy, bustad Åsane i Bergen, seinare Sarpsborg: a. Marte Ingul f. 1983, byrådssekretær/stabssjef, så direktør mediekonsern, samb. 2015 m. Håvard Almås f. 1981 Høylandet i Namdalen, statsvitar, bustad Oslo. b. Andreas Ingul f. 1986, antropolog/kokk, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Skotholmevegen 33 (Fedje gnr 170 bnr 79) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmevegen 26 (Fedje gnr 170 bnr 70) • Neste bolk: Træsneset