Forside:Nordfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Gloppen • Kinn • Stad • Stryn
TIDLIGERE KOMMUNE: Hornindal

Om Nordfjord
Drakter frå Nordfjord og Søndelven. Tegna av Joachim Frich (1845)

Nordfjord er den nordlegaste delen av Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Historisk høyrde det meste av dagens distrikt Nordfjord fogderi, som var eit av dei tre fogderia i Sogn og Fjordane. Distriktet femner om kommunane Bremanger, Gloppen, Stryn og Stad, i tillegg til Vågsøy i Kinn kommune og Hornindal i Volda kommune. Utanom Hornindal grenser alle mot Nordfjorden.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lasse Trædal.
Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar. I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk.   Les mer …

Julius Cæsar Hartmann (fødd 2. mars 1885 i Selje, død 5. september 1969 i Eid) var kunstmålar, og var i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Han måla særleg landskapsmåleri. Julius Cæsar Hartmann - namnet hadde han etter bestefaren Julius Cæsar Hartmann (1811–1875) - vaks opp på Nedre Berge i Selje. I folketeljinga 1920 noterta han at han hadde vore i Amerika frå 1907 til 1920, og at var amerikansk statsborgar. Han skal òg ha vore ei tid i Canada og mange av motiva er derifrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart måla på oljedukar i staden for lerret. Dette har resultert i at mange av maleria har gått tapt ved at målinga flassar av. Han døydde i 1969.   Les mer …

Lærar Samson Sande med kona Ane Sande og døttrene, Malena (1901), Karen (1902) og Olava (1904)
Foto: Ingebrigt Lunde. Avdeling for spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen
Samson Sande (født 1866) var lærar i Hyen i Gloppen kommune. Han var gift med Ane Bertelsdatter Mjellem (født 1876). Samson arbeidde som lærar i Hyen frå 1895-1936. I 1914 kjøpte han seg ein gard på Fitje i Gloppen og familien budde der medan han heldt fram som lærar i Gjengedal krins.   Les mer …

Gloppen sogelag i Gloppen kommune vart skipa 29. april 1998. Laget gjev ut årsskriftet Ljøren og har «til føremål å fremme interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verdi for historia til kommunen, og som kan fortelje om levevilkåra til folk gjennom tidene». Gloppen sogelag er medlem i Landslaget for lokalhistorie. I 2019 hadde sogelaget 350 medlemmer.   Les mer …

Foto av Ole Devik sammen med kona Martha i hagen til Bryn skoles overlærerbolig.
Foto: Ukjent, hentet fra Bryn skoles jubileumsbok (2000).
Ole Gabriel Johnsen Devik (født 27. februar 1856 i Gloppen i Nordfjord, død 5. april 1941) var skolemann og menighetsmann. Etter å ha virket som lærer i hjemfylket noen år, kom han til Østre Aker på 1890-tallet, hvor han ble livet ut. Han var mangeårig overlærer ved Bryn skole, var lærerorganisasjonsmann, og aktiv innen jordbruksopplæring. Han virket dessuten som kirkesanger (klokker) ved Østre Aker kirke i nesten 50 år.   Les mer …

Alfred Gjengedal (fødd i Gloppen 25. november 1904, død i Lom 1995) var teolog og skulemann. Det meste av yrkeskarrieren sin var han styrar/rektor ved Lom og Skjåk realskule i Lom.

Foreldra var Anders Jakobsen og Ane Gjengedal, som dreiv gard i Hyen sokn i Gloppen i Nordfjord.

Alfred Gjengedal gifta seg i 1938 med Martha Elisabeth Rønnekleiv (1904-1984), dotter på ein annan gard i same bygda. Alfred og Martha fekk fem born: Audun (fødd 1939), Kristi Synnøve (fødd 1940), Arvid (fødd 1943), Anstein Birger (fødd 1944) og Sigrun Dorthea (fødd 1946).

Alfred Gjengedal gjekk på latinlinja ved Firda landsgymnas, og studerte deretter teologi i Oslo. Han tok embetseksamen i 1936, og vart ordinert til prest. Han var ei tid hjelpeprest i Gransherad. I 1939 fekk han stilling som styrar for Skjåk private millomskule, og budde da eit års tid på Nedre Hjeltar i Skjåk. Skulen vart året etter flytta til Lom, og Gjengedal-familien følgde med dit.

Etter at realskulen var nedlagd i 1968, var Gjengedal eit års tid lektor ved eit gymnas i Bergen (1968-1969). Deretter arbeidde han i ungdomsskulen i Skjåk til han gjekk av med pensjon (1974).

  Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordfjord
 
Andre artiklar