Forside:Orkdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: OppdalRennebuOrklandSkaun
TIDLIGERE KOMMUNE: AgdenesMeldalOrkdal

Om Orkdalen
Orkdalen (eller Orkladalen) er eit dalføre i Sør-Trøndelag. Dalføret følgjer elva Orkla frå Orkelsjøen i Oppdal i sør, gjennom Rennebu og Meldalen til utløpet i Orkdalsfjorden i Orkdal kommune i nord. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
1613 Snillfjord komm.png
Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nominativ/akkusativ), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dativ)) er ein tidligare kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Kommunen grensa til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensa Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord. Kommunen vart oppløyst den 1. januar 2020, da Ytre Snillfjord vart lagt til nye Heim kommune, Sundan (Sunde) vart lagt til Hitra kommune, og Krokstadøra inkludert Vuttudalen, vart lagt til nye Orkland kommune.   Les mer …

Eline Forberg på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.

Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.

Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske.   Les mer …

Lensvikens radiatormeieri var et andelsmeieri på Melandsfossen i nåværende Agdenes kommune. Det ble opprettet i 1898, og var et smørmeieri. Meieriet innstilte driften i 1911.

I 1905 var produksjonsvolumet 168 800 kg melk (Bentrud).

I Agdenes ble det på kort tid etablert to meierier; dette og Lensvikens dampmeieri (1899-1927), og dette forklares i bygdeboka (Singstad) med at meierikonsulenten «haltet til begge sider [og] gjorde bygda en bjørnetjeneste» ved å ikke kreve samarbeid, men antyde at like små meierier hadde lyktes i andre bygder.   Les mer …

Ole Vilberg Wigdahl (fødd 1772, død 1827) var borgar av Kristiansund og handelsmann i Aure. Han var fødd på garden Vigdal i Buvika i Byneset prestegjeld utanfor Trondheim. Foreldra var Ingebrigt Vigdal og Dorthe Paulsdtr. Ei tid var Ole Wigdahl kontorist for sorenskrivar Lindemann på Nordmøre, og i folketeljinga i 1801 er han såleis registrert i hushaldet til sorenskrivaren på garden Ytre Øye i Surnadal. I 1804 kjøpte han husa på det gamle borgarleiet Havna, ein husmannsplassen under prestegarden i Aure. Same år vart han borgar av Kristiansund med rett til å drive handel som uteliggjarborgar i Aure. I 1810 kjøpte han kyrkja i Aure, og han var elles ein aktiv deltakar innanfor ei rekkje område i lokalsamfunnet. Som handelsborgar var han medlem av bygdekommisjonen fram til slutten av 1808. I 1807-08 var han også første forlikskommisær i Aure. I 1814 var han ein av initiativtakarane for å etablere bygdemagasin i Aure, og ei stund var han forvaltar for bygdemagasinet. Frå 1818 var han hjelpevaksinatør i prestegjeldet.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (18871969) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Gulbrand Forselius Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag den 10. januar 1887 av Anne Kathrine Gulbrandsdatter Sundli Bakke og Kristian Fredrik Benjaminsen Forselius Bakke. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. Utanom musikken arbeidde Nils Bakke blant anna på Løkken verk og ved Gideon Motorfabrikk i Molde. I sine seinare år budde Nils på Innlandet i Kristiansund. NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Orkdalen
 
Andre artiklar