Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 23:05 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anna Steineger
Foto: Meyer & Nicolaysen / Nasjonalbiblioteket
Anna Steineger (født Norman 28. september 1852 i Ølve, død 24. mai 1914) var lærerinne i middelskolen i Bergen, antageligvis Nicolaysens skole, og lokalpolitiker. Hun var datter av oberstløytnant Rudolph Grip Norman og Charlotte Lovise Norman, født Folkedal. Anna ble i 1876 gift med zoologen Leonhard Steineger (senere Stejneger), men ekteskapet ble oppløst i 1881. Hun står oppført som fraskilt i folketellingene for 1900 og 1910. Anna var aktiv i Bergens kvinnesaksforening. I 1901 ble hun valgt inn i kommunestyret i Bergen for partiet Venstre.   Les mer …

Amund Bentzen, bildet er utstilt i Singsås kyrkje.
Foto: Singsås menighetsråd/Støren kirkelige fellesråd.

Amund Nøkleby Bentzen (fødd 17. mai 1903, død 19. mai 1969) var ein teolog og gardbrukar frå Hakadal. Han var sokneprest i Kjerringøy og Haltdalen. Under andre verdskrigen var han lokal leiar innanfor motstandsrørsla.

Under andre verdskrigen var Amund Bentzen leiar for Heimefronten i øvre Gauldal. Han vart arrestert av tyskarane i februar 1945, og utsett for særs harde påkjenningar under fangenskapet. På grunn av dette fekk han seinare problem med helsa. Ved Haltdalen kyrkje er det reist ein minnestein over Bentzen for innsatsen han gjorde i krigsåra.   Les mer …

Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959. Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.   Les mer …

Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt omlag midt i feltet.
Foto: Magne Ove Kleppe
Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust. Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier».   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.   Les mer …

Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).

Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.

Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar