Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.

Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.

Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer.   Les mer …

Berje Aarbø i Norske skulefolk 1952
Foto: Ukjent fotograf

Berje Aarbø (fødd 12. november 1890 i Fitjar kommune, død 23. august 1971) var lærar, bonde, motstandsmann og mangeårig ordførar i Fitjar.

Han var son av Jens T. Aarbø og Rannveig f. Hovland. Berje Aarbø tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1914.

Som nyutdanna vart han i 1914 tilsett ved framhaldsskulen i Eigersund landsokn, før han året etter byrja som lærar i heimbygda Fitjar. Samstundes tok han òg til som bonde.

Aarbø var formann i likningsnemnda, jordstyret og skulestyret i Fitjar. Han sat som varaordførar (1926-28) før han i 1929 vart ordførar i bygda. Han hadde ombodet heilt fram til 1951. Frå 1916 var han dessutan bankrevisor.   Les mer …

I tunet på Færavåg ligg stova frå 1599 til høgre på biletet, bygd saman med løa. Midt i rekkja ligg stabburet og til venstre ei stove samanbygd med eldhus og skytje.
Rekkjetunet i Færavåg har sidan 1980-talet vore drive som eit kunst- og kultursenter i Tysnes kommune i Sunnhordland. Ei lang rekkje av dei fremste kunstnarane i landet har hatt utstillingar eller konsertar i tunet, mellom dei komponisten Harald Sæverud som også feira nittiårsdagen sin på rekkjetunet. Rekkjetunet i Færevåg er eit godt døme på den vestlandske varianten av rekkjetun. Den eldste bygningen kan daterast tilbake til slutten av 1500-talet. På ei tømmerbjelke i det noverande kjøkenet i bustadhuset er det rissa inn "ANNO DAAMINY 1599". Det noverande bruket kan førast tilbake til 1643, då Færavåg vart delt i to like store bruk.   Les mer …

Hjulgogna i den gamle stampa på Hovdanes i Tysnes. I fleire hundre år vart det importert vadmål frå Shetland. Vadmålet vart kalla hjeltavadmål.
Skottehandelen er eit omgrep som gjerne vert brukt om handelen mellom Skottland og øyriket i vest - ikkje minst Shetland - og Sunnhordland. Dei skotske skipa kom til Sunnhordland etter tømmer og anna trelast, og produkt laga av trevyrke. På norsk side vart det importert ei lang rekkje varer, frå korn og tøyvarer til tobakk og brennevin. Handelen pågjekk i fleire hundre år, frå ca. 1450-1750, men heldt også fram etter dette til utpå 1800-talet. Handelen var mest intens i perioden 1550-1650. Sjølve kjernen i handelen på skotsk side var eksport av korn, brød, tøyer, fisk, brennevin og tobakk, i bytte mot særleg tømmer og andre produkt av tre, som seksæringer. Handelen var dominert av nokre få aktørar, som Mowat-familien på Tysnes som tente svært gode pengar på vareutvekslinga.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar