Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:19 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.   Les mer …

Tor Jonsson 1950.
Foto: Ukjent.
Tor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet, som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren Reidar Djupedal nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.»   Les mer …

Hans W. Brimi (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelemannstradisjonen» som rektor ved Ole Bull Akademiet, Jostein Mæland introduserte han som ved eit arrangement i Sævelid.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda. Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid den fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der.   Les mer …

Erland Frisvold, ordfører i Harstad 1911-1912 og 1926-1928.
Foto: Sør-Troms Museum, avd. Trondenes.
Erland Frisvolds hus i St. Olavsgate 30 i Harstad, sett fra sør. Huset ble i 1930 solgt til lærer Karl Reiersen og overtatt av Harstad kommune 1963 og revet - antakelig fordi det stod for nær opp til Harstad kirke
Foto: Kr. F. Holst.

Erland Frisvold (født 13. mai 1877 på storgarden Kjæstad i Lom, døde 1971) var oberst, stadsingeniør og ordfører i Harstad.

Han var eldst av de åtte barna til gardbruker Pål Erlandsson Frisvold (1846-1912) og Anne Rolvsdotter Blakar (1850-1937). Under Erlands oppvekst drev foreldrene først Kjæstad, så Sunde i Vågå før de overtok morens slektsgard Blakar i Lom i 1890. Stedet Frisvold bestod i 2009 av fire forskjellige garder i Garmo i Lom kommune, bare et steinkast fra Knut Hamsuns antatte fødested. Erland Frisvold var far til generalløytnant, sjef for Hæren 1961-1966, Paal Frisvold.   Les mer …

Lomsk såmaskin
Foto: Arnfinn Kjelland
Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet. Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar