Forside:Stryn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Stryn kommune
1449 Stryn komm.png
Stryn kommune ligg i den inste delen av Nordfjord i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunen grensar til Volda og Stranda i nord, Skjåk i aust, Luster i søraust, Sunnfjord i sørvest og til Gloppen og Stad i vest. Frå 1965 til 1977 var Hornindal ein del av Stryn.

Kommunen har tre tettstader: Administrasjonssenteret Stryn, Olden og Innvik. Det er óg tettbygde område i Loen og Utvik.

Stryn er den største skogbrukskommunen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Jordbruket er dominert av bær- og fruktdyrking, medan ein i husdyrbruket finn både storfehald med kjøt- og mjølkeproduksjon så vel som geit og fjørfe. Kommunen har òg allsidig industri, og i seinare år har turisme vorte viktig.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lærar og ordfører Nils Lyslo
Foto: Norske skulefolk, 1952
Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år[1] og hadde fleire andre verv.   Les mer …

Flaum på Kvamme i Oldedalen
Foto: Anna Kvamme Homdroms album/Jarl V. Erichsen

Elveforbygging i Oldedalen

Bøndene i Oldedalen i Nordfjord har i alle år arbeida med og mot naturkreftene. Der var mykje plage med flaum, og arbeidet med forbygging gjekk seint framover.   Les mer …

Kolbein Skaare. Fotograf ukjent (Kr. Stakston?).
Kolbein Skaare (fødd i Stryn 10. mars 1873, død i Skjåk 1932) var lærar, klokkar og lokalpolitikar i Skjåk. Han var ordførar der 1914-16 og 1920-22. Han representerte Venstre, eller nærare bestemt Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti. Kolbein Skaare gjekk lærarskulen på Stord. Han hadde også vore ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord, moglegvis på sommarkurs for lærarar som vart haldne der. Fyrste lærarstillinga etter endt utdanning hadde Skaare på Voss. Deretter var han eit par år i Torpa, før han i 1898 kom til Skjåk, der han var tilsett som lærar og klokkar i Nordberg anneks.   Les mer …

Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.
Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord under samletittelen Nordfjord frå gamle dagar til no er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren. Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule. I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad. Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.   Les mer …

Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013HjørundfjordheimenSæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krinsLesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.   Les mer …

Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda
Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend. Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Stryn kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Firdaposten 1959.12.11. Digital versjonNettbiblioteket.