Forside:Hardanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Eidfjord • Kvam • Ullensvang • Ulvik
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Hardanger
Vøringsfossen i Eidfjord kommune, fotografert i 1999.
Foto: Stig Rune Pedersen

Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.

Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.

Folk frå Hardanger kalles hardinger, og målet deres kalles hardingemål (utt. haring).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8.august 1922 i Asker) var bilethoggar.Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 19. mars 1975: omtale av Torstein Dales bortgang.
Torstein Dale (født 8. mai 1907 i Dale i Bruvik, død 18. mars 1975) var lege og sanitetsoffiser. Han hadde en lang militær karriere, som ble avsluttet som generalmajor og sjef for Forsvarets sanitet. Han var fra 1966 til sin død president for Norges Røde Kors. Ved folketellingen for 1910 er Torstein Dale oppført sammen med foreldrene i Nydalen i Odda, som da lå i Ullensvang herred (utskilt som egen kommune i 1913). Faren er oppført som arbeider ved karbidfabrikken i Odda.   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …

Hardanger Fartøyvernsenter sin logo

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.

Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare.   Les mer …

Borghild Astrid Nilsen (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.

Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.

Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.»   Les mer …

Olaf Olafsen.
Foto: Hentet fra Sokneprest Olaf Olafsens forfatterskap (1947)
Olaf Olafsen (født på Dovre 3. september 1843, død 8. februar 1932 i Bergen) var prest, botaniker og lokalhistoriker. Han skrev en rekke populære bygdebøker om forskjellige lokalsamfunn i Hardanger, og stiftet Hardanger Historielag i 1908, der han var formann og senere æresmedlem. Han bidrog også med en rekke artikler til årskriftene til Romsdal sogelag, fra sin tid i Romsdal.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hardanger
 
Andre artiklar